Aktuelt

Ukategorisert

Kjenner du ein god formidlar?

Kulturminnefondet lyser ut formidlingsstipendet for 2021 og treng stipendkandidatar.

Hans Olav Brenner mottar Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend 2020 fra styreleder Tine Sundtoft og direktør Simen Bjørgen. Skjermdump fra Kulturminneprat på Facebook

Formidlingsstipendet er på 50.000 kroner, og vedtak om tildeling vert gjort av styret i Kulturminnefondet etter nominasjonar til stipendkandidatar frå publikum.

Nominer din kandidat her. Frist for innsending er 14. mars 2021.

Formålet med stipendet er å bidra til å auka merksemda på kulturminnevern i Noreg. Stipendet skal nyttast til reiser og foredragsverksemd for å formidla erfaringar frå innsats i praktisk kulturminnevern over mange år. Den som mottek stipendet må kunne begeistra ulike målgrupper og syne korleis det er mogleg å redda kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut.

Stipendet vart i 2018 tildelt båtbyggjar Berit Osmundsen, for den store innsatsen som ho gjer for å setja søkeljoset på trebåtar generelt og Oselvar-båten spesielt. Ho arrangerer blant anna ei sløydgruppe for barn, der dei får oppleva eit verkstedmiljø som ikkje masseproduserer. I 2019 gjekk stipendet til Edel Aas og Terje Marstein som har, med iver og entusiasme, teke vare på ein heilt unik kulturarv i Gudbrandsdalen. I 2020 mottok Hans Olav Brenner stipendet. Han blei nominert for si historiske interesse for presteboligen og heile eigedomen “Præstgar’n”.

Disse har fått formidlingsstipendet før

2014: Elsa «Sprossa» Rønnevig, for å vere ein aktiv forkjempar for kultur- og bygningsvern både lokalt og nasjonalt.

2015: Erik Alfred Tesaker ved Handverksfabrikken i Gyland, også kjend som «Oppfinneren» fra NRK. Han fekk stipendet for den kreative utviklings av handverksfabrikken, og innsatsen for å setja handverkstradisjonar på dagsorden.

2016: Marita Bett Aakre ved Bakketunet på Bjørke. Ho fekk stipendet for å la eit freda gardstun bli opna opp for publikum og flinke handverkarar frå ulike yrke, som gjev nye målgrupper auka forståing for
kulturarvens verdi.

2017: Bror Ivar Salomonsen ved RiddoDuottar-museet, for den store innsatsen som han gjer for å bringe kunnskap om verna og freda bygningar, samt tradisjonshandverk til Finnmark.

2018: Båtbyggjar Berit Osmundsen ved Oselvarverkstaden, for den store innsatsen som ho gjer for å setja søkeljoset på trebåtar generelt og Oselvar-båten spesielt.

2019: Edel Aas og Terje Marstein, som har teke vare på ein heilt unik kulturarv i Gudbrandsdalen ved å setja i stand den gamle garden Gardsøi i Vågå

2020: Hans Olav Brenner for sin innsats for å bevare og opne prestegarden i Snertingdal for publikum.