Edel Aas og Terje Marstein i Vågå er tildelt Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend for 2019.
Dei har, med iver og entusiasme, teke vare på ein heilt unik kulturarv i Gudbrandsdalen.
Norsk kulturminnefonds formidlingsstipend for 2019 er tildelt Edel Aas og Terje Marstein. Grunngjevinga er den store innsatsen som dei gjer med å setja i stand den gamle garden Gardsøi i Vågå. I tillegg er dei sentrale i Fortidsminneforeningen i Norddalen og drivande krefter i restaureringsarbeidet på det industrielle kulturminnet Sagflaten. Paret formidlar og vernar kulturarv som treskurd, gamle omnar, reiskap og teknikkar. Dei er også ressurspersonar og dyktige formidlarar i lokalsamfunnet.
Stipendet på 50.000 kroner kan nyttast til reiser og foredragsverksemd for å formidla erfaringar frå aktiv innsats i praktisk kulturminnevern over mange år.
Dette er, rett og slett, unike nasjonale førebilete, sa Kulturminnefondets nestleiar Jon Birger Østby, når han overleverte prisen på 50.000 kroner til paret i Vågå.
Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend har som formål å bidra til å skapa gode haldningar i høve bygningsvern i Noreg samt å begeistra ulike målgrupper og syne korleis det er mogleg å redda kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut.
Tidlegare stipendmottakarar av Kulturminnefondets formidlingsstipend er Else «Sprossa» Rønnevig, forfattar og bygningsvernar, Erik Alfred Tesaker, fabrikkdirektør ved Handverksfabrikken, også kjent fra NRKs serie «Oppfinneren», Marita Bett Aakre ved Bakketunet på Bjørke og Bror Ivar Salamonsen, tømrer ved RiddoDuottarmuseat i Karasjok og Berit Osmundsen, båtbygjar hjå Oselvarbåten.