Kulturminnefondet er ei statleg tilskotsordning og eit lågterskeltilbod for private eigarar av verneverdige kulturminne. Også frivillige lag og organisasjonar, anten dei eig kulturminna sjølve eller forvaltar dei på vegner av andre, kan søkje.
Kulturminnefondet gjev økonomisk støtte til bevaring av verneverdige kulturminne som bygningar, bustader, båtar, hageanlegg og kulturlandskap. Kulturminnefondet har ingen søknadsfrist. Søk om støtte her »
Visjonen vår er vern gjennom aktiv bruk. Sjå vår strategiplan her »
Kulturminnefondet blei oppretta som eit statleg fond av Stortinget i 2002 og er direkte underlagt Klima- og miljødepartementet. Hovudføremålet er å løyve pengar til tiltak som skal sørgje for at kulturminne i Noreg blir sette i stand og tekne vare på. Midlane til Kulturminnefondet var fram til utgangen av 2012 renteavkastninga frå eit statleg oppretta grunnfond. Frå og med 2013 endra dette seg, slik at fondet får midlane sine over ein eigen post i statsbudsjettet. Sjølv om Kulturminnefondet ikkje lenger er ei fondsverksemd, har verksemda framleis same namn. Midlane som Kulturminnefondet får, skal både brukast til tilskot og til drift av Kulturminnefondet.
Kulturminnefondet får kvart år ein instruks frå Klima- og Miljødepartementet gjennom eit tildelingsbrev der instruksen er lagd ved.