Fartøy og båtar
Du kan søkje om tilskot til fartøy som har status som verna skip, og til fartøy og opne båtar som ikkje har vernestatus. Kulturminnefondet støttar normalt ikkje freda fartøy.
Hugs dette når du søkjer om tilskot til fartøy og båtar:
Generelle opplysningar
Gje prosjektet eit kort og opplysande namn. Søknaden må innehalde informasjon om søkjaren og eigaren med adresser og andre personopplysningar. Du må leggje inn kvar kulturminnet ligg.
Prosjektet
Skildre opphavleg og ny bruk. Skildre tilstanden og kva konkrete tiltak du planlegg. Legg inn datoar for realistisk framdriftsplan. Her kan du laste opp bilete og andre vedlegg.
Budsjett
Budsjettet skal vise utrekna kostnader for tiltaket du søkjer støtte til. Du finn hjelpetekstar for kvar post i budsjettet. Her fører du også beløpet du søkjer om.
Vedlegg
Legg ved relevant dokumentasjon om fartøyet eller båten.
Samandrag
Legg inn oppstartsår for prosjektet. Du kan søkje for i år eller neste år. Dersom vedlegg og opplysningar manglar, kan du gå tilbake i skjemaet for redigering og leggje inn fleire vedlegg. Her sender du inn søknaden.
Digital synfaring
Kontakt saksbehandlaren for fartøy for å avtale ei digital synfaring. Denne synfaringa kan gjennomførast via Teams, Facetime eller via telefon, e-post + telefon, eller om det er dårleg dekning kan du avtale å sende ein førehandsinnspela video.
Nokre av førespurnadene vi får, dreier seg om det same. Her har vi samla eit knippe av dei vanlegaste spørsmåla, i håp om å kunne lette søknadsskrivinga for mange. Finn du ikkje ut av det her, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med oss.
Kva er viktig å hugse på i ein søknad?
- Skildre tilstanden på objektet og tiltaka som skal gjerast, og grunngje kvifor tiltaka er nødvendige. Hugs også vedlegg som må dokumentere tilstanden.
- Lag eit oversiktleg budsjett med finansieringsplan. Legg ved eventuelle nødvendige godkjenningar for gjennomføring av prosjektet, og dokumentasjon for andre tilskot.
- Legg ved relevant dokumentasjon om objektet og kulturmiljøet.
- Skildre dagens bruk og framtidig bruk.
Bør eg sende med bilete?
Ja, send med relevante bilete av objektet og skaden eller skadane, både oversiktsbilete og av detaljar.
Kor mykje kan eg søkje om?
Det er inga øvre eller nedre grense for søknadsbeløp, men den private delen av totalkostnaden må vere minimum 30 prosent. I den private delen inngår dugnad, eigne materiale og maskiner, eigne midlar, private tilskot eller gåver.
Korleis reknar de dugnad inn i prosjektet?
Dugnad er saman med eigne materiale og maskiner ein del av den private medfinansieringa av prosjektet. Dugnad er eige eller andre sitt arbeid på fritida, og er fastsett til 350,– kroner per time. Dette blir ikkje betalt ut, men blir rekna som både inntekt og utgift i prosjektet.
Må eg ha stadfesting på eigenfinansiering?
Privat finansiering i form av private tilskot, lån og eigenkapital bør stadfestast.
Må alle eigarar gje fullmakt til søknaden?
Ja, i dei tilfella der det er fleire eigarar, må søknaden vere godkjend av alle, anten med signert fullmakt eller ved at søknaden er signert alle eigarane.
Kan eg sende inn søknaden og kome tilbake til kostnadsoverslaget seinare?
Det er viktig at så mykje som mogleg av informasjonen ligg ved søknaden, og søknaden må vere komplett, men tilleggsinformasjon kan ettersendast.
Kan eg få tilskot frå fleire?
Det er positivt at det blir gjeve tilskot frå fleire partar, og dette er ikkje noko hinder for å få støtte frå Kulturminnefondet.
Kva format kan eg bruke til vedlegg på elektronisk søknad?
Dei føretrekte formata er .jpg og .pdf, men det går også an å levere Word og Excel.
Lenkjer til nettsider, Dropbox-filer og Facebook-sider bør du unngå. Dersom du er usikker, kan du ta kontakt med oss på telefon eller e-post.
Tilskotsordningane eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne. Også frivillige lag og organisasjonar, anten dei eig kulturminna sjølve eller forvaltar dei på vegner av andre, kan søkje. Kulturminnefondet behandlar søknader kontinuerleg. Det vil seie at du når som helst kan sende inn ein søknad om støtte til tiltak på ditt kulturminne. Prosjekt som er sluttførte, blir normalt ikkje støtta av Kulturminnefondet. Kulturminnefondet krev rett til å offentleggjere bilete og informasjon om prosjektet i samband med omtale av tilsegner om tildeling og til å bruke bileta i kommunikasjonskanalane og presseomtalen til Kulturminnefondet. Eventuell ytterlegare omtale vil bli avtalt direkte med eigaren.