Sikringstiltak

Sikringstiltak er meint som ei fyrstehjelp og kan være akutte, midlertidige tiltak du må gjera for å hindre ytterlegare forfall av kulturminnet. Denne ordninga gjeld difor tiltak som skal gjennomførast raskt. 

Sikringstiltak kan være eit godt grep for rask sikring av kulturminnet i tilfelle der du trenger meir tid før du kan gå i gang med eit større prosjekt.

Tilskot til større, meir permanente tiltak for bevaring av kulturminne og kulturmiljø søkjer du gjennom ordningane for faste kulturminne, fartøy og rullande og bevegelege kulturminne.

Døme på sikringstiltak: 

Midlertidig tetting av taklekkasje med presenning. Oppstøtting/ avstiving av vegg som er i ferd med å kollapse eller sette opp plater for å tette manglande vindauge. Eller liknande sikringstiltak.

Har du spørsmål om tilskot til sikringstiltak finn du kontaktinformasjon til våre sakshandsamarar her.

Tilskotsordninga er eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne. Også frivillige lag og organisasjonar, anten dei eig kulturminna sjølve eller forvaltar dei på vegner av andre, kan søkje. Kulturminnefondet behandlar søknader kontinuerleg. Det vil seie at du når som helst kan sende inn ein søknad om støtte til tiltak på ditt kulturminne. Prosjekt som er sluttførte, blir normalt ikkje støtta av Kulturminnefondet. Kulturminnefondet krev rett til å offentleggjere bilete og informasjon om prosjektet i samband med omtale av tilsegner om tildeling og til å bruke bileta i kommunikasjonskanalane og presseomtalen til Kulturminnefondet. Eventuell ytterlegare omtale vil bli avtalt direkte med eigaren.