Ukategorisert

Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend gikk til Berit Osmundsen

Berit Osmundsen har, med sin iver og entusiasme, blåst nytt liv i båtbyggjartradisjonen i Os i Hordaland. Nå fikk ho formidlingsstipendstipend frå Kulturminnefondet.

Grunngjevinga er den store innsatsen som ho gjer for å setja søkeljoset på trebåtar generelt og Oselvar-båten spesielt, seier Per Kyrre Reymert, styremedlem i Kulturminnefondet

Stipendet på 50.000 kroner kan nyttast til reiser og foredragsverksemd for å formidla erfaringar frå aktiv innsats i praktisk kulturminnevern over mange år.

Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend har som formål å bidra til å skapa gode haldningar i høve bygningsvern i Noreg samt å begeistra ulike målgrupper og syne korleis det er mogleg å redda kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut.

Stipendmottaker Berit Osmundsen og styremedlem Per Kyrre Reymertsen

Berit Osmundsen er til daglig båtbyggjar og fagleg ansvarleg ved Oselvarvekstaden i Os, sør for Bergen.

Det er blant fleire Margunn Lyhammer som har nominert Osmundsen, og i nominasjonen står det:

– Berit er levande oppteken og entusiastisk for alle deler av faget sitt. Ho har med stor entusiasme dei siste åra gjort sitt for å blåse nytt liv i engasjement rundt trebåtar generelt, og Oselvar-båten spesielt. Hennar evne til å formidla, og entusiasmen omkring faget har smitta over på mange i og rundt Os. Oselvaren er kåra til Noregs nasjonalbåt, og Berit formidlar med stor iver både historia og dagens bruk av båten, og er ein stolt del av båtbyggjartradisjonen ved Oselvo.

Tidlegere stipendmottakarar av Kulturminnefondets formidlingsstipend er Else «Sprossa» Rønnevig, forfattar og bygningsvernar, Erik Alfred Tesaker, fabrikkdirektør ved Handverksfabrikken, også kjent fra NRKs serie «Oppfinneren», Marita Bett Aakre ved Bakketunet på Bjørke og Bror Ivar Salamonsen, tømrer ved RiddoDuottarmuseat i Karasjok.

 

 

 

1 Comments

Comments are closed.