Ukategorisert

Vil du foreslå ein god formidlar?

Kulturminnefondet lyser ut Formidlingsstipendet 2022, og du kan nominere kandidatar. 

Formidlingsstipendet er på 50 000 kroner, og det er styret i Kulturminnefondet som er jury.  

 

Nominér din kandidat her.

Frist for innsending er fredag 4. mars 2021, og det er ikkje mogleg å nominere seg sjølv. 

 

 

Føremålet med stipendet er å auke merksemda og skape begeistring rundt formidling av kulturarv, kulturmiljø og kulturminne. Den nominerte bør ha god kunnskap om tradisjonane frå fortida, handverk og historieforteljing, og samtidig kunne formidle fortida inn i framtida. 

Mottakaren skal kunne oppmuntre og begeistre ulike målgrupper og publikum slik at nye tilhengjarar av kulturminnevern kjem til.  

 

 

Vinnaren kan bruke stipendet på reiser og føredragsverksemd og får sjølvsagt høve til å bruke heideren i vidare formidling.  

Har du spørsmål om stipendet, kan du kontakt med oss på telefon 73 10 36 00 eller e-post post@kulturminnefondet.no. 

Stipendvinnar Marita Bett Aakre og direktør Simen Bjørgen. (Foto: Kulturminnefondet)
Marita Bett Aakre ved Bakketunet på Bjørke vart tildelt Kulturminnefondets formidlingsstipend for 2016.
Det nasjonale formidlingsstipendet gikk til Våga-paret Edel Aas og Terje Marstein. Her avbildet med Kulturminnefondets nestleder Jon Birger Østby
Edel Aas og Terje Marstein fikk stipendet i 2019. Her avbildet med Kulturminnefondets tidligere nestleder Jon Birger Østby

Tidlegare vinnarar av Kulturminnefondets formidlingsstipend:

2021: Lill-Karin Elvestad for inspirerande historieformidling og engasjementet for å setje i stand våningshuset på Elvestad gard i Balsfjord i Troms og Finnmark.

2020: Hans Olav Brenner for innsatsen for å bevare og opne prestegarden i Snertingdal for publikum. 

2019: Edel Aas og Terje Marstein, som har teke vare på ein heilt unik kulturarv i Gudbrandsdalen ved å setje i stand den gamle garden Gardsøi i Vågå. 

2018: Båtbyggjar Berit Osmundsen ved Oselvarverkstaden, for den store innsatsen ho gjer for å setje søkjelys på trebåtar generelt og oselvaren spesielt. 

2017: Bror Ivar Salomonsen ved RiddoDuottar-museet, for den store innsatsen han gjer for å bringe kunnskap om verna og freda bygningar og tradisjonshandverk til Finnmark. 

2016: Marita Bett Aakre ved Bakketunet på Bjørke. Ho fekk stipendet for å la eit freda gardstun bli opna opp for publikum og flinke handverkarar frå ulike yrke, som gjev nye målgrupper auka forståing for verdien av kulturarven. 

2015: Erik Alfred Tesaker ved Handverksfabrikken i Gyland, også kjend som «Oppfinneren» på NRK. Han fekk stipendet for den kreative utviklinga av handverksfabrikken og innsatsen for å setje handverkstradisjonar på dagsordenen. 

2014: Elsa «Sprossa» Rønnevig, for å vere ein aktiv forkjempar for kultur- og bygningsvern både lokalt og nasjonalt.