Ukategorisert

Den tidlegare kongsgården Steig skal tilbakeførast til fordums prakt

Karen Elise Steig er 29 år og overtok garden Steig saman med sambuaren August Evensen i 2021. Dei er godt i gang med å setje i stand heile garden, og no er neste steg å gjere den nesten 200 år gamle føderådsbygningen bebueleg. Prosjektet støttes av Kulturminnefondet. 

Styreleiar Hanne Kristin Jakhelln var til stades for å overrekke det synlege beviset for støtta som er på 600 000 kroner.

Overrekkelse: Familien på Steig i Føderådsbygninga. Her med Tore Rødbergshagen fra Innlandet fylkeskommune, styreleiar Hanne Jakhelln og Riksantikvar Hanna Geiran.

– Eit langsiktig mål

Steig ligger høgt og fritt oppe på et berg over Hundorp i Sør-Fron kommune i Innlandet fylke. 

– Garden er blant dei største og mest interessante gardane i Gudbrandsdalen, men slit med eit enormt etterslep på vedlikehald, seier Karen Elise til Kulturminnefondet. 

Med midlar frå Kulturminnefondet vart blant anna taket på langlåven restaurert i 2022.  

Karen Elise og August Johan har fleire verneverdige hus å ta vare på, og seier at det er eit langsiktig mål å få restaurert og ta vare på mest mogleg av bygningsmassa. No er det føderådsbygninga si tur.

Dagens tilstand er kritisk, og det har vore fleire taklekkasjar som har gjort store skadar på dei viktige takmaleria. 

– Bygget har stått tomt og urørt i snart 50 år, og treng sårt denne restaureringa for å kunne bevarast. 

Mykje å ta vare på: Steig Gard har mange verneverdige hus. Foto: A.J. Evensen

Styreleiar i Kulturminnefondet, Hanne Kristin Jakhelln

Gardsmiljøet på Steig er eit kulturminne med nasjonal verdi og er regionalt svært viktig å ta vare på, seier styreleiar i Kulturminnefondet, Hanne Jakhelln. 

Dronning Sonja på besøk

Taket på føderådsbygningen består av skiferstein frå pillarguribruddet på Sel. Bygget er dekorert innvendig med unike takmåleri i fleire rom. Takmåleria er kategoriserte som nasjonalt verneverdige av riksantikvaren. 

Dronning Sonja besøkte Steig i jubileumsåret 2021 for å møte dei nye eigarane på garden.  

–Ho fikk omvisning i føderådsbygninga. Og ho syntes dekoreringa i byggjet hadde store fellestrekk til takdekoren på slottet, seier Karen Elise.

Eit stykke norsk rikshistorie

Garden har ei imponerande kulturhistorie som ein av dei største i Gudbrandsdalen, med røter inn i vår kongehistorie.

Steig er nemleg den einaste garden i Gudbrandsdalen som har fostra ei dronning –Ingebjørg Guttormsdatter – som vart gift med Kong Øystein Magnussen rundt år 1110. Ingebjørg vart fødd på Steig-garden, og ein viktig del av norsk rikshistorie høyrer heime her.  

Vi held stadig føredrag om gardens historie. Og vi ynsker å setje i stand dette bygget slik at vi kan invitere menneske heim til oss for å lære bort meir av den rike historien Steig byr på.

Istandsettinga vil også vere ein læringsarena for bachelorstudenter på bygningsvernlinja, med kurs i skiferleggjing og steinklipping.

– Det hadde vi også med den forrige støtta frå Kulturminnefondet og Fortidsminneforeningen, og det vart svært vellukka. Vi ynskjer også å dele prosjektet på sosiale medium, seier Karen Elise og August Johan. 

 

Dette skal 600 000 fra Kulturminnefondet gå til:

Støtte gis til istandsetting av tak, jekke opp bygningen, mure opp gråsteinsmur, pigge ut betonggulv rundt pipe og inne i kjeller. Det skal også fundamenteres på nytt under pipa, skifte bunnstokker for så å legge på nytt skifertak til slutt.