Steig gard

Sted

Sør-Fron

Båt

Båt og fartøy

Steig gard i Sør-Fron

Steig gard har ei imponerande kulturhistorie som ein av dei største gardane i Gudbrandsdalen med røter inn i vår kongehistorie. Det er einaste garden i Gudbrandsdalen som har fostra ei dronning – Ingebjørg Guttormsdatter – som vart gift med Kong Øystein Magnussen i ca. 1110. Ho vart fødd på Steig gard der ein viktig del av norsk rikshistorie høyrer heime. Ikkje utan grunn at dronning Sonja tok turen til Steig i jubileumsåret 2021 for å møte dei nye eigarane på Steig. I dag er det Karen Elise Steig (28) som eig garden i lag med sambuaren og skogingeniøren August Evensen (33) frå Gjerpen ved Skien. Saman har dei dottera Ingebjørg på snart to år som er oppattkalla etter dronning  Guttormsdatter. På garden bur framleis foreldra til Karen Elise og onkelen til August som driv med hest. 
Tekst og foto: Kjell Nyhus

Steig gard eit maktsenter 

Det er Tord Istermage som bur på Steig i 1021. Han blir omtala av Snorre som ein slags norrøn prest. Saman med Dale-Gudbrand på Hundorp, like nedanfor Steig gard, er dei dei to mektigaste mennene i Gudbrandsdalen. Tord er ein forsiktig mann og ønskjer at bøndene skal bli samde med Olav den heilage i møte om kristninga av dølane på Hundorp. Etter at gudebiletet av Tor vart knust på Hundorp, og gudbrandsdølane tok ved kristendomen, vart maktsenteret flytta opp til Steig gard. Tre år seinare giftar Tord Istermage seg med tanta til Olav den heilage, Isrid Gudbrandsdatter, som var syster til mor til Olav den heilage.   

Steig vart truleg kongsgard gjennom arv eller gåve rundt 1177, og etter det var Steig kongsgard i mange hundre år. I 1177 budde Kong Sverre Sigurdsson og birkebeinarane på Steig i 14 dagar. På 1500 – 1600-talet var det kongelege futar på Steig, og garden var ein tingstad både for sivile og kriminelle saker i tillegg til forhandlingar om skatte. I 1743 vart garden auksjonert bort, og da kom dagens slekt inn som eigarar. 

Karen Elise og August Johan gler seg til at dette blir inngangen til bustaden deira.

Stolpekyrkje på Steig 

Det er funne restar av ei stolpekyrkje på Steig. Trebitar frå kyrkja er datert til 900 – 1100 e.Kr., og stavkyrkjeforskar Jørgen Jensenius hjå Riksantikvaren har funne steinfundamenta til stolpane i området aust for kårstugu. Det har ikkje vore gjennomført arkeologisk utgraving i området. Det er på denne tida også Torgeir Garmo den gamle  i Lom, som eit resultat av Olav den heilage si kristningsferd gjennom Otta- og Gudbrandsdalen, får bygt  Garmoskyrkja som i dag står på Maihaugen. Kyrkja på Steig gard  vart restaurert av Håken IV Håkonsen ca, 1250, og kyrkja er nemnt i 1358 av Kong Håkon VI Magnussen i 1358. Eigarane av Steig gard har  teke godt vare på dørklinka frå det som truleg var inngangsdøra til kyrkja som brann ned i 1599. 

Foto: A.J. Evensen

Langlåven størst i Gudbrandsdalen 

Det er restaureringa av skifertaket på langlåven på Steig som er utgangspunktet for denne artikkelen. Det var Johannes Reidar Steig som i 2020 fekk tilsagn frå Kulturminnefondet på inntil kr. 317.000 for å reparere og legge om delar av skifertaket på låven. Den 1.januar 2021 overtok dottera Karen Elise Steig garden som ho i dag driv i lag med sambuar Augst Johan Evensen. Dei har stått for reparasjonen av skifertaket på langlåven. Dette skal vera den største tømmerlåven i Gudbrandsdalen – 62,5 meter lang og 11 meter brei. Det er rekna ut at det i den største delen av låven ligg 9520 meter med laftetømmer. I tillegg kjem stallen som også er lafta i retning mot fjoset. Den eine delen mot nord er bygd i 1753, og omkring 1850 vart låven utvida sørover. Fram til 2014 vart låven brukt som driftsbygning for sau, noko som måtte avsluttast på grunn av lekkasje i taket. Taklekkasjane har med åra vorte større, og ein del av skiferhellene måtte skiftast ut.. Kulturminnefondet såg at låven har byggteknisk interessante trekk, og at den er ein viktig del av eit spennande kulturmiljø med ei svært rik historie. I fyrste omgang skulle den tredjedelen med størst skade reparerast, ei takflate på om lag 250 kvadratmeter. Ny skifer vart henta frå Prillar-Guri-brotet på Otta, der den originale steinen også var henta i si tid, og det vart arrangert kurs i skiferklipping over seks dagar. Elevar frå Hjerleid Håndverksskole på Dovre og Vinstra vidaregåande skule i lag med lokale folk tok del i kurset der nokre eldre karar som kunne handverket var instruktørar. Det var Terje Hoff AS som var entreprenør og Sverre Lien var kurshaldar. Det er eit møysommeleg og tungt arbeid å klippe steinen før den får den endelege runde fine forma og veg om lag fem kilo. Det vart teke lydprøver av kvar skiferhelle. Ein etterklang som frå ei kyrkjeklokke stadfesta at steinen var heil når ein banka på den, og klar for å bli lagt på taket. I tillegg til Kulturminnefondet stod Norsk kulturarv, Fortidsminneforeninga, fylkeskommunen og Sør-Fron kommune gjennom SMIL-midlar bak finansieringa av nytt skifertak. Johannes hadde planar om å starte opp att med sauehald etter reparasjonen av taket, og det nye eigarparet følgjer opp dei planane med saufjos under fyrstehøgda der stallen også er sett i stand for utleige.

August Johan er ivrig jeger og traff blinken da han møtte Karen Elise.

Jakta på eit grepa kvinnfolk 

Det er August Johan som tek imot på Steig gard, og med eit godt smil stadfestar han korleis han vart sambuar med gardjenta Karen Elise på Steig: 

–  Eg hadde fått arbeid som skogingeniør i Gudbrandsdal Energi Nett, nå Vevig AS,  på Vinstra, og spurde litt på spøk sjefen min om han visste om ledige grepa kvinnfolk i Gudbrandsdadalen. Nokre dagar seinare kom han med ei liste men namn til meg, og på toppen der stod Karen Elise Steig. Eg manna meg opp og inviterte ho på beverjakt i Østerdalen, og tru det eller ei – ho takka ja, ler August Johan, før han inviterer ned i fjoset der eit omfattande renoveringsarbeid er på gang. 

Seinare på dagen kjem Karen Elise og dottera Ingebjørg heim frå barnehagen og arbeid som assistent på Midtbygda skule. Ved kjøkkenbordet over ein kopp kaffe stadfestar Karen Elise historia med beverjakta og møtet med August Johan, og at dei fort var gode sambuarar og foreldrepar.    

– Eg er så imponert over kor fort og godt August Johan har sett seg inn i den omfattande historia til garden vår. Og så hugsar har så godt årstal og namn gjennom den lange gardshistoria her. Han er ein sjarmerande, snill og flink person, og så betyr det så mykje for meg at han er sterkt interessert og engasjert i renoveringsarbeidet som ligg framfor oss i mange år, fortel Karen Elise og ser varmt bort på sambuaren sin. Det var fyrst i tjueårsalderen at eg tok til å interessere meg for garden og den spennande historia her. Da ein eldre bror takka nei var eg klar til å ta over.  

Ny generasjon med omfattande planar 

Nå satsar Karen Elise og August på eit moderne fjos med mjølkerobot med plass til 30 dyr i det gamle steinfjoset der ni generasjonar før dei har drivi med mjølkeproduksjon. Låven vart tent på i 1920 og da brann treverket over steinfjoset opp. Steinveggane vart ståande att med møkkakjellaren under. Det er her dei ser for seg moderne drift med mjølkeproduksjon. Med ny innreiing tilpassa moderne drift lyder kostnadsoverslaget på 7 millionar kroner. Fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Sør-Fron kommune gjennom SMIL-midlar støttar oppbygginga økonomisk. August Johan tykkjer det er dumt at ein ikkje kan få ekstra tilskot på grunn av meirarbeid og meirkostnad for å tilpasse det nye inn i det gamle. Å bygge heilt nytt kunne kanskje vore billigare med færre utfordringar undervegs, fortel han inne i fjoset der renoveringa går for fullt.  

– Karen Elise og eg er samde om at fyrsteprioritet er å få næringsgrunnlaget på garden opp og gå før vi går vidare med renoveringa av bustadhusa. Vi leiger fjos nå for 23 mjølkekyr og i det nye fjoset her på Steig legg vi opp til 30 mjølkekyr med mjølkerobot. I tillegg ser vi for oss 50 vinterfora sauer i låven. Langlåven hadde opprinneleg eit vinkelpåbygg, og med ei oppattbygging her kunne vi lett sjå for oss eit ammefjos i tillegg. Nå er det både hestar og griser inne i låvebygget, og garden har store beiteareal.   

Karen Elise fortel at dei har mange verneverdige hus å ta vare på, og at det er eit langsiktig mål å kunne får restaurert og ta vare på mest mogleg av bygningsmassen. Ho har eit langt perspektiv på dette omfattande arbeidet som skal gjera det lettare for neste generasjon drivar å ta over Steig gard. Dei har to setrer og ei fiskebu med garnrett ved Atnasjøen. Foreldra til Karen Elise bur i drengestova, og ho, August Johan og Ingebjørg bur sjølve i  hovudhuset. Ønskjemålet på lengre sikt er å fløtja inn i føderådshuset frå 1840 sjølv om dei ikkje blir kårfolk før om 25 år. Det var Ole Steig som vart gift med Mari Olsdatter Håkenstad frå Vågå som bygde føderådsbygget i 1840. Inne i stugu i hovudhuset står det ei stor fin kiste etter eit anna giftarmål mellom storgardane i Gudbrandsdalen. Det er kista som Guri Nilsdatter Graffer hadde med seg frå Lom da ho gifta seg med Ole Johannsen Steig i 1760. 

12 husmannsplassar og 100 personar på garden 

August Johan er over snittet historieinteressert, og han imponerer med kunnskapen sin om Steig gard etter så kort tid som gardmann på Steig. Han har også teke på seg leiarvervet i den lokale Fortidsminneforeninga. 

– Ved folketeljinga i 1865 høyrde det heime rundt 100 personar på garden.  Det var 12 husmannsplassar, og Steig var ein av dei største i Gudbrandsdalen med 751 da innmarksbeite og 12500 mål fjell og skog. Eg tykkjer det er interessant ved sida av all kongeleg historikk knytt til garden at det i 1860 kom ein mann frå Sveits, Conrad Schärer,  til Steig for å lære bøndene i Gudbrandsdalen moderne fjosstell, fortel August Johan. Pilegrimsvegen gjekk i si tid gjennom garden også. Nå følgjer den langs E-6 ved Lågen nede i dalbotn. 

Karen Elise og August Johan er samde om å opne garden og formidle historikken. Dei har mellom anna kjøpt tilbake ein husmannsplass like opp for garden som dei planlegg å leige ut. Den heitte opphaveleg Knipen, men har i nyare tid fått namnet Bergseth. I føderådshuset, som dei etter kvart også skal restaurere, har målaren Even Sulenshaugen gjort nokre flotte takdekorasjonar som har halde seg svært godt. Dette blir etter kvart ein makelaus og staseleg bustad for den nye generasjonen på Steig gard. Ikkje tvil om at Steig gard har regional og nasjonal verneverdi.   

August Johan har glidd fort inn i både historikk og praktisk arbeid på Steig gard.