Ukategorisert

Våningshuset i Åbakken får 150 000 Kulturminnekroner – Kulturmiljøet er viktig å bevare

Søkjer Marius Haugaløkken og Anne Katrin Taagvold kjøpte huset på garden
Åbakken i Vågå rett etter nyttår, og fortel at dei har eit ynskje om å busette seg i
Våningshuset når det er
ferdig istandsetje. Familien på fem sikrar dermed
at histori
a til våningshuset får leva vidare. Til det har styret i Kulturminnefondet
gjeve tilsagn om tilskot på 150 00 kroner til
restaurering av tak og utbetring av grunnmur. 

Åbakken er ein husmannsplass fra 1600-tallet med lang brukshistorie

Har stått tomt
Åbakken er ein husmannsplass fra 1600-tallet med lang brukshistorie. Det er eit tun med fleire gamle hus, stabbur, aurbu, kårhus, tørrstuge og ei smibu. Stall og låve vest for tunet er truleg dei eldste bygningane og presten i Lom hadde fri bruk av stallen og lykkja nedanfor.

–Huset har stått tomt i mange år, og er prega av dårleg vedlikehald. I tillegg har det vorte bygd på eit moderne påbygg som ikkje passar inn, seier Marius. 

Ynskjer ein levande stad til bruk for allmennheita
Familien har fleire planar for Åbakken, og ynskjer at den skal vert nytta av fleire.

–I framtida skal Åbakken vere ein autentisk og levande stad, båe som bolig og gardsbruk, men også som ein plass kor folk kan leie overnatting og få opplevingar basert på Vågås rike historie, seier Marius. 

På tunet befinn det seg også ein godt bevart ulvegrav. Den vil også bli vist frem og formidla.  

Det er også fleire små bygninger på garden som skal renoveres og leies ut til besøkjande, opplys Marius. 

–Vi kjem til å opprette ein eigen instagramside for Åbakken, kor ein kan fylgje oss i åra framover, båe gjennom restaureringsarbeid og dagleg gardsliv, til formidling og inspirasjon for andre. 

Åbakken er eit tun frå 1600 talet med lang brukshistorie. Tunet består av fleire gamle hus, stabbur, aurbu, kårhus, tørrstuge og ei smibu

Tine Sundtoft, styreleder for Kulturminnefondet

 

 

 

 

 

–Det anses som positivt at eigarane har eit ynskje om å reversere dei moderne inngrepa og setje bygget tilbake til ein meir original stand. Det er også bra at eigarane vil ta garden i aktiv bruk og planlegg ein allment tilgjengelig opplevingsbasert drift i området, meiner styreleder i Kulturminnefondet, Tine Sundtoft.

 

Viktig kulturmiljø
Åbakken er eit eksempel på eit kulturmiljø som er viktig å bevare.

Tunet er samansett av fleire viktige og verneverdige hus og bygningsfunksjonar. Det samla kulturmiljøet vurderas som viktig, i fylgje kulturminneplana til Vågå Kommune. 

–Det anses som positivt at søkjar har eit ynskje om å reversere dei moderne inngrepa og setje bygget tilbake til ein meir original stand. Det er også bra at eigarane vil ta garden i aktiv bruk og planlegg ein allment tilgjengelig opplevingsbasert drift i området, meiner styreleder i Kulturminnefondet, Tine Sundtoft. 

tun, vågå, husmannsplass, grønt, gress, lafta

Dette skal tilskotet på 150 000 frå Kulturminnefondet gå til: 
Tilskotet går til restaurering av tak, og utbedring av grunnmur. 
 
Foto: Fra søknad til Kulturminnefondet