Ukategorisert

Stabburet på Torshov Gård får 100 000 kulturminnekroner

stabbur, gress, rød, bygning

Stabburet ligger flott til på Torshov gård i Løten, og er heile 216 år gamalt. Det er ein viktig del av gardstunet og søker ynskjer å ta vare på stabburet for å verne om plassen og tunets kulturmiljø. Stabburet trengs å setjast istand for at det fortsatt skal kunne brukast og bevarast for ettertida.

Alle bygningane brann ned

Stabburet er bygd i 1807 saman med resten av bygningane på garden etter ein brann i 1805, der alle bygningane brant ned. I 2019 vart våningshuset riven og nytt våningshus vart oppført i 2020 på den same tomta.  

Stabburet på Torshov gård framstår med sin storleik og aldersverdi som ein sentral del av eit større og heilskapeleg gardstun, som også inkluderer fleire andre eldre bygningar med fjøs/låve, våningshus, kårhus, reiskapshus og grishus.  


Stabburet på Torshov i Løten er 216 år gamalt. 

Ynskjer at stabburet skal framstå slik på 1800-talet

Stabburet treng omsorg, og søkjer ynskjer å gjennomføre ei istandsetjing som syt for at stabburet kan framstå slik det kan ha sett ut i tidlegare tider.  

Kulturminnefondet har gleden av å bidra med inntil kr 100 000 til delar av prosjektet. 

–Det er positivt at søker ynskjer å setja bygget i stand for å verne om dette kulturmiljøets heilskap og dermed bidra til å bevare det for vidare bruk, meiner Tine Sundtoft, styreleder i Kulturminnefondet. 

 Dette skal tilskuddet på 100 000 gå til

Det gis midler til grunnarbeid som inkluderer reetablering av forstøtingsstein og opprettelse av fundament. Det gis også midler utskifting av råteskadde bunnstokker.