Ukategorisert

Søblomsten får igjen støtte frå Kulturminnefondet – Eit viktig bidrag til den maritime kulturarven

Frakteskipet «Søblomsten» er ein galeas som opphavleg vart bygd på Vestnes i Møre og Romsdal i 1864 av skipsbyggmeister Lars Hammeraas. Den er 78 fot lang og er dermed blant dei større bevarte galeasene her i Noreg. No treng mellom anna byssa og lugarane å bli satt i stand, og til dette arbeidet har styret vedteke 500 000 kroner i støtte.

Søblomsten var opphavleg eit frakteskip – hovudsakleg med fisk og trelast – tilhøyrande i Namdalen og Helgeland. Den vert no restaurert på Kataholmen på Vestnes og er i eige av Båtbyggarmuseet i Vestnes

Ein god representant for sitt slag

Båten har vore ombygd fleire gonger, men har halde på skroget. I 1941 vart ho ombygd for motordrift.

I tillegg har ho stor geografisk betydning og er ein god representant for dei mange seglskutene som dreiv frakt langs norskekysten før vegane og andre transportmoglegheiter tok over i mange område.

Eit viktig bidrag til den maritime kulturarven

Når båten er ferdig restaurert, er planen at ho skal vere i bruk som ei seglbåt med passasjerar og formidling av kystkultur for både unge og vaksne, navigasjon, leirskule, historiske tokt og kommersiell turistbruk.

Søblomsten er eit fartøy med høg kulturhistorisk verdi. Vi set også pris på at fartøyet er i aktiv bruk, og at Søblomsten blir nytta som ei ressurs i formidling av skips- og kystkultur for barn og unge, samt publikum. Dette er eit viktig bidrag slik at fleire menneske kan ta del i vår maritime kulturarv, seier Hanne Jakhelln, styreleiar i Kulturminnefondet.

 

Dei 500 000 kronene frå Kulturminnefondet skal gå til:

Tilskot blir gjeve til istandsetting av dekkshus og luker, dekksbyssa, ankerarrangement, lenseutstyr, skipperlugar, mannskapslugar, lasterom, toalett/tørkerom og bysse på frakteskipet Søblomsten.

Søblomsten fekk i fjor 460 000 kroner då dei skulle sette i stand dekk og rekker på båten med fondet. I 2021 fekk dei 190 000 kroner til ny stormast og mesanmast.

Istandsettinga av Søblomsten vert også støtta av Riksantikvaren, fylkeskommune, GassROR IKS og RevOcean.