Ukategorisert

Skifertaket – husets femte fasade

Mange hus i store delar av landet er tekte med skifer frå Valdres. Produksjon av takskifer var ein svært viktig del av arbeidslivet i Øystre Slidre frå sist på 1800 – talet og til langt ut på 1900. Så mange som eit par hundre mann jobba her i storheitstida, dei fleste naturleg nok frå bygdene rundt, men også ein god del utanbygdes frå, nokre jamvel frå utlandet. A/S Valdres Skiferbrud er truleg den største og viktigaste arbeidsplassen me har hatt i Valdres. No er det ingen drift her, berre tome gruver, stein – tippar og minne er att.

Odd Arne Rudi

Skifer frå Skiferbergo var ein stor eksportartikkel i lang tid. Ut av bygda og ut av landet, mykje av han. Mange skifertak ligg som den gong dei vart lagde, kanskje har dei vore reparerte, men framleis held dei ute regn og snø. Mange skifertak er også borte, andre att er i dårleg stand og treng reparasjon eller omlegging. I slike tilfelle skjer det ofte at skiferen vert fjerna og annan tekking vert nytta. Dette  endrar opplevinga av huset i stor grad. Slik så verkar det også inn på karakteren i bygda eller i byane.

Odd Arne Rudi tekker tak under kurs på Valdres Folkemuseum. (Foto: Einar Engen/Kulturminnefondet)

Ved omlegging til annan tekking vert verdien på huset også redusert, sjølv om ikkje alle ser det på den måten; i ein takst av hus med skifertak kan gjerne takstmannen presisera at huset har akkurat skifertak, formulert i negative ordelag, og at det må påreknast store kostandar ved dette. Heller burde takstmannen sjå det som ein verdi at huset har eit slikt tak, på lik linje med at andre opphavlege bygningsdelar er bevara. Ikkje berre for å ta vare på særeigenheitene med huset, den historiske verdien og at omgjevnadar vert teke vare på. Det har også ein økonomisk verdi, for huset ved eit eventuelt sal, for framtidig glede og nytte.

Den økonomiske sida ved å legga om eit tak spelar nok ei stor rolle i det å skulle ta vare på skiferen, i forhold til å legga eit anna og billegare alternativ. Å tekka med skifer er arbeidskrevjande, men når det vert gjort på ein god måte har ein tak så lenge ein treng tak, og i fleire generasjonar. Om ein då delar kostnadane ut over desse år og generasjonar kjem skifertaket godt ut.

Skifertaket på hovudbygningen på Søndre Svennes i Nord-Aurdal er støtta av Kulturminnefondet. Her ble skiferen brukt opp att. (Foto: Einar Engen/Kulturminnefondet)

Kvifor må skifertak leggast om

Taket er den viktigaste fasada på eit hus, går det gale med det går det fort gale med meir, slik så blir det feil å seie, som det ofte vert gjort, at taket er huset si femte fasade. Før i tida vart skiferen oftast lagt rett på taktroa, gjerne ei tro av ukanta bord, bord som kunne ligga med ein viss avstand; var det brukt stor skifer kunne glipene mellom borda vera stor, i særlege tilfelle kunne avstanden vera tilsvarande breidda på borda. Det seier seg sjølv at det då fort vart lekkasje, om det fall av ein stein.

Ved omlegging vert det oftast lagt undertak og lekter.

Tro – borda var gjerne av god kvalitet, av seinvokse virke og med ståande årringar. Rettsida på borda ligg oftast opp. Likevel finn me også tro – bord som er av det me tenkjer som dårleg kvalitet, då kanskje på meir underordna hus som løer og sommarfjøs. Men sjølv om borda var av dårlegare kvalitet har dei halde, dei har vore bra nok. Tro – borda vart gjerne «hon – dragne»; det vart høvla ei renne, som ein halvsirkel ned i bordet langsmed kanten, om lag ein tomme innpå. I enkelte tilfelle vart det høvla to slik spor. Det var ein særskilt høvel til dette. Iblant la dei tro – borda som over – og underliggarar, då vart det sjeldan lekkasjar om ein stein vart borte. Kanskje var dette opphavleg tretak som seinare vart tekte med skifer.

Det blei brukt eigne høvlar for høvling av renner i bortroa som var undertak for skiferhellene. (Foto: Odd Arne Rudi)

Ved ei vurdering av skifertak er det viktig å kontakta handverkar, og då ein som veit noko om skifer, det hjelp lite om denne er aldri så flink som tømrar eller anna. Ofte er skada mindre enn ein med liten eller ingen erfaring innan skifertekking trur. For det meste er det enkeltsteinar som er borte, her let det seg ganske greitt å legga inn nye. Kanskje er det som kan verke uoverkomeleg og dyrt eigentleg ein ganske liten jobb for den handverkaren som kan.

Sjølvsagt kan det vera nødvendig med ei total omlegging; det dett av stein kvar vinter når taksnøen reiser. Dette er sjeldan skiferen sin feil, den kan vera av beste kvalitet. Vanlegvis er det spikaren som har skulda, han rustar av. På svært gamle tak er skiferen spikra med heimesmidd spiker, eller med klippspikar. Desse er det sjeldan problem med. Då dei tok til å laga trådstift vart ikkje denne galvanisert. Slik stift rustar lett, hovudet dett av, og berre sjølve kroppen på spikaren står att. Dette vil resultera i at skiferen dett ned, vanlegvis med taksnøen.

Sjølv om dette uthuset er svært forfallen, kan mykje av skiferen brukast opp att, anten når det settast i stand, eller på andre prosjekt. (Foto: Einar Engen/Kulturminnefondet)

Arbeidet med skiferen

Valdresskifer er ein muskovitt/kloritt – skifer. Me finn slik skifer også andre stader i landet, men oftare er det kvartsittskifer rundt om. Valdres – skiferen er lett å forma, gjerne med ein tekkehamar, med den kan du både hogga han til, eller skanta som er eit brukt omgrep om det å forma til skiferen, og du kan slå hol for spikaren med denne hamaren. Slik så unngår du å bruka støv – og støyskapande verktøy som drill og vinkelslipar, som kan vera alternativet med hardare skifertypar.  Med dei tradisjonelle verktøya går arbeidet mykje raskare enn om ein brukar moderne verktøy.

Brukt skifer har ofte betre kvalitet enn ny, dette fordi han har gange gjennom mange sorteringar; skiferen vart sortert før tekking fyrste gong, så, gjennom mange år på taket har det gange sund enkelte steinar, me har hatt ein naturleg sorteringsprosess. Når ein så tek av skiferen for omlegging ryk det ein del, og ved tekking att skal han nok ein gong gjennom ei kvalitetssortering. Ved tekking med ny skifer går ein glipp av mange av desse sorteringsprosessane.

Skiferhellene vart forma, enten med tekkehamar eller med saks som på biletet. (Foto: Einar Engen/Kulturminnefondet)

 

Det kan bli noko mose og lav på skiferen, særleg på skuggesida og om det står trær for nær inntil husveggen. Dette har vorte eit større problem no når klimaet er vorte våtare, med meir nedbør og kortare oppturkingsperiodar mellom skurene. Mose og lav påverkar i liten grad kvaliteten på skiferen, likevel vil snøen hanga meir på, slik at takssnøen ikkje så lett reiser. Då vert trykket på skiferen større og fara for brekkasje vil auka. Særleg fint er det heller ikkje, med mose og lav på takskiferen. Ein effektiv måten å bli kvitt mose og lav på er å bruka høgtrykkspylar. Ved eit slikt arbeid må ein vera særs forsiktig, bruka passe hardt trykk og sjølvsagt spyla ovanfrå og ned. Er trykket for hardt vert slitasja stor.

Kvalitet og sortering av skifer

Valdres – skiferen har i hovudsak to fargar, det me gjerne kallar blå og grøn, vidare er det nyansar av desse att. Mange meiner at den grøne er best, enkelte går så langt som til å seia at den blå ikkje er brukbar. Ei metode som vert brukt til sortering, er å banka i skiferen med hamaren. Den grøne skiferen vil då gjerne høyrest mest solid ut, klangen er ofte meir metallisk. Den blå har gjerne ein meir dump lyd. Dette er då, meiner enkelte, teikn på at den blå ikkje er av god nok kvalitet. Men tvert om kan det vera at den blå skiferen er litt mjukare og meir fleksibel, at han då betre toler snøtyngda, at han til i ein viss grad kan forma seg utan å gå sund.

Før tekking sorterast skiferhellene etter kvalitet og tjukkleik. Dei tjukkaste vart lagt nedst på taket. (Foto: Einar Engen/Kulturminnefondet)

Skifer som har lege på tak i mange tiår, og kanskje i hundre år eller meir, må vera av god kvalitet uavhengig av farge og lyd. Me er ute etter eit godt og varig tak, ikkje eit instrument å spela på. Denne måten å sjekka kvalitet på, å banka i skiferen, er ikkje å anbefala. Legg heller ein stabel med skifer framfor deg, med baksida opp slik at han er lettare å få tak i. Grip tak i ei helle med eine handa, lyft ho litt opp slik at andre kanten ligg mot underlaget, og press med andre handa midt på steinen med ganske stor kraft. Då vil dei dårlege knekka medan dei av god kvalitet held, nesten uavhengig av om han er tjukk eller tynn. Ver gjerne litt forsiktig om skiferen er særs tynn. For å få eit fint og solid tak er, som for alt anna, forarbeidet viktig. Sortering både på kvalitet og tjukkleik. Vanlegvis vil det vera hensiktsmessig å sortera i tre forskjellege tjukkleikar, tjukk, mellomtjukk og tynn.

Lekting og tekking

Det er forskjellege tradisjonar på tekkinga, dette er måten som vert mest brukt bl.a. i Valdres.

Ved omlegging eller nytekking vert skiferen stort sett lagt på lekter og med tett undertak. Vanlegvis vert det brukt lekter med dimensjon på 36×48 mm. Det bør ikkje nyttast impregnerte materialar.

Den fremste lekta vert å setja på høgkant, medan dei andre ligg. Lekteavstanden finn ein ved å ta lengda på skiferhella, trekka frå omlegget ein vil ha, og dela på to.

Biletet viser her eit skifertak kor det er lagt papp på bordtroa med sløyfer og lekter som hellene blei spikra i. (Foto: Einar Engen/Kulturminnefondet)

Når ein så skal til å tekka legg ein den tjukke skiferen nedst og tynnare oppover. Dette både for å få eit fint resultat, men viktigare for at taket skal bli mest mogleg solid. Snøtyngda er størst nedst, der den tjukkaste skiferen er. Det er av stor betyding at hellene ligg stødig, dei skal ikkje ligga å vippa. Då er det viktig at dei hellene ein legg ved sidan av kvarandre er tilnærma like tjukke, her tener du på å ha gjort ei god sortering før du tek dei opp på taket. Skiferen ligg an på tre lekter, bakre enden på skiferen skal ligga midt på bakre lekta.

Start tekkinga nede i eine hjørne, helst det hjørne som er mest synleg frå bakken. Det vanlege er å tekka diagonalt, sitt gjerne på lekta ovanfor der du tekker, slik så har du god oversikt på retninga på skiferen, og du har det du treng ved sidan av deg på lektene. Det er også forskjellig tradisjon ved avslutninga ved vindskia, i Valdres er det mest vanleg at skiferen vert hoggen ned i vindskia slik at denne ligg litt utanfor. Andre stader er det vanleg med isbord oppå vindskia. Uansett skal vindskia skøytast i lodd i møne, og nedre enden av vindskia skal ikkje gå utanfor tekkinga.

Vindskia vart tilpassa skiferhellene. Det beskytter treverket. (Foto: Einar Engen/Kulturminnefondet)

Beslag

På møne vart det før i tida lagt rektangulære heller, men då det vart vanleg med metall, kom dette gjerne i bruk som mønepanner, anten i sink eller galvanisert stål. Hellene på møne kan sprekka og då dett gjerne nedre delen av. Det er difor best å bruka metall her. Sink er å anbefala, den vesle giftavrenninga som vert av denne held mose og lav i sjakk. I området i landet der kopar har vore brukt er det naturleg å bruka dette. Det har same eigenskap som sink når det gjeld å halda unna groing på taket. Det er viktig å bruka tradisjonell utforming på mønepanna, ofte med ein fin avrunda topp.

Over mønet vart det ofte brukt mønepanner i sink, slik det er på biletet. (Foto: Odd Arne Rudi)

Der det skal til beslag slik som rundt piper, i grad og anna, bør det brukast metall som harmonera med skiferen, og som det er tradisjon for. Dette vil ofte vera sink. Det kan også brukast alusink eller galvanisert stål. Det bør ikkje brukast lakkerte plater. Særleg svarte beslag vil stikka seg ut, og kan verke som sår i takflata. Lakken vert gjerne også svidd av sola etter nokre år. Det same gjeld for takrenner, desse må også harmonera med taket og huset elles.

Konklusjon

Valdresmusea as arrangera kvart år ei rekke handverkarkurs, kurs i skifertekking er eit av dei. Kulturminnefondet er med å finansierar desse kursa. Om skiferen vert lagt på ein god måte har ein tak så lenge ein treng tak. Det kan kjennast dyrt å legga skifer, men delt over alle åra det held vert det likevel gunstig. Skiferen toler alle type klima, også ytre påkjenningar slik som sur nedbør.

Handverkskursa på Valdres Folkemuseum er godt besøkt. Her frå eit av kursa. (Foto: Einar Engen/Kulturminnefondet)