Kirkegata 20

Sted

Lillehammer

Bolighus

Bolighus

Arve Noreng er svært glad og tilfreds over tilsagnet frå Kulturminnefondet, og viser den nye skiferen som er lagt både på sjølve villaen og på uthuset.

Eg tykkjer det er eit arkitekttonisk flott hus, seier Noreng. Området her og rundt sportsplassen her nedanfor har mange store og fine villaer. Da vi skulle legge nytt tak var eg byggeleiar sjølv og leigde inn fagfolk innan dei ulike fagområda. Det var Gudbrandsdal Steinindustri lokalisert på Tretten og i Hamar, Hallum Tak og Blikk i Fåvang, og Brødrene Kolbotn AS som stod for den bygningsmessige restaureringa. Totalt vart det kosta på huset godt over ein million kroner. Da hadde vi også restaurert kjellaren og skifta glas i huset.

Villa på Lillehammer har fått nytt skifertak

Det var på slutten av året 2017 at Anne og Arve Noreng søkte Kulturminnefondet om tilskot for å legge nytt skifertak på villaen sin i Kirkegata 20 på Lillehammer. Dei hadde høyrt via andre på Lillehammer at det var mogleg å søke Kulturminnefondet om slikt tilskot. Tilsagn om tilskot inntil kr. 271.000 til dette formålet vart sendt frå Kulturminnefondet til eigarane i juni året etter. I vurderinga av prosjektet skriv Kulturminnefondet at søknaden gjeld omtekking av tak frå shingelpapp til skifer- og båndtekking på villa med byggeår 1917-1918. Eigedomen er definert som bevaringsverdig, og den er teke inn i Lillehammer kommune sin kommunedelplan for kulturminne. Kulturminnefondet la vekt på at villaen i Kirkegata 20 ligg i dette definerte kulturminneområdet i Lillehammer, og villaen har dokumenterte skader i tak og kanskje takkonstruksjon. I 1970-80 åra vart det opprinnelege skifertaket fjerna, og det vart lagt eitt lag papp på taktroa og shingel takpapp oppå denne. I seinare tid har det vorte oppdaga taklekkasje og råteskade. På grunn av dei dokumenterte skadane, og estetiske omsyn i dette området som villaen ligg i, fatta Kulturminnefondet vedtak om tilsagn på inntil kr. 271.000.

Tekst og foto: Kjell Nyhus

Eg tykkjer dette er eit flott arkitekttonisk hus, seier Arve Noreng

Noreng inviterer opp trappa til andre høgda over garasjen på naboeigedomen for å få eit godt foto av den renoverte staslege villaen.

Det nye skifer- og blikktaket kler den flotte villaen i Jugendstil.

– Svært få

I ein artikkel i lokalavisa GD i mai 2022 uttalar direktør Simen Bjørgen i Kulturminnefondet at det er positivt ar enkelte huseigarar i Lillehammer har oppdaga at det er mogleg å ta vare på gamle hus med økonomisk bidrag frå Kulturminnefondet. Saka galt ein annan villa i nærleiken av Noreng sin villa. Simen Bjørgen fortalde i intervjuet at Kulturminnefondet sidan etableringa av fondet i 2003 berre hadde vore gjeve tilsagn om tilskot til 32 prosjekt i Lillehammer, I Vågå med langt færre innbyggjarar hadde det vore gjeve tilsagn om tilskot til 83 prosjekt i same perioden. Bjørgen trur kanskje at huseigarane i Lillehammer ikkje er kjend med Kulturminnefondet, eller at dei trur at tilskot frå Kulturminnefondet er knytt opp med mange reglar og forordningar. Slik er det ikkje, forsikrar direktøren i Kulturminnefondet i avisintervjuet. Kulturminneordninga er eit lågterskeltilbod, opplyser Simen Bjørgen, som erfarer at det ofte er i byane at kampen står og gamle bygg må vike. Kulturminne kan også vera ein gammal bygning i ein by

Startet med sommerjobb i byggebransjen

– Vi kjøpte villaen i 1986, og da var det papptak på huset, fortel Arve Noreng (62), som etter å ha gått på landsgymnaset på Vinstra tok bygningsingeniørutdanning på Gjøvik. Etter militærteneste gjekk eg aktivt inn i byggebransjen.

Det strålar positiv energi, arbeidslyst og pågangsmot frå gründeren frå Gausdal som har lykkast svært godt i hyttebransjen. Han dokumenterte tidleg at han har ståpåvilje. Han lærte tidleg verdien av hardt arbeid. Alt som 14 åring hadde han sommarjobb i bygge-bransjen. Han var så

ung at dei måtte søke om dispensasjon frå arbeidstilsynet. Ikkje rart at han tok på seg oppgåva som byggeleiar da villaen i Kirkegata 20 på Lillehammer skulle renoverast.