Roterudvegen 6

Sted

Lillehammer

Bolighus

Bolighus

Eg vart veldig imponert. Dei stod på med lange arbeidsdagar og det var ikkje mange pausar. Det var to personar og ein lærling, så det omfattande renoveringsarbeidet gjekk greitt.

Det er arbeidarane i firmaet Stokk & Stein AS i Lom som får desse gode skussmåla frå Ketil Øyri, som i sluttrapporten sin har dokumentert godt med foto det omfattande arbeidet som vart gjort på huset i 2021.

Jugendstil på Lillehammer

Det er Ketil Øyri og Astrid Halsa som eig det flotte huset i Jugendstil i Roterudvegen 6 på Lillehammer som fekk nytt skifertak i 2021, der m.a. utbetringar av råteskadar og gradrenner, ny papp og nye sløyfer og lekter var ein del av prosjektet.

Tekst og foto: Kjell Nyhus

Ved inngangsdøra til Roterudveien 6 viser Ketil Øyri at skiltet frå Kulturminnefondet er på plass.

Verneverdig kulturmiljø

Da Kulturminnefondet gav tilsagn på inntil 350.000 i 2020 vart det lagt vekt på at einebustaden i jugendstil frå 1915 er eit karakteristisk bygg der viktige stiltrekk er godt teke vare på. I tillegg er huset ein viktig del av eit kulturmiljø med trehus som er definert som verneverdige i Lillehammer kommune. Kulturminnefondet såg at det var eit klårt behov for tiltaka, mellom anna på grunn av synlege råteskadar i gesims. At eigaren hadde knytta til seg erfarne handverkarar såg Kulturminnefondet på som svært positivt.

Ketil Øyri er Stavangergut, og det var nok kona Astrid Halsa som trekte det lengste strået da familien med tre gutar flytta frå Oslo til Lillehammer der dei fyrst bygde sitt eige hus. Besteforeldra til Astrid kjøpte huset i Roterudvegen 6 i 1952. Samtidig kjøpte dei også Bakkehuset pensjonat som etter kvart vart Oppland Turisthotell. Fleire av dei tilsette på hotellet budde i 2. og 3.høgda i huset som ligg i gangavstand frå hotellet. I 1992 overtok Ketil, Astrid og gutane den staslege villaen som dei nå har fått restaurert. Ketil er pensjonist og har tidlegare arbeidd med IKT i fylkeskommunen. Astrid arbeider på Høgskulen i Lillehammer.

Omfattande restaureringsarbeid

Ketil viser fram at sluttrekneskapen kom på nesten 1,9 mill. kroner med ein eigenkapital på ca. 1,5 mill. kroner. Han set stor pris på at Kulturminnefondet har støtta restaureringsarbeidet med 300.000 kroner. I tillegg har huseigaren dekt kost og losji for handverkarane og gjort ein eigeninnsats med å vaske den gamle skifersteinen, maling og rydding samt bortkøyring av avfall.

I tilsagnsbrevet frå Kulturminnefondet i 2020 er restaureringa omtala slik: Utbetre råteskadar og gradrenner, fjerne skifer, legge ny papp og nye sløyfer og lekter, skifte takvindauga, senke pipa ein halvmeter og legge på plass att skifer og beslag. Renner, nedløp og beslag skal vera av sink med knekte bend. Ved utskifting av takvindauga skal det enten produserast ein god kopi eller opprinneleg vindauga setjast i stand.

– Gjekk prosjektet som planlagt ?

– Ja, gjennomføringa gjekk sort sett i samsvar med planen, svarar Ketil Øyri. Avviket var at det tok noko lenger tid enn planlagt, totalt ca. fem månader inkludert tre veker med ferie. Den gamle skifersteinen var betre enn forventa, så vi kunne bruke ein større del vidare. Likevel måtte vi kjøpe inn om lag tusen nye skiferheller frå Otta. Glaset på taket fekk vi brukt opp att etter noko vedlikehald. Når stillaset likevel stod der så nytta eg høvet til å ta ei skikkeleg malingsrunde på heile huset. Eg er svært godt tilfreds med renoveringsarbeidet. Sjå berre det flotte fargespelet i skiferhellene på taket, smiler Ketil.

Kulturminnefondet sitt banner på plass når det verneverdige huset får nytt tak.

Sluttrapport

Sluttrapporten frå Ketil Øyri er datert den 26.10.2021. Som vedlegg har han ein verdifull fotodokumentasjon med i alt 31 foto som viser både før og etter renoveringa. Fotogalleriet startar med oppsett stillas dels i fire høgder rundt heile huset, gammal papp med hol i og råteskade over karnappglas og under gradrenner. Vidare i galleriet ser ein reparasjonar som Stokk & Stein fekk på plass, spyling av takstein, fjerning av søppel, legging av ny duk på taket med sløyfer og lekter. Nye beslag og takrenner kom på plass, skifer – gammal og rundt tusen nye – lagt tilbake på heile taket, reparasjon av pipe med beslag før stillaset vart demontert og køyrt bort. Midt i september stråla den fine villaen i jugendstil ferdig renovert, nymåla og til glede både for familien og alle som er interesserte i å ta vare på verdifulle kulturminne som villaen i Roterudvegen 6 på Lillehammer representerer.