Tampenbuda

På 1950-talet opplevde området gode år for sildefiske, med mykje aktivitet og inntekter. Denne perioden varte i fleire tiår, og Tampenbuda var ein viktig del av denne historia.  

I buda vart det rigga liner, laga fiskegarn, nøter og anna utstyret frå det eine fiskeriet til det neste. Den salta torskelasten vart også lagra på buda til kjøpar var klar.

Buda vart notfolk og andre sin faste arbeidsplass. Der var med andre ord stor og livat aktivitet i og rundt buda.

Før andre verdenskrig brant Tampenbuda og alt gjekk opp i flammer.

Kulturminnefondet har støtta med 1,13 millionar til nytt tak og innvendig isolering.

Sted

Hareid Kommune

Fast kulturminne

Forsamlingshus

– Når vi gir støtte genererer det tre og ein halv gong tilbake ut i samfunnet, spesielt når det kjem ny næring i lokala, seier direktør Simen Bjørgen. 

Tampenbuda lever vidare – vil at kulturminnet skal vere til nytte for lokalbefolkninga og for turismen

Tampenbuda står ute på en steinfylling i Hareid sentrum som i sin tid seies å vere hovudstaden for fiskeri her i landet. Den var ein av de mange buda som dukka opp, og står no igjen som den einaste av sitt slag.

Tekst og foto: Hanna Thevik

Tampebuda er no det einaste gjenverande kulturminne etter storhetstida. Kulturmiljøet var beskriven som Noregs største fiskehamn og buda seies å vere det mest særegne bygget i Hareid. Det var hit fiskeskøytene kom inn med fangsten frå bankane, og flåta trong etter kvart ein fast plass å leggje til land.  

Viktig del av storhetstida 

På 1950-talet opplevde området gode år for sildefiske, med mykje aktivitet og inntekter. Denne perioden varte i fleire tiår, og Tampenbuda var ein viktig del av denne historia.  

Dessverre brann bygningen ned like før andre verdskrig, men ho vart gjenoppbygd i 1952 i ei litt større skala. 

I 1996 vart Tampenbuda og Linebåten Vest seld og nedlagt, og bygget byrja å forfalle over tid.  

Så vart det kjøpt av eigaren Oskar Jarle Grimstad i 2020, som har som mål å bevare kulturminnet og gi det nytt liv. 

Det er tenkt å gjere buda om til ein stad for lokalbefolkninga og turistar. Til saman har buda fått 1,13 million kroner i støtte frå Kulturminnefondet.  

Buda vart notfolk og andre sin faste arbeidsplass.

Fekk nytt tak 

Oskar Jarle er i full sving med ombygging og reparering av bygget. Buda har blant anna fått nytt tak med midler fra Kulturminnefondet. 

– Bygget var i svært dårleg stand, spesielt taket. Vi måtte sette i gong snarast råd for å berge byggjet for framtida, seier Oskar Jarle.  

Ynskjet er at kulturminnet skal vere til nytte for lokalbefolkninga og for turismen;  

– Vi vil tilby overnattingsmoglegheitar og formidling av tradisjonsmat i historiske omgjevnad.  

Det er også tenkt lokalar for kunstutstillingar og selskapslokale.  

I full gang med istandsetjing: Oskar Jarle Grimstad har store planar for buda.

Som ein blome i sentrumshamna

I Hareidsamfunnet i dag er det få synlege teikn som vitnar om tida då det var Noregs største fiskerihamn. Tampenbuda står som eit minnesmerke for nye generasjonar og spelar ei avgjerande rolle i å halde denne viktige historia i live.

Tampenbuda er ein eineståande bygg med ei unik plassering med ein betydeleg historisk verdi som gjer den til blomen i hamneområdet på Hareid.

Saman med kyrkja utgjer desse to bygningane det mest særprega i Hareid.

Det blir ikkje vakrare enn dette: Sunnmørsalpane i bakgrunnen og den unike plasseringa gjer buda særeigen.

Lokale krefter har eit ynskje om å forhindre at Tampenbuda forsvinn.

– Ein ønskjer å legge til rette for aktivitet som speglar fjorden, historia og framtida på same tid.

 

Mat med utsikt: Her kan ein nyte eit godt måltid med kanskje verdas finaste utsikt.

Mykje plass: Det er planlagt restaurant i den fyrste etasjen i buda.