Framigarden og Heimigarden i Storfjorden

Framigarden og Heimigarden er to godt bevarte gardar som inkluderer løer, stabbur, fjøs og bondehus, omkransa av 33 mål dyrka og kupert mark. 

Kulturminnefondet har støtta prosjektet med skifertak på begge husa, og bidrog med 215 000 kroner til saman.

Sted

Sykkylven Kommune

Fast kulturminne

Forsamlingshus

– Det var ein stor motivasjon å få støtte frå Kulturminnefondet. Kanskje aller mest økonomisk, men også er det ein stor motivasjon for å utføre prosjektet, seier Asgeir

Fiskarbondegardane langs Storfjorden

Midt i hjarta av den majestetiske Storfjorden på Sunnmøre, finn du to gardsbruk som berre ligg eit steinkast unna kvarandre. Gardane er kjende som Framigarden og Heimigarden, og utgjer ein del av eit heilhetlig og verdifullt gards- og kystmiljø som fortel om fiskerbondens liv og virke.  

Tekst og foto: Hanna Thevik

Godt bevarte

Gardane ligg på Furstranda, ei avsidesliggjande fem kilometer lang perle som inkluderer seks gamle, velbevarte gardsbruk langs Storfjorden. Det finns ingen vegar ut av denne avsidesliggande bygda, og tilkomst med bil eller traktor er umogleg. Området er eit unikt kulturminne og den største fråflytta bygda ved Storfjorden. 

– Det er fritt og fint å vere her i alle årstider. Det er veldig fredeleg, seier Asgeir Kvernberg, eigar av Framigarden.

Framigarden og Heimigarden er to godt bevarte småbruk som inkluderer løer, stabbur, fjøs og bondehus, omkransa av 33 mål dyrka og kupert mark. 

Gardane var i drift fram til 1970-talet, og næringsgrunnlaget var allsidig; fiske i fjorden, tradisjonelt landbruk på innmarka og beiting i fjellsidene. Geiter, sauer og kyr var dei viktigaste husdyra, og geitemjølka utgjorde hovudproduktet. Mjølka ble levert til rutebåten eller næraste hamn. 

Øystein Sandvik og Asgeir Kvernberg, eigar av henholdsvis Heimigarden (i bakgrunn) og Framigarden vil ta vare på staden.

– Det er ikkje tvil om at desse områda har gått frå å vere ein klamp om foten, til kulturminne me er stolte av, seier Asgeir. 

Fråflytting 

Ein kommunal veg vart bygd på dugnad etter 1904, og eit skulehus vart reist i 1925. Trass i desse framstega, vart det aldri vegforbindelse ut av Furstranda. Øystein vaks opp her på Heimigarden, som han også er i eige av i dag.  

– Heile familien flytta då eg var 12 år, på slutten av 1960-talet. Kravet om ni års skulegang, førte til fråflytting langs heile bygda.

Tilbake på heimplassen: Øystein Sandvik budde på Heimigarden fram til han var 12 år.


 

Berre Sandvik Framigarden heldt drifta gåande etter 1968, fram til 1971. Etter dette budde berre to personar her fram til tidleg på 1990-talet. Etter den perioden har gardane vore i bruk som fritidsbustader.  

Men, det merkas at det at desse fråflytta områdane langs Storfjorden, som byrjar her i Furstranda, har vokse veldig i løpet av dei siste åra.  

– Det er ikkje tvil om at desse områda har gått frå å vere ein klamp om foten, til kulturminne me er stolte av, seier Asgeir. 

Haust på Heimigarden: Det er ingen bilveg, og ingen lysforurensing som forstyrr her.

Vil at gardane skal vere tilgjengelege for alle

Øystein har lyst til å bevare det slik som det var då han vaks opp her.  

– Eg har mange gode minne herifrå, og har eit ynskje om å føre plassen viare til mine etterkommere, seier Øystein. 

Båe gardane har blitt bygde og restaurerte omtrent samstundes. Dei to husa har ein identisk eksteriør og representerer klassiske gardsbruk frå tidleg 1900-talet på Sunnmøre. Kulturminnefondet har støtta arbeidet med å legge nytt tak på begge. 

–Eg trur at om me ikkje har fått tilskot, så hadde det ikkje blitt reparert, seier Øystein Sandvik. 

For dei har Kulturminnefondet betydd veldig mykje.  

– Kanskje aller mest økonomisk, men også er det ein stor motivasjon for å utføre prosjektet, seier Asgeir. 

Ein godt bevart gårdsplass som inkluderer løer, stabbur, fjøs og bondehus, omkransa av 33 mål dyrka og kupert mark. Her ser me Heimigarden.

 

– Husa og gardane er ein del av eit heilhetleg og verdifullt gards- og kystmiljø som fortel om fiskarbondens liv og virke, som er viktig å ta vare på, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Målet er tilgjengelegheit og bevaring

Asgeir er også tidlegare styreleiar for Storfjordens Venner. 

På desse fråflytte fjord- og fjellgardane langs Storfjorden har Storfjordens Venner vie seg til å gjenoppbygge og restaurere bygningane. Sidan 1975 har Storfjordens Venner restaurert meir enn 140 bygg på gardene langs Storfjorden. Dei har eit nært og godt samarbeid med verdsarvstiftinga i Geiranger.

Målet er å bevare Storfjordens rike kulturarv og gjere den tilgjengeleg for dagens folk og komande generasjonar.  

–  Vi har eit sterkt ønske om at husa skal bli tatt godt vare på som eit verdifullt kulturminne også i framtida, og vere ein samlingsplass for familien, og open for alle som er interessert i kultur- og lokalhistorie, seier dei.  

Den lokale TV-stasjonen «Sunnmøre Live» har produsert ei rekkje program om gardane langs Storfjorden der Storfjordens Venner har vore involvert i restaureringsprosjekt. Dette har bidrege til å fremje og feire kulturarven og historia som desse gårdane representerer. 

Asgeir Kvernberg har eit klart bodskap til dei som også ynskjer å sette eit kulturminne i stand.

– Det er enkelt å søke. Ta kontakt med Kulturminnefondet i god tid. Dei er berre ein telefon unna. 

Framigarden representerer klassiske gardsbruk frå tidleg 1900-talet på Sunnmøre.

Heimigarden og Framigarden i Storfjord er godt bevarte.