Sognefæringen Liv

Sted

Sognefjorden

Båt

Båt og fartøy

Nytt liv til sognefæringen Liv

Sognefæringen Liv vart bygd i 1936 av båtbyggjaren Svein Henjesand, som var den siste som bygde sognefæringar i Indre Sogn. I 40 år låg Liv i eit naust, fram til Sigri Sandberg fikk nyss i båten.
Tekst: Line Lyngstad/Kulturminnefondet
Bilete: Steinar Rorgemoen

Eg er ufatteleg takksam for støtte frå fondet. Utan støtte hadde denne kulturskatten hamna på eit St.Hans-bål. Det er sjølve sanninga,  seier Sigri om støtta ho fekk frå Kulturminnefondet.

Lengta etter ro

Det var kystlaget Indre Songs kystlag som tipsa Sigri om båten, i forbindelse med at ho skreiv boka “Ro: om Sognefjorden og ein lang rotur heim” I boka ror ho inn fjorden i ein lånt Oselvar – og fortel om natur- og kulturhistoria til vår lengste fjord.Ho intervjua blant anna sogningar, forskarar, historikera og marinbiologar under dette prosjektet. Viare samarbeida ho med Indre Sogn Kystlag som viste ho båten, og lurte på om ho var interessert.Om boka står det på Samlaget.no:Sognefjorden er ein lang, bratt dal fylt av havvatn og forma av isbrear gjennom millionar av år. Sigri Sandberg er ei rastlaus tobarnsmor som bur fleire stader. Uroa veks med ei hanglande verd og sjukdom og død i nær krets. Ho lengtar etter ro.Sandberg bestem seg for å ro Sognefjorden, dei over tjue milane i verdas lengste farbare fjord, i ein gamal trebåt. Ho startar ytst i havet der ho budde som lita, og ror innover mot garden der ho delvis bur no.”.

For det er dette Sigri, som pendlar frå Oslo til Luster vil nytta Liv til – å koma seg heim til den veglause eplegarden, Ytre Eikjo. «Liv skal også brukas til å koma seg i kring kommunen, på det som opprinneleg var vegen, fjorden,» skreiv Sigri i søknaden til Kulturminnefondet.

Nytt liv

Opprinneleg var båten bruka til matauk gjennom garn og anna fiske på gardsbruket. Spesielt var dette på vårparten, da ein i sommarmånadene (månadane uten r) aldri vart drege garn. Ved sida av fiske vart båten nytta til å frakte varar til og frå kaia på Slindre.
Sjølv om båten er brei og stor, er den lettrodd, og vart seinare nytta til roturer og fritidsbruk. I ca. 1970 vart bakstamnen fjerna og erstatta med feste for ein 3,5 hk påhengsmotor. Sidan 1983 hadde båten stått i naust.
Til å sette i stand båten fekk Sigri 75 000 i støtte frå Kulturminnefondet for å kunne demontere båten, skifte ut dårlege delar og gjenoppbyggje den og gi den tilbake si opprinnelege form.Båten vart frakta frå Slidre til Ornes båtbyggeri som hausten 2022 demonterte den og bytta ut delar som ikkje kunne gjenbrukas.Dei har vore i skogen og funne bjørkeemne til ny rong bak, og elles er dei nye borda av bjørk frå Offerdalen, det er også brukt eik. «Alt som kunne brukast av den opprinnelege båten er sjølvsagt tatt vare på,» seier Sigri.
"Eg har bidratt der eg kunne, med pussing og sliping i haust. Og no i vår med tjæring, oljing og måling. Eg har blitt godt kjent med båten gjennom arbeidet. Og den kjensla då, å kunne sette seg i båten no førre veke, nøyaktig 40 år sidan han sist var på vatnet, duppe årene i fjorden, prøve å finne ei rytme: Det var ei slik stor lukke, ei slik god kjensle at eg nesten ikkje har ord. Vi var heldige med veret, fjorden låg stille og sola varma, då vart heimturen til den veglause eplegarden vår kortare. Eg har gitt ho namnet "Liv" etter mi fine farmor, som var mykje i robåt med min farfar."

«Båten er blitt så vakker, men vi skal ikkje vere redd for å bruke han,» seier Sigri. «Det er målet. Vi skal ro og vere synlege i denne fjorden og kanskje vekke gode minne hos nokre og medvitet hos andre, for alt som har vore treng ikkje gå tapt. Og det er noko ufatteleg godt med å reise langsomt, ved hjelp av handemakt.Like ved båtbyggeriet ligg Urnes stavkyrkje, der er det også i gang eit storstilt arbeid med ein verdsarvpark, kanskje vil «Liv» også få ei rolle her i framtida, kven veit.«