Liasetrin, Lom, Innlandet

Det var i mai 2021 Sveinung Mosnes fekk tilsagn om tilskot på inntil 120 tusen kroner frå Kulturminnefondet for å setja istand seterstugu på Liasetra. Norsk kulturarv bidrog med 30 tusen kroner og SMIL-midlar frå Lom kommune på eitt hundre tusen kroner. Seterstugu som ligg på tusen meter over havet er frå 1740.

Sted

Lom

Verdiskaping

Kulturlandskap

– Eg oppfordrar alle til å ta vare på gamle hus. Det er ein fin måte å vise respekt for forfedrane våre på og kva dei gjorde. Det treng heller ikkje å bli så dyrt med bistand frå fleire institusjonar som har det same målet om å ta vare på den gamle bygningsarven. På den måten kan du skaffe deg hytte eller bustad for resten av livet, og så gjev det deg så god følelse å sjå resultatet når restaureringa er fullført.

Det er Sveinung Mosnes (33) frå Jørpeland i Ryfylke som kjem med denne klåre appellen i stugu på småbruket Nørdre Veslsætre i Lom kommune. Småbruket med ei fantastisk utsikt ned mot Vågåvatnet og Garmo med Jotunheimen i bakgrunnen kjøpte han og sambuaren Ingrid Flyen Brandstad (31) i 2019.

 

Tekst og foto: Kjell Nyhus

Ingrid og Sveinung med Åsmund i armane til mor.

– Vi er båe svært glade i naturen og friluftsliv, så vi kunne ikkje tenkje oss å bu i ein by, kjem det unisont frå båe to rundt bordet. Da Sveinung viste meg annonsen på Finn.no fyrst såg eg det  som ein spøk, fortel Ingrid. Vi har drøymt om eit småbruk, og da annonsen framleis låg der ein månad seinare reiste eg og far min hit på synfaring. Vi har båe to ei utdanning og kompetanse som gjer at vi kan få arbeid dei fleste plassar, og vi hadde høyrt mykje positivt om Lom. For meg som kjem frå Fåvang i Gudbrandsdalen kunne eg koma nærmare familien, og vi visste båe to at i Lom kunne vi dyrke interessa vår for natur og friluftsliv, fortel Ingrid. Derfor investerte vi 1,6 mill. kroner og fekk både eit småbruk og ei seter på Liasetra tusen meter over havet inn mot nasjonalparken Reinheimen.

Sambuarparet bur og lever midt i naturen i Lom, og på fanget sitt har Ingrid den snart tre månader gamle Åsmund Flyen Mosnes.

Velkomne til Nørdre Veslsetre i Lom kommune

Mor og tante på same tid

– Eg vart mor og tante på same tid, fortel Ingrid med eit godt smil. Søstera mi låg også på fødeavdelinga på sjukehuset på Lillehammer, og vi fødde kvart vårt barn same døgnet.

Ingrid tok sjukepleiarutdanning i Trondheim og jobba deretter eitt år i Fåvang. Naturen og friluftslivet i Lofoten drog ho nordover der ho arbeidde i tre år i Steinfjord. Ho blir blank i blikket når ho mimrar om midnattsola og nordlyset, alle årstidene og kor lett det var å bli kjend med folk i Lofoten. Og det kom stadig unge folk tilreisande. Ho fortel at ho møtte Sveinung fyrste gongen på Rondvassbu, men at det var tilfeldig at båe to reiste nordover til Lofoten der dei etter kvart vart kjærestepar. Båe hadde eit ønskje om å koma nærmare familiane sine, og dei såg etter kvart for seg at dei ville kjøpe noko i lag. Fyrst da dei kjøpte småbruket og flytta til  Lom i 2019 vart dei sambuarar.

Norge på langs og Finland på tvers

Sveinung er fødd og oppvakse på Jørpeland i Ryfylke utan erfaring frå gardsdrift. Han utdanna seg som tømmermann/snikkar, men strekar under at han ikkje er nokon laftar. Han elskar å arbeide med tre, men det er friluftsmannen og naturelskaren vi høyrer mest om i starten. Det er ikkje tvil om at dette er fellesnemnaren på kvifor han og Ingrid er gode eksempel på folk som går mot flyttestraumen til dei større sentra i landet vårt. Sveinung har gått Norge på langs, Finland på tvers, Spitsbergen på langs og lange turar både på Island og i heimlandet. Ingrid var også med på Spitsbergen, og den siste turen dei hadde i lag var ein langtur i Reinheimen. Denne turen starta frå heime i Lom der dei spente på seg skia med kvar sin pulk bak.

– Vi er båe glade i naturen, men vi har også stor respekt for den, fortel Sveinung som gjennom Norsk fjellsportforum har utdanning som breinstruktør, breførar og skredinstruktør. Når ein ligg i teltet på Spitsbergen og ser at isbjørnbinna med to ungar nærmar seg blussa som er sett opp som farevarsel, eller ein må grave seg ned i snøhola eit par døgn for å overleva naturkreftene, da får ein høg spenning, mykje adrenalin og den største respekt for naturen. Eg og Ingrid har vore på fire langturar saman, og det blir nok ikkje lenge før vi tek ein tur ut i lag med Åsmund også. Ikkje med telt, men overnatting i ei bu i fyrste omgang.

Fortent kvile ved omnen

Lett å få arbeid

Ingrid fekk fort arbeid på Lom helseheim som sjukepleiar der ho har 80 % stilling som friviljug deltid. Sveinung har halv stilling i selskapet Aktiv i Lom som fjellførar og halvstilling som snikkar. Dei trivst svært godt i Lom. Det er ein triveleg plass å bu på, og samhaldet i grenda set dei stor pris på. Vintertid er dei tre som deler på brøyting av den vel tre kilometer private vegen opp frå fylkesvegen langs Vågåvatnet.

– Vi er stolte av å bu i Lom. Lomværane er heimekjære og det er mange unge som vil noko med bygda si. Det er berre tull at gudbrandsdølane er vanskelege å koma i kontakt med, seier Sveinung. Det startar ofte med eit nikk og ein liten prat, og så får du venner for livet.

Heime på garden har Ingrid og Sveinung 12 høner, to kattar, to grisar og planar om å sttarte med geiter. Dei har lafta opp att eit lite tømmerhus frå Skogbygda i Vågå som gjestehus, og dei har kjøpt ein større tømmerlåve og brukt skifer som dei etter kvart skal bruke på bruket. Ingrid meiner Sveinung er arbeidsnarkoman, men båe er samde om at å bu i Lom er ei form for friluftsliv. Det er rolegare og billigare å by her enn i byen.

Restaurering av seterstugu på Liasetra

Det var i mai 2021 Sveinung Mosnes fekk tilsagn om tilskot på inntil 120 tusen kroner frå Kulturminnefondet for å setja istand seterstugu på Liasetra. Norsk kulturarv bidrog med 30 tusen kroner og SMIL-midlar frå Lom kommune på eitt hundre tusen kroner. Seterstugu som ligg på tusen meter over havet er frå 1740, og Sveinung har i sluttrapporten sin til Norsk kulturminnefond forklart godt prosessen med restaureringa. Som han fortel:

– Demontering av laftekassa vart gjort i oktober 2021. Det var firmaet Stokk & Stein i Lom som merka og demonterte, og som lafta opp att dels med nytt tømmer i laftehallen sin i Lom i løpet av vinteren. Da vi tok av blekktaket kom det tilsyne eit 20 cm lag med torv og sand og store mengder med never. Den brukbare taktroa reinkappa eg på verkstaden min heime og brukte opp att. Nevra har eg teke vare på for seinare bruk.

– Så var det berre å vente til våren att med restaureringsarbeidet ?

– Nei, det var ei arbeidsam venting, forklarer Sveinung, som kjøpte og henta ukanta 30 mm bord hjå Tessa tre i Vågå for å lage golvbord og taktro. Eg kanta borda sjølv og handhøvla kvart einaste bord. Frå jul og fram til april handhøvla eg bord til ca. 50 kvm og laga nye kolver maken til dei gamla. Eg laga i alt 28 stk. av malmfuru frå Tessa tre.

Med den sterke appellen frå Sveinung om å ta vare på kulturarven forstår vi meir og meir at han er svært oppteken av å ta vare på den gamle måten å bygge hus på når han fortel:

– Golvet i seterstugu var plugga med trepluggar. Etter mykje leiting kom eg over ein italiensk produsent av kont borr som passa til drill. Borren var dyr, men den spara meg mykje arbeid da det totalt vart 300 hol som skulle borast. Meir arbeid vart det med å lage like mange trepluggar med vinklar to vegar. Her kom restmateriale frå kolveproduksjonen til nytte. Golvborda vart kappa i lengder tilpassa dei to romma, og taktroa vart kappa i rette lengder for å effektivisere legginga att på byggeplassen.

Sveinung var innom laftehallen til Stokk og Stein gjennom vinteren og såg at stokk etter stokk vart bytta ut. Raftstokkane vart laga nye, tre takåsar vart bytta ut og botnstokkane var dårlege. Det viste seg at tømmeret bak den gamle peisen var svært dårleg og måtte bytast ut, og det sprengde budsjettet.

– Da nok snø hadde smelta i mai i fjor kunne eg rydde ferdig tomta til seterstugu og mure opp att ein 15 cm høgre grunnmur. I slutten av mai kunne Trond Morten frå Stokk & Stein hjelpe meg med å legge ut dei to nedste rafta, og med god hjelp og kran fekk vi remontert laftekassa dagen etter. Mellom stokkane brukte vi mose frå dei 50 sekkane som Ingrid hadde plukka lokalt. Dagen etter vart taktro og sperrer lagt og taket isolert. Over taktro, papp og lekter var det klart for skiferlegging. Nye vindskier, tovhaldar og kolver kom på plass. Etter hjelp med starten på å legge skifer på båe sidene kunne eg med god hjelp av dugnadsfolk legge resten av taket. Det er i alt lagt ned 536 arbeidstimar i prosjektet med ein  totalkostnad på rundt åttehundre tusen kroner.

Sveinung fortel at pulsen senka seg da taket vart tett, og han tok ei pause i arbeidet. Neste steg vart også ein tidkrevjande og lærerik prosess for Sveinung. Han la golvbjelkar i dimensjon 98 x 198 på plass, stubbloft og 15 cm trefiberisolasjon. Etterpå la han på plass dei handhøvla golvborda og festa dei med trepluggar. Den 15 sept. etter at pipe og omn var på plass, samt noko innventar, kunne den nyrestaurerte sereterstugu takast i bruk att. Ikkje nokon tvil om at Ingrid, Sveinung og Åsmund blir flittige brukarar av denne nyrestaurerte seterstugu med ei utsikt som kan ta pusten frå nokon kvar.