DS Stord I

Båten var rutebåt i området Bergen-Sunnhordland og Bergen-Hardanger frå 1913 og fram til 1969 og vart bygd for å passa langrutane til sjøs.

Det er Noregs største dampdrivne passasjerskip, og går opne passasjerturer for allmennheita og er et attraktivt reise- og opplevelsestilbud.

Kulturminnefondet har støtta istandsetjinga med til saman 1,7 millionar. 

Sted

Bergen Kommune

Flytande kulturminne

Båt og fartøy

Støtta og veiledninga frå Kulturminnefondet har kome veldig godt med. Vi er veldig takksame for hjelpa.

Noregs største dampdrivne passasjerskip lever i beste velgående

DS Stord I vart bygd i 1913 i Laksevåg for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap og er Noregs største dampdrivne passasjerbåt. Med båe krigsår, brann og nye krav i etterkrigsåra kan en seie at Stord I har støytt på mang ein skjær i sjøen.  – Fleire tenkte nok på et tidspunkt at Stord aldri kom til å flyta igjen, seier Atle Tornes, styreleiar i Stiftelsen D/S Stord. 

Men takka vere entusiastar og fleire tusen dugnadstimar lever Stord i beste velgående. D/S Stord I har gjennomgått ei omfattande oppgradering av heile skipet etter at det var totalt utbrent i mai 1987.

Foto og tekst: Hanna Thevik

 

Ein båt alle kjende til 

Båten var rutebåt i området Bergen-Sunnhordland og Bergen-Hardanger fram til 1969 og vart bygd for å passa desse langrutane til sjøs. 

– I tredve-åra var båten eit omgrep, og godt kjent på folkemunne. Ruta og båten vert særdeles populær, båe som passasjerbåt og lastebåt. Ruta vert ei viktig ferdselsåra blant befolkninga i Sunnhordaland og Nord-Rogaland, seier Atle. 

Stord overlevde også krigsåra, men det kunne gått riktig galt den 20.april 1944 då eksplosjonen på Vågen i Bergen skjedde. Det nederlandske ammunisjonsskipet «Voorbode» med 120 tonn ammunisjon kom i brann og detonerte ved festningskaien i Vågen, kor liv gjekk tapt og menneskje vert skada. Styrmann Johan Fleten på Stord fekk båten ut på fjorden, og den slapp med naud og neppe unna.  

Frå damp til diesel i etterkrigsåra 

Etter krigen var Stord nedslitt og dampskipa vert dyre i drift. Det kom også fleire og fleire krav og reglar til større fart og skilje mellom last og passasjerar. Ikkje minst dei høge kolprisane gjorde det vanskeleg å drifta båten.  

Men det var ikkje slutten på visa. Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap bestemte seg for å motorisera den, og monterte to dieselmotorar av typen Paxman Ricardo. Desse motorane var i hovudsakleg gjenbruk frå krigsfartøy i Storbritannia i etterkrigsåra.  

Fekk eit dårleg rykte 

Ombygginga frå damp til diesel vert ikkje vellukka. Stord fekk plagsame ristingar i akterskipet, og det hende seg at denne ristinga førte til at båten ikkje kunne gjennomføra rutane, og måtte snu. Dette gjorde at båten fekk eit dårleg rykte. Heldigvis hadde fabrikkeigar på Rubbestadnes, Benjamin Haldorsen, ei løysing på problemet. Han monterte ei plate til skroget over propellen, slik at denne fekk rotera i rolegare og i mindre luftfylt sjø.  

Det var stor og merkbar forandring, og problemet vert løyst. Men dette førte til at færre dampbåtar vert moderniserte med dieselmotorar, og framover vart alle slike prosjekt skrinlagt. Dermed vart dei fleste gamle dampskip erstatta med nybygg, og dei gamle dampbåtane var no historie.  

Det er ikkje så mange av desse båtane igjen, så dei som er att må bevarast. Atle Tornes, styreleiar i stiftinga D/S Stord

Frå rutebåt til sosial-senter  

27. august 1969 var det slutt for Stord som rutebåt på Vestlandet, og båten sette kursen mot Oslo, kor han vart kjøpt opp av Blå Kors. Her vart Stord bruka som sosial-senter for alkoholskadde krigsseglarar og fekk nytt namn: O.T Moe og ei ny tid med ny bruk.

I 1979 vart O.T Moe lagt til sals. Året etter kom den i Norsk Veteranskibsklub i Oslos eige, og dei sytte for at båten ikkje vart til pinneved.  

Veteranskipslaget Fjordabåten kjøpte båten i 1981, og den vart slepa og lagt i opplag på Stord Verft AS. Restaurering og demontering starta same år, då dei bestemde seg for at Stord skulle tilbakeførast til eit dampskip igjen. Dampmaskin og kjele vert kjøpt med ein gamal tankbåt frå den Britiske Marinen. 

Vart totalvrak etter brann 

Etter mange tusen timar med dugnadsarbeid og arbeid frå skipsverftet, kunne Stord I igjen gå for eiga dampmaskin. Same året byrja det å brenne i maskinrommet, og Stord I vart erklært totalvrak. 

Veteranskipslaget Fjordabåten gav ikkje opp.  

Dei fekk Stord I for ei krone.   

Båten var heilt utbrent. Istandsettjinga startet opp igjen, fyrst av Veteranskipslaget Fjordabåten og frå 2006 tok Stiftelsen D/S Stord I over.  

–Det var mykje som måtte gjerast, og alt vert gjort på dugnad. Det har vore eit dyrt prosjekt, og tatt lang tid. Men vi har hatt mange støttespelarar, og spesielt Riksantikvaren og Kulturminnefondet har vore viktige bidragsytera, fortel Atle.  

 

 

Kulturminnefondet har betydd mykje 

I august 2005 kunne båten igjen gå for eiga maskin, og berre innreiingsarbeidet gjensto. No var båten i drift som veteranbåt og frå 2013 med passasjersertifikat.

Målsetninga har vore å gjenskapa det historiske grunnlaget som skipet var i perioden 1931-47.  

–Vi har fortsatt dugnadar, og omtrent kvar tirsdag møtes vi. Slik vi tek vare på skipet. Dugnadane betyr mykje og samheldet er godt.

Med støtte i frå Kulturminnefondet har blant anna banjer og mannskapslugarar vorte tilbakeført.  

– Støtta og veiledninga frå Kulturminnefondet har kome veldig godt med. Vi er veldig takksame for hjelpa.

Båten går no opne passasjerturer for allmennheten og er et attraktivt reise- og opplevelsestilbod. 

Målet er at dei reisande og besøkjande ombord får eit inntrykk av korleis skipet vart driven og om livet om bord, seier Atle. 

Ein maritim kulturskatt er levande og fremkaller minne frå ein over 100 årig epoke i rutebåttrafikken i distriktane i Hordaland. 

 

Fakta: Harald Sætre, 61 veteranbåtar på Vestlandet