F.v. Magne Teigen, Pål Øistein Steineide, Helge og Amund Frikstad med Mogulendelar på båe sider. Foto: Kjell Nyhus

Heidal, Sel, Innlandet

Mogulens venner restaurerer IH Mogultraktor 10 – 20, 1917-modell

Sted

Sel

Verdiskaping

Rullende og bevegelige kulturminner

Det er eit imponerande arbeid som blir gjort i regi av Mogulens venner i Heidal. Målet er at den gamle Mogulen skal putre og gå att til sommaren – 107 år gammal! Kulturminnefondet bidreg med inntil kr.50.000 til arbeidet.

Restaurerer IH Mogultraktor 10 – 20, 1917-modell

Mogulens venner i Heidal i Sel kommune har om lag 30 medlemmar, og dei er i gang med ei stor, krevjande og interessant  oppgåve: Restaurere ein IH (International Harvester) Mogultraktor frå 1917 som dei fekk kjøpt av Terje Letrud i 2017. Dei kjøpte med andre ord ein hundreåring som dei skal vekke til live att i løpet av neste år. Pål Øistein Steineidet (54) er leiar i Mogulens venner og Magne Teigen (63) , nestleiar.

Det er far og son, Helge og Amund Frikstad som har hovudansvaret for dette omfattande restaureringsarbeidet. Helge er pensjonert snikkar og Amund bilmekanikar for tyngre yrety. Arbeidet foregår i Heidal i verkstaden til Sjoa og Heidal gammelteknisk foreining som vart stifta i 1990. Det var berre medlemmar i gammelteknisk foreining som kunne teikne andelar i Mogulens venner.

Tekst og foto: Kjell Nyhus

Mogultraktoren blir henta hjå Terje Letrud vinteren 2017. Foto: Magne Teigen

Kulturminnefondet bidreg med inntil kr.50.000 

Den store verkstadhallen til foreininga har traverskran og er godt utstyrt med ulike maskinar og verktøy. Dette gjer det mogleg for Frikstadkarane å produsere nye delar til den gamle traktoren når det trengst. Det store stempelet m.a. vart dreia opp att i dreibenken og nye stempelfjører i overdimensjon vart kjøpt inn frå USA. Nye ventilar er laga og forgassaren er reparert med dels nye delar produsert i Heidal. Det er eit imponerande arbeid som blir gjort i regi av Mogulens venner i Heidal. Målet er at den gamle Mogulen skal putre og gå att til sommaren – 107 år gammal ! 

Kulturminnefondet si vurdering er at denne traktoren har høg aldersverdi som er sjeldan for denne typen kulturminne, og er eit godt tidsvitne om den tidlegaste fasen av mekaniseringa av landbruket i Norge.

Fondet tykkjer det er positivt at traktoren når den er restaurert skal brukast til å formidle landbrukshistorie til ålmenta og tilgjengeleg gjennom ulike arrangement som Mogulens venner og Sjoa og Heidal gammelteknisk foreininga tek del i. Tiltaka er naudsynte og vil gjera sitt til at traktoren blir teke vare på for ettertida. 

Traktoren blir frakta til Heidal

Mange dugnadstimar – traktoren ligg i tusen delar

– Vi er takksame for at Kulturminnefondet etter andre gongs søknad støttar opp om restaureringa av denne gamle traktoren, fortel Steineidet, men eg reknar nok med at det vil koste oss over det dobbelte. Kor mange dugnadstimar som vil gå med har eg ikkje noko sikkert tal på, men at det blir mange er sikkert. Som du ser no så ligg traktoren «i tusen delar», og noko har vi alt lakkert om att i olivengrøn militærfarge. Det var ein fargeflekk vi fann att på undersida av traktoren etter høgtrykkspyling som gjorde at vi etter ein diskusjon om farge landa på denne. 

– Var det problem å få delane frå kvarande etter hundre år ? 

– Nei, det har stort sett gått greitt. Det er så mange ulike rustløysingsmiddel i handelen, så vi har ikkje øydelagt noko i demonteringsarbeidet. Helge og Amund Frikstad har hovudansvaret. Dei er utruleg flinke, så dei fortene ein skikkeleg takk for arbeidet dei gjer med oppattbygginga av Mogulen, seier leiaren i Mogulen venner. Han opplyser om at Sjoa og Heidal gammeltekninsk foreining vart stifta i 1990 og har 97 medlemmar. Det er fjerde året dei restaurerer ein Gråtass  som dei loddar ut og som folk er svært viljuge til å kjøpe lodd i. Dette gav foreining rundt hundre tusen kroner i inntekt tredje året dei hadde loddsal. Når dei høyrer det er ein Gråtass i premie kjem smilet fram og dei kjøper lodd. Foreininga restaurerer gamle motorar og landbruksmaskinar som dei dels stiller ut att på ulike arrangement rundt om. Det er samlingar for medlemmane to kveldar i veka gjennom heile året, med mykje både fagleg og sosialt innhald. Dei tek også på seg oppdrag for private eigarar av veterantraktorar og -maskinar. 

Traktoren sett framanfrå

Detektivarbeid 

Pål Øistein Steineide fortel at Jørgen Letrud kjøpte traktoren på 60-talet. Han hadde også teke vare på fleire gamle traktorar og motorar som sonen Terje arva. Terje la dette ut for sal på Finn.no, og interessa for å kjøpe alle dei gamle traktorane og motorar var stor. Terje tykte at det var leitt at denne gamle maskinparken skulle forsvinne frå distriktet. Derfor avslutta han bodrunda etter ei orientering til høgste bodgjevaren og Mogulens venner i Heidal fekk kjøpe det heile for det høgste tilbodet han hadde fått.  

Magne Teigen er både historie- og fotointeressert, og han dokumenterer restaureringsprosessen som er i gang. Han er sjølv utdanna bilmekanikar og har også teke foto frå den gongen dei henta Mogulen på Otta i 2017. Når han fyrst blir interessert i noko, så går han «all in», som han seier. Magne kan også fortelja at det totalt vart produsert 8985 traktorar av denne modellen som står i verkstadhallen i Heidalen med følgjande vitale mål: 2594 kg tung, to gir, 22.2 liter motor, 12 tommar slaglengde, 3,42 m lang, 1,32 m brei og 1,77 m høg. 

Traktoren sett frå sida

– Eg kjenner til at det er ni slike traktorar i Norge, og eg har sett fire av dei. Fire av dei er 1917-modellar og tre er 1918-modellar. Dei to siste har eg ikkje heilt oversikt på. Eg har leita mykje på nettet, mellom anna gjennom ulike amerikanske aviser for å finne mest mogleg opplysningar om traktoren som vi skal bygge opp att: IH Mogultraktor 10 – 20, 1917-modell. Tala 10 – 20 fortel om krafta på traktoren i framdrift med kjededrift på eine bakhjulet og traktoren stilleståande som motor til reimskive til t.d. sagbruk eller trusking. Det er også ein modell 8 – 16. Traktoren som vi har kjøpt har lågast produksjonsnummer av dei eg kjenner til her i landet, fortel Magne Teigen. Han fortel også at traktoren i si tid drog eit sagbruk på  seterstulen på Jensås i Sør-Fron. Ungane fekk truleg leike på denne traktoren, så da Mogulens venner brukte metalldetektor fann dei att fleire metalldelar frå Mogulen i jorda der traktoren hadde stått. Dei har også spora opp andre delar i Folldal. 

Terje Letrud kan fortelja at det ein periode da Mogulen og andre gamle traktorar stod heime hjå han og faren vart det prata om å finne ein høveleg plass for å grave ned alt «dette jernskrotet». Heldigvis gjekk det ikkje slik. 

Stempelet blir teke ut.

Mogulen si historie i Norge 

Det er Pål Øistein Steineidet som fortel at to menn reiste til USA i 1917 for på vegne av staten for å kjøpe nye traktorar til Norge for å støtte opp om oppbygginga av landbruket i Norge etter fyrste verdskrigen. Det er noko usikkert om kor mange som vart kjøpt inn, med talet 20 har vore brukt. Da traktorane kom til Norge vart det ikkje nokon suksess for landbruket. Da hadde alt nokre meir moderne traktorar kome i sal, m.a. Fordson 1917, og Modulen var over to tonn og sidetung og hadde lett for å velte i bratte skråningar. Derfor fekk Statens vegvesen ta over nokre av Mogulane slik at det vart ein i kvart fylke. 

«Detektiven» Magne Teigen fortel at det står ein Mogultraktor 1917-modell på Statens vegvesen sitt museum på Hunderfossen i Øyer lagra i eit magasin. Han har også fått tak i fleire PDF-filer frå Statens vegvesen som fortel om historikk, tekniske mål og bruksanvisningar for korleis traktoren skulle startast og køyrast. Årboka 1987 for Norsk Landbruksmuseum inneheld ein fyldig artikkel om traktoren si fyrste tid i Norge og staten sitt engasjement i traktorimporten under fyrste verdskrig 1914 – 1918. Før verdskrigen ser det ut til at det vart importert to traktorar til Norge av typen Ivel.

Traktoren sett bakfrå

I årboka er det opplyst at Staten importerte 250 traktorar i 1917 – 18. Det kom tre traktormerke i 1916 som vart sett på prøve i Maskinprøvestallen på Ås. Mogul 8 – 16 frå International Harvester fekk best karakter fordi motoren var lett å passe og viste stor driftsikkerheit. Det var i følgje årboka kjøpt inn 30 stk av denne modellen. Det vart bestilt fleire Mogultraktorar frå USA, men på grunn av manglande eksportløyve frå USA er det usikker kor mange som til slutt vart levert til Norge. Alt i 1918 kjøpte Norge 20 Malcus-traktorar med plog frå Halmstad i Sverige som hadde kort leveringstid. Fleire Mogular vart ståande på Oslo hamn og rusta. Mogulen var ikkje noko suksess, men historikken er verd å ta vare på, hevdar Mogulens venner. Ein må kunne historia for å kunne styre framtida hevdar dei.