Historisk sporveislinje

Bergens Elektriske Sporvei arbeider med gjenetablering av den gamle trikkelinja Møhlenpris – Engen.

Til det fekk dei 700 000 i tilskot frå Kulturminnefondet

Sted

Bergen Kommune

Rullande kulturminne

Rullende og bevegelige kulturminner

Når linja blir fullført vil trikken knyte saman bydelar og ikkje minst kulturinstitusjonar.

Trikkane vart senkt til kvile i havet – men nokre få vart bevart

Den gamle sporveislinja frå Thormøhlensgate til Engen i Bergen vert sett i stand.  – Dette er byutvikling på skinner, meiner Carl Rasmussen i Bergens Elektriske Sporvei.  

Når linja blir fullført vil trikken knyte saman bydelar og ikkje minst kulturinstitusjonar. 

Foto og tekst: Hanna Thevik

Det er Bergens Elektriske Sporvei som arbeider med gjenetableringa og linja er i dag i bruka til museumskjøring fra Møhlenpris til Engen i Bergen. Linja er trafikkert innen Bergens Tekniske Museums opningstider og det er mogleg å bestille oppdragskøyring. 

Møhlenpris vaks til 

I sommaren 1897 byrja trikkedrifta i Bergen. Det var eit selskap kalla AS Bergens Elektriske Sporvei som sto bak, med ein tydeleg tysk innflytelse blant eigarane. Frå Småstrandgaten spreidde linjenettet seg i tre hovudlinjer, med endeholdeplassar ved Sandviken, Nygårdsbroen og Kalfartoppen. I tillegg var det to korte sidelinjer til Bradbenken og Sukkerhusbryggen. 

Bergen opplevde ein kraftig vekst, og Møhlenpris byrja å etablera seg som Bergens første forstadsområde. For å betjena trafikken til denne nye bydelen, vart det naudsynt å byggja ein heilt ny trikkelinje, kalla Møhlenprislinjen, som opna 1. juli 1911. 

Trikkane vart erstatta med trolleybussar

På 1930-talet var trolleybussar den nyaste trenden. Berekningar viste at det var økonomisk lønsamt å erstatta trikkelinjer med denne nye oppfinninga. Møhlenprislinjen og Nordnestrikken stod dermed for første gong i fare for å bli lagt ned. Andre verdskrigen forsinka likevel planane om trolleybussar betydeleg.  

Krigen førte også til alvorleg mangel på fungerande trikker.  

Etter krigen var det andre tidar. I 1947 fekk Bergens Sporvei 10 moderne trikker frå Strømmens Verksted. Optimismen var stor, og det var mange planar for både trikkedrift og trolleybussar, med planar om ekspansjon. Den 24. februar 1950 vart trolleynettverket ferdigstilt rundt Nøstet.

Dette markerte slutten for trikkelinje 3 etter nesten 39 års drift. Passasjerar frå Møhlenpris vart frå no av henviste til trolleybusslinje 5 Møhlenpris – Mulen. 

Vart senkt til kvile i byfjorden 

Då klokka tikka mot midnatt den 31. desember 1965, rulla den siste trikken frå Bergen sentrum til Minde. Ein stemning av melankoli og avskjed prega stunden. Ordførar Harry Hansen la ei krans på trikkens front, som om han hedra dens siste reise, medan sporveiens musikkorps spelte Chopins Sørgemarsj. Ein billett til fem kroner, ei symbolsk sum for den komande Grieghallen, vart betalt av dei som ønska å vere ein del av trikkens historiske avskjed. 

Trikkane vart samla på Møhlenpris, frakta over på lekterar til Sandviken, der dei skulle ende si levetid som skrapmetall. Andre trikker vart senka til kvile i havet utanfor Askøy. Sal til storbyar som Oslo og Malmö og til og med eksotiske stader som Lima og Calcutta hadde vore vurdert, men til slutt enda trikkene opp i Byfjorden.

Berre nokre få trikkar vart bevart som eit symbol på fortida. Blant anna trikk 10.

Avgjerande for nedlegginga av trikken i Bergen, i motsetning til Oslo og Trondheim, var dei avgrensa kommunegrensene som snevra inn moglegheitene for utbygging. Trikken i Bergen greidde heller aldri å oppnå same passasjertal som systertrikkane i Noreg. I 1943 strakte trikkelinjen i Bergen seg over 14 kilometer, men innan 1961 var berre 4,5 kilometer att av den ein gong stolte linja.  

Slik gjekk trikken frå å vere eit symbol på framdrift til eit minne om ei svunnen tid. 

Eit stykke historie i aktiv bruk 

Første prøvetur med den historiske linja frå Møhlenpris til Engen ble gjort 31. august 2022. Linja går gjennom eit historisk bygningsmiljø som er nær identisk med slik det var då linja vart nedlagt i 1950. 

– Viss nokre lurar på kvifor folk står å glisar ved endestasjonen, så er det fordi dei nett har køyrt med ein av dei gamle trikkane på den historiske linja, fortel Carl A. Harbitz-Rasmussen, styreleiar i Bergens Elektriske Sporvei. 

Bergens Tekniske Museum si hovedbygning kallas på folkemunne for Trikkehallen og museet har ein levande utstilling som viser den tekniske utviklinga i Bergen. Her står dei få gjenverande trikkane, men også gamle trykkemaskinar og dampmotorar.

Her står også ein gjenverande trolleybuss. 

Den historiske sporveislinja er meir enn nostalgi

Bergens Elektriske Sporvei fekk 700 000 i støtte frå Kulturminnefondet til reetablering av trikkeskinna. Det kjem båe innbyggjarar og turistar til gode.

– Møhlenprisboere kan ta trikken til teateret medan turistar kan ta den til Botanisk hage. Difor er trikken meir enn nostalgi – det er byutvikling på skjener, seier styreleiar Carl A. Harbitz-Rasmussen i Bergens Elektriske Sporvei. 

Tilsegnet frå Kulturminnefondet vart bruka til å leggje ned manglande skinnegang, slipe skjener og setja istand gamle veggfester. 

No manglar det berre nokre få justeringar. Så er den historiske sporveislinja komplett og nett slik den var for nøyaktig 112 år sidan.  

Om du vil lese meir om historien til trikkane, kan du gå inn her:  

https://www.besporvei.net/bes_historikk.html

– Vi synes det er svært positivt at Stiftelsen Bergens Elektriske Sporvei har eit ynskje om å setje i stand den historiske sporveislinja og dele den med fleire, seier styreleder Tine Sundtoft i Kulturminnefondet.