Bilder
Google

Kløfta miniatyrhus

Prosjektet har fått tilsagn på 65 000,- 

Kløfta miniatyrhus er eid av Anne og Hans P. Bjørningstad og er en laftet miniatyrstue, også kalt «Dokkestua» blant lokalbefolkningen.

Sted

Kulturlandskap

Kulturlandskap

Kløfta miniatyrhus – ei lita stove i ein hage

Av Carina Trulssen

Midt i ein hage i Ullensaker kommune i Akershus står eit raudmåla lite hus. Det er ei lafta miniatyrstove i dragestil, og stokkane held ein diameter på berre 5 cm. Huset, som er rikt på detaljar og har små krysspostvindauge, går under namnet Dokkestova blant lokalbefolkninga. Denne nemninga speglar også kva stova har vorte brukt til dei siste 50 åra.

Den vesle stova liggjande i eigars hage.
Fotograf: Einar Engen / Norsk Kulturminnefond

Med historie attende til kongevillaene på Bygdøy

Historikken bak miniatyrstova har vore uviss lenge. Imidlertid har Monica Mørch frå Norsk folkemuseum kasta ljos over opphavet til bygget. Ho fekk stadfesta at huset vart oppført etter teikningar av arkitekt og slottsforvaltar Hjalmar Welhaven, son av diktaren Johan Sebastian Welhaven. Arkitektteikninga har vist seg å vera noko så spesielt som ein modell for kongevillaene på Bygdøy. Monica Mørch kunne opplyse om fylgjande:

”Modellene er etter all sannsynelighet bygget etter en av arkitekt og (senere) slottsforvalter Hjalmar Welhavens skisse fra ca. 1876. På Riksarkivet i Oslo er det bevart over 10 skisser av Welhaven. Det er villaer av plankelaft som ble utarbeidet for bestyreren av Bygdø Kongsgård til bruk for kongehuset og hoffet.[1]

Mørch viste også til eit foto av teikningane til Welhaven, eit foto som vart nærast identisk med miniatyrstova. Koplinga til Oscar II var dermed stadfesta. Kongevillaene skal ha vorte bygd for å trekkje ein større del av hoffadministrasjonen frå Stockholm til Oslo. Welhaven sitt fagområde var trebygningar i sveitserstil, noko som gjorde at nettopp han som 26-åring fekk i oppgåve å bygge villaene langs stranda på vestsida av Bygdøy. Welhaven vart så slottsforvaltar under Kong Oscar II, og hadde stillinga i 30 år. Det innebar til dømes vedlikehald og forbetringar av dei kongelege bygningsmassene.

Wellhavens tegninger
Opphavsrett: Riksarkivets kartarkiv

Miniatyrstova vart truleg bygd ein gong mellom 1870 og 1880, og byggmeister var Torsten Thorstensen. Kva formålet med stova var, det veit ein dessverre framleis ikkje. Ein kjenner heller ikkje til liknande miniatyrstover som den på Kløfta.

 

Frå Oslo til Kløfta, og omgjeringa til dokkestove

Rundt 1930 vart miniatyrstova kjøpt av grandtanta til dei noverande eigarane. Stova vart så frakta frå ein hage i Oslo til Kløfta, kor kvinna brukte huset som dokkestove for niesane sine. Midten av 1950-åra var ei gylden tid for kjøp av leikety. Oppblomstringa i økonomien gjorde at born ikkje lenger trong arbeide for å spe på familieinntekta. I tillegg vart det meir utbreidd å sjå barndommen som eit viktig fundament for det vaksne livet. Dermed vart leiker og gode barndomsminne lagt større vekt på enn tidlegare.

Ola H. Fjellheim, Kulturminnekonsulent i Ullensaker kommune til venstre og eigaren Hans Petter Bjørningstad til høgre framfor miniatyrstova.
Fotograf: Einar Engen / Norsk Kulturminnefond

Det manglar framleis dokumentasjon for kva funksjonen til stova var før ho hamna på Kløfta. Ein veit at ho hadde både komplett innreiing og var delt opp i fleire etasjar. I samband med ombygginga til dokkestove vart imidlertid desse saga ut. Samstundes vart det laga ei dør i den eine veggen, slik at ungane kunne koma ut og inn.

Inne i stova
Foto: Einar Engen / Norsk Kulturminnefond

Eigarane har teke godt vare på miniatyrstova, men slitasje over tid har likevel sett sitt preg. I 2010 søkte dei dermed Norsk kulturminnefond om stønad til å bringe miniatyrstova attende til sin opphavlege stand. Eigarane frykta at enda ein snøvinter ville øydelegge det vesle huset.

Billedtekst: Sova før istandsetjing
Fotograf: Ola H. Fjeldheim

Restaureringa

Norsk kulturminnefond kom fram til at kulturminnet med den spanande biografien er svært unikt. Kulturminnefondet opplevde det imidlertid som prisverdig at eigarane ynskte å ta vare på stova, og ein meinte at kulturminneverdiane ville bli tekne godt hand om. Prosjektet vart også vurdert som viktig for å utvide den allmenne forståinga av kva eit kulturminne kan vera.

 

Kulturminnefondet gjekk inn med tilskot for å utbetre ròteskader, å rette opp dei delane av bygget som var skeive, samt rehabilitere bygningsdetaljane. Før arbeidet tok til vart miniatyrstova frakta med lastebil til ein snikkarverkstad. Her vart den ròteskadde sørveggen plukka ned, og ny plank produsert etter kopi av gamal modell. Eit ròteskadd utbygg med balkong vart dessutan gjenoppretta, og dei utvendige vindaugssprossene reparert. I tillegg kopierte ein dei gamle vindskyene og spira.

Stova inne på verkstaden. Sokkelen vil bli malt slik at den skal likna ein steinmur.
Foto: Ola H. Fjeldheim

Kulturminnekonsulenten i Ullensaker kommune opplyser i den siste synfaringa av huset at det har vorte sett i stand på ein førebiletleg måte, og at prosjektet er gjennomført i tråd med dei antikvariske prinsippa. Dette blir også stadfesta av Norsk kulturminnefond.

 

Med vidare framtid for lek og oppleving

Stova er framleis i funksjon som dokkestove, og ho kjem til å vera eit folkekjært landemerke på Kløfta også i tida framover, der ho står nyrestaurert på grønt gras. Det vesle huset er godt synleg frå vegen, slik at alle som ynskjer det har moglegheit til å oppleve kulturminnet. Ved førespurnad er eigarane også hjelpsame med å sleppe besøkande inn i stova.

 

[1] Opplysinga frå Monica Mørch ble gitt i samanheng med eigars dokumentasjonsinnhenting i forkant søknad om tilskott. Informasjonen er gjeven gjennom e-post korrespondanse mellom Mørch og eigar.