Jørntunet

Jørntunet er årleg i bruk som undervisningsarena for Davik oppvekst, der elevane overnattar i stova og lærer om korleis gardsdrifta var i tidlegare tider.

Sted

Bremanger kommune, Vestland

Verdiskaping

Kulturlandskap

Både kvernhus, stabbur og golvet på Jørnlada har vorte restaurert og satt istand, og til dette har Kulturminnefondet hatt gleda av å ha bidrege med til saman 153 500 kulturminnekroner. 

Jørntunet holdes ved like gjennom stort engasjement – driv med viktig formidling

Jørntunet er eit gamalt tun frå 1800-talet i Bremanger i Vestland, og ligg i eit typisk norsk kulturlandskap med vakre fjell og fjorden som næraste nabo. Tunet er det eineste av sitt slag i Bremanger kommune, og vert bruka, ikkje berre av bygdafolk, men av heile regionen. 

 Anlegget formidlar gardskultur, med fokus på lokal identitet. Jørntunet er viktig for formidling mot skuler, men også mot andre grupper i lokalsamfunnet.  

Foto: Privat

Heile gardstunet vert satt istand  

Stiftinga Jørntunet vart oppretta i 1992 og har som føremål å ta vare på og restaurere tunet og husa mest mogleg tilbake til opphavleg stand.  (bilete av stabburet under her)

Jørntunet med bygningane står stort sett slik dei gjorde då garden var i drift i byrjinga av 1900-talet, med bygningselement langt tilbake på 1800-talet, skriv Bremanger Kommune.  

Jørntunet, hus, fjell, høst, trær, fjord

Tunet er det eineste av sitt slag i Bremanger kommune

Ni bygningar

Gardstunet består i dag av eit stovehus, bygd som røykstove rundt 1850, ei løe med kufjøs, smalefjøs, og stall bygd i 1865. Vidare består bygningsmassen av eit eldhus, ein utedo oppsett i 2013, to kvernhus og eit stabbur, gjenreisa i 2020.  

Både kvernhus, stabbur og golvet på Jørnlada har vorte restaurert og satt istand, og til dette har Kulturminnefondet hatt gleda av å ha bidrege med til saman 153 500 kulturminnekroner. 

Redda kvernhuset 

Tidlegare var kvernhuset ein vanlig bygningsform i området, men no er den totalt ut av nytte, og dei fleste er vekke. Difor er det viktig å ta vare på dei kvernhusa som fortsatt er igjen.  
 
KverhusetJørntunet er spesielt viktig fordi den er ein del av eit autentisk gardsmiljø. Den er 150 år gammal og hadde stått nedfalls lenge, men vart redda og istandsett i 2016 – 2017. Noko av laftane og sperrane var rotne, og vert bytta ut.

Plukking av never til taket på kvernhuset.

Bevart gjennom ombruk 

Kvernhuset fekk også ny taktro henta frå om lag eit 150 år gamalt nausttak i Ålfoten som tidlegare har vore bruka som bordkleiing.
Stiftinga
seier at ombruken var helt perfekt til formålet. På troa vert det lagt never langs vindskier og under torvhaldestokk.

Oppå torva vert det lagt steinheller for å hindre at uvêr skada taket.  

Stiftinga fekk 16 500 frå Kulturminnefondet til dette arbeidet 

Kulturminnefondet synes det er imponerande det dei har fått til på tunet, og beheldt det originale uttrykket. Det er også bra dei har nyttaeldre materiale, og ikkje erstatta meir enn høgst naudsynt.

–Simen Bjørgen, Direktør i Kulturminnefondet

 

Gjenreisa stabbur

Kulturminnefondet ga i 2020 tilskudd til istandsetting av fundament og gjenreisning av stabbur på den gamle tufta. Stabburet rotna ned på 1970-talet, og berre steinstabbane stod att då stiftinga tok over. Stabbane var delvis rasa ned og måtte byggjast opp igjen.  

No har arbeidet vorte gjennomført, og det vart satt opp eit lafta stabbur frå 1850, slik at gardstunet framstår slik det gjorde før. Bygget skal brukast i formidlingssamanheng i lag med resten av Jørntunet.

Stabbane var nedrasa og måtte setjast opp på nytt.

stabbur, bordkledning, tre, hus

Stabburet med ny kleiing og nytt torvtak med never.

Stabbur, restaurert, stabber, vindu, hus

stabbur, torvtak, bannerskilt

Mykje vedlikehaldsarbeid 

Det har vorte gjort mykje vedlikehaldsarbeid i tunet i desse åra, fortel stiftinga i søknaden. Løa fekk ny bordkledning på 1990-talet i tillegg til reparasjonar på taket. Røykstova, som i mange år hadde stått med bølgeblekktak, vart restaurert i 1995. Då vert det gjennømført eit omfattande arbeid med både ny bordkledning, nye sperrer og trobord, og pålagt nytt torvtak.  

No sist var det altså golvet på Jørnlada sin tur. Lada i Jørntunet er bygd i 1865. Ho har original bordkledning mot nord og aust, mot vest og sør, og fekk ny kledning i ca. 1990 og 2010.  

Sommaren 2020 gav Kulturminnefondet eit tilskot på 39 000 til å leggje nytt golv og forlenge golvbjelkane. Prosjektet vart gjennomført på ein god måte, og dei borda som var i god stand vert gjenbruka.

Golvet i Jørnlada trong nye bordar.

Jørnlada fekk støtte til innvendige arbeid i 2020. No er golvet ferdig istandsatt.

Brukas som undervisningsarena 

Jørntunet er årleg i bruk som undervisningsarena for Davik oppvekst, der elevane overnattar i stova og lærer om korleis gardsdrifta var i tidlegare tider. Vidare lærer dei om korleis ressursane vart utnytta på ein gard, i tillegg til gamle handarbeidsteknikkar med karding av ull, spinning og strikking. Dei lærer også om fiske med garn, og til dømes med trode i elva som renn forbi tunet.