Google

Prosjektet

Grindbygg er en europeisk byggemåte som er flere tusen år gammel. Løa er delvis kledd med brake, en skikk som er avgrenset til noen kommuner i Hordaland.

Prosjektet har fått et tilskudd på kroner 264.550,- av Kulturminnefondet til diverse utbredningsarbeider på tak og vegger.

Sted

Osterøy, Vaksdal kommune

Verdiskapning

Verdiskaping

Bukksteinløa – brakekledning

Prosjektet omfatta istandsetjing av yttervegger og tak på ei grindbygd løe i Hordaland. Arbeidet vart gjort i tidsrommet 2004-08, og innebar også utbetring av grindverket. Den eine veggen var kledd med einer, såkalla brakekledning. Dette er ein skikk med røter tilbake til førhistorisk tid, og finst i dag berre i eit avgrensa område i Midt- og Nordhordland. Fornying av denne veggen var ein vesentleg del av arbeidet.

August 2002. Løa var i svært dårleg stand. (Foto: Oddvar A. Bukkestein).

 Garden Bukkstein har to bruk og ligg på vestsida av Veafjorden, på den delen av Osterøy som høyrer til Vaksdal kommune. Veafjorden har vakker og vill natur, og det finst ikkje veg på nokon av sidene. I heile fjorden er det berre bruk nr. 2 på Bukkstein som har fast busetnad i dag. Gardsdrifta på bruk nr. 1, som denne løa høyrer til, vart gradvis trappa ned på 1970-talet og tok heilt slutt på midten av 80-talet. Det vart heile tida drive på gamlemåten. Møka måtte berast i kiper, alt graset vart slege med ljå, hesjane var faste, og tørrhøyet vart bore i tau på ryggen. Hest var ein uoppnåeleg luksus, og derfor har det heller ikkje vore vanleg med låvebru på driftsbygningane i denne fjorden.

Løa er bygd i grindverk oppå eit fjøs av gråsteinsmur. Denne typen driftsbygningar vart vanleg i dette området i siste halvdel av 1800-talet. Før den tid var fjøset gjerne av lafta tømmer og kunne stå vegg i vegg med ei grindbygd løe eller inne i ei slik.

Det var tippoldefaren min, Ole Knutsøn Bukkesten (1831-1912), som bygde løa i 1873. Grunnflata er 8 x 13 meter, og konstruksjonen har fem grinder. Gavlveggen på nordsida har brakekledning, noko det også har vore på sørveggen fram til slutten av 1890-talet. I dag er det her liggjande bordkledning. På langveggen mot aust har det heile tida vore liggjande kledning, og på vestsida er det ståande bordkledning av ukanta bord. Taket er tekt med vosseskifer. Dette vart truleg gjort ein gong på slutten av 18-hundretalet eller byrjinga av 19-hundretalet. Opphavleg var det torvtak med never.

Løa vart brukt til lagring av høy, tidlegare også korn. Mellom høytufta og korntufta er det ein treskjelåve med ei fastbygd, todelt kornkiste. Delar av løa har ein skukk (hems). Her vart kornstaurane lagra. I regnfulle somrar måtte ein også ettertørka noko av høyet der. Fjøset er i dag stort sett slik det var den gongen det var gardsdrift; og truleg er det lite som har vorte endra opp gjennom tidene.

Med sine 135 år er ikkje løa på Bukkstein spesielt gammal, men etter istandsetjing er ho likevel svært autentisk. Sjølv om det på vestkysten av Noreg, og kanskje særleg i Hordaland, ikkje er noko uvanleg med grindbygde løer, representerer dei ein fleire tusen år gammal byggjeskikk som er utdøydd andre stader i landet og i Europa ellers. Mange av løene har også vorte så sterkt ombygde dei seinare åra at dei har mista mykje av verdien som kulturminne, og framleis vert mange rivne fordi dei enno har temmeleg låg status. Dette gjeld særleg på gardsbruk i drift, der ombygging eller nybygg ofte er naudsynt av omsyn til drifta. På nedlagte bruk går dei ofte til grunne på grunn av forfall. Det ville løa på Bukkstein også ha gjort om tiltak ikkje hadde vorte sette i verk.

Ole Harald Eriksen hadde ansvaret for istandsetjing av grindverk og sperrer. Under arbeidet synte det seg at ein stor del av materialane i løa, og då særleg i grindverket, var mykje eldre enn løa i seg sjølv. Ut frå gamle utfellingar i mange av stavane, og plasseringa av flyttemerke, kunne det sluttast at ein del av dei måtte ha vore brukte minst to gonger tidlegare. Det vart også funne fleire innskorne symbol og figurar. Dessutan oppdaga eg at det gyldne snittet har vore brukt til å fastsetja proporsjonane i løa. Det gjeld lengda, breidda, høgda og taksperrene, forutan noko av grunnflata både i løa og fjøset.

 

Brakekledning

Brakekledning er ein flettverksvegg som er kledd med greiner av brake (juniperus communis), også kalla einer, brisk eller sprake, trædd på vassrette lekter eller stenger, såkalla troer. Brakekledning er tett og samtidig luftig. Han høver godt som kledning på hus som skal vera tørre og luftige, og han er ofte brukt på ein eller fleire vegger i grindbygde naust, løer og utløer.

Detalj av den gamle brakekledningen. (Foto: Oddvar A. Bukkestein).

Det er berre i eit avgrensa område av Hordaland at ein finn brakekledning i dag. Den største førekomsten er i Osterøy kommune, elles finn vi han i kommunane Vaksdal, Lindås, Samnanger, Meland og Bergen, (Arna og Åsane). Grunnen kan vera at det er rik førekomst av brake i dette området, og at skogen i periodar har vore overbeskatta. Rydding av beiteland kan og vera ei medverkande årsak til bruken, i tillegg til dei gode eigenskapane slike vegger har. Materialen er gratis, men det krevst mykje tid og arbeid, både å henta han inn og å træ han i veggen.

Flettverksvegger har røter fleire tusen år tilbake i tid, men det er uvisst om det har vore ein samanhengande tradisjon med brakekledning så lenge. Desse veggene kan ha ei levetid på meir enn 100 år, alt etter kor godt arbeidet er utført eller kor utsette dei er for ver og vind. På Osterøy vart det sett opp brakekledning heilt fram til mellomkrigstida.

Sidan det finst få skriftlege kjelder om brakekledning, vil eg her gje ei nokså detaljert framstelling av korleis arbeidet på Bukksteinløa vart gjort. Eg vil nytta ordformene brake og brakekledning sidan desse er mest brukte i denne samanhengen, men den lokale varianten er sprakje og sprakakledning.

 Den gamle kledningen

Brakekledningen på Bukksteinløa var den opphavlege frå 1873. Den øvste delen av veggen var borte, og resten var nokså tynnsliten og dårleg. Som troer var det nytta lekter av furu, truleg skorne på ei oppgangssag som den gongen sto på Kåstad på andre sida av fjorden. Skorne lekter var ikkje så vanleg å bruka til troer på denne tida. Staur utan bork, gjerne av ask, var nok det vanlegaste. Lektene var av litt ulik dimensjon, men senteravstanden mellom dei var 20 cm, og dei var festa til stenderane med spikar. Det var stort sett dårleg material i lektene, og dei var derfor eit lett bytte for mit, noko som gjorde at ein del av dei hadde brotna og falle av.

Sjølve braken var i liten grad angripen av mit, og dei få mithola gjekk ikkje lenger enn omlag ein halv millimeter inn i treverket. Han var heller ikkje angripen av ròte, men hadde sjølvsagt misst mykje nåler.

Av dei skrå snittflatene på dei gamle greinene kunne eg slutta at dei var reinskorne med kniv, noko som skal ha vore vanleg på den tida, så noka greinsaks har dei nok ikkje hatt. Til innsamlinga er det nok mest truleg at dei brukte ei lita øks, og kanskje også til kvistinga.

Det er vanleg å bruka fyll, dvs. mindre kvistar med bar, i tillegg til greinene, men det var vanskeleg å finna spor etter dette i den gamle kledningen. Eg kan likevel ikkje utelukka heilt at det har vore brukt.

Elles var greinene omlag 1,5 – 2,5 cm tjukke der dei var kappa, og det meste av borken var fallen av. Mange av greinene var klufter, dvs. at dei var doble eller tredoble der dei var trædd gjennom veggen. Utvendig var veggen stussa, truleg med ljå,(stuttorv), eller sigd.

 

Innhenting av informasjon

Då eg frå starten av var ukjend med denne slags arbeid, måtte eg søkja informasjon der den var å finna. Først og fremst ved å studera den gamle kledningen svært nøye. Også andre gamle brakekledningar vart undersøkt.

Tverrsnitt av brakekledning. (Illustrasjon: Oddvar A. Bukkestein).

Skriftleg informasjon fann eg hjå Reidulv Gald[i], sivilarkitekt Inga Lindstrøm[ii] og Brita Gjerdåker Skre[iii]. Inga Lindstrøm har også lagt ut foto på internett og var dessutan hjelpsam med svar på spørsmål eg hadde. Ellers fann eg fotodokumentasjon frå eit kurs i brakekledning som vart leia av Trond Oalann[iv].

I tillegg til dette såg eg tre filmar som synte litt av framgangsmåten: ”Einer – en mangfoldig busk”[v] og ”Stavbygging og brakakledning”[vi], begge av Olav Kyrre Grepp, og filmen om Havråtunet[vii].

Alt dette synte ein del mindre variasjonar i framgangsmåten. Den største skilnaden var at ikkje alle såg ut til å bruka fyll. Eg har likevel valt å bruka det fordi eg meiner dette gjev det beste resultatet. Veggen vert då meir tettpakka og varer dermed lenger. Så vidt eg har forstått, er det også slik Rune Revheim gjer det. Han er kanskje den personen som har mest erfaring med brakekledning i dag. Sjølve ideen med ein brakekledning er at han skal vera så tettpakka at nålene vert liggjande også etter at dei losnar. Dersom ein ikkje brukar fyll, vil han lett verta mindre tett, eller i verste fall få eit hulrom inne ved troene.

Troer og utforingar

Som troer brukte eg trykkimpregnerte lekter i dimensjon 30 x 48 mm. På stavane vart det spikra utforingar av same type lekter, men med den smale sida inn. Deretter vart troene spikra utanpå utforingane med ein senteravstand på 20 cm. Dermed vart det eit mellomrom mellom troene og staven på ca. 5 cm. Elles vart troene spikra på stenderar. Avstanden mellom stenderane var 1,5 – 2 meter nedanfor beten, ovanfor beten var dei tettare. På innsida av taksperrene øvst på veggen vart det også montert troer. Det vart lagt klossar av lekter mellom desse og sperrene slik at det vart eit mellomrom på 3 cm mellom troa og sperra. Enden på dei øvste greinene kunne då stikkast inn i dette mellomrommet og haldast fast.

Innsamling av brake

Det har vore vanskelegare enn eg først trudde å finna eigna vyrke. Mykje av braken har vore for grovvaksen, truleg som følgje av lite beiting dei siste tiåra, noko som også har ført til tettare og større lauvskog, som så har gjeve braken mindre lys og næring og dermed færre nåler. Dessutan såg det også ut som om han har fått ein eller annan sjukdom mange stader, slik at nålene har vorte brune og byrja å falla av, og enkelte stader har han døydd heilt ut. Dette er noko som har utvikla seg over fleire år, men i 2008 såg det ut til å ha betra seg.

På grunn av alt dette måtte eg foreta innsamlinga over eit mykje større område enn først tenkt, og til dels i ulendt terreng. Braken er henta frå tre gardar på andre sida av fjorden; Kåstad, Kvamme og Stamnes. Brakegreinene vart klipt med greinsaks i lengder på 80 -100 cm og var 1,5 – 2,5 cm tjukke der dei var klipt av. Det måtte vera godt med nåler i ei lengd på minst 40 cm på øvste delen av greinene, og dei måtte heller ikkje vera for mykje bøygde. Det er viktig at det er sevje i braken når han vert samla inn, elles vil greinene ha lett for å knekkja når dei vert trædd i veggen og bøygd til. Det er sevje frå april til september.

Toppane av buskane hadde ofte meire nåler og var betre eigna enn det såg ut før dei vart klipte av, -dette på grunn av motlyset. (Foto: Ingri Bukkestein).

Greinene vart lagt på børa-tau og borne på ryggen på gamlemåten. I kvar bør hadde eg som oftast 65 greiner. Med ei gjennomsnittsvekt på eit halvt kilo pr grein vart dei fleste børene ca 32 kg tunge. Ein del av børene gjorde eg 5 kg lettare. Dei vart så frakta med båt og deretter borne til løa. Då braken må vera komen på plass i veggen før nålene byrjar å dryssa, bør han ikkje verta liggjande meir enn eit par dagar før han vert brukt. Eg gjorde det som oftast slik at eg samla inn brake den eine dagen og trædde han i veggen den neste. Nokre gonger samla eg ikkje inn meir enn at eg klarte å træ det i veggen same dagen.

Braken måtte berast sidan området stort sett var veglaust. (Foto: Ingri Bukkestein).

I tillegg til greinene samla eg kvar gong også inn eit par sekker med bar, dvs. kvistar på 10 – 30 cm, som eg brukte til fyll i veggen i tillegg til noko av det eg fekk under kvistinga og stussinga av veggen. Desse kvistane klipte eg med hagesaks frå busker der det ikkje var fleire brukande greiner.

Braken måtte berast sidan området stort sett var veglaust. (Foto: Ingri Bukkestein).

 Kvisting

Før greinene kan træast i veggen må om lag halve lengda av dei kvistast slik at det står att ein dusk på minst 40 cm med nåler. Eg brukte ein stor samekniv til å hogga av kvistane. Tradisjonelt har det vore brukt lauvkniv eller øks til dette. Under kvistinga må ein ofte ta stilling til om enkelte lange kvistar skal stå att slik at dei er med på å danna ein fyldigare dusk, men det må ikkje verta for tjukt i overgangspartiet mellom det som er kvista og det andre. Då vil greina oppta for mykje plass der ho er trædd gjennom veggen, og ein klarer ikkje halda talet på greiner høgt nok til at veggen vert tilstrekkeleg tett. For å klara minst 200 greiner pr kvadratmeter kan ikkje denne delen av greina oppta meir plass enn 2,5 cm i gjennomsnitt når han er pressa saman.

Kvisting av greiner. (Foto: Ingri Bukkestein).

 

Træing og stussing av veggen

Træinga føregjekk frå utsida av veggen og ved hjelp av stillas. Eg tok til ved utforinga på den eine staven. Den kvista enden av greina vart stukken inn mellom to troer og deretter bøygd ut att i mellomrommet over, slik at han sto i spenn mot den øvste av tre troer. Midten av greina var då på innsida av den midtre troa, og dusken sto i spenn mot den nedste. Dei andre greinene vart så trædd bortetter dei same troene heilt til eg kom til første stender. For at veggen skal verta tett og god må det brukast minst 200 greiner pr kvadratmeter. Derfor måtte eg passa på at det var minst 40 greiner pr løpemeter. Deretter reinklipte eg greinene med greinsaks i overkant av den øvste troa. Tradisjonelt har det vore brukt kniv til dette, noko som gjev ei skråare og lengre snittflate.

Før eg kunne starta med det neste omfaret, måtte eg leggja på fyll i området opp mot overkanten av den midtre troa. Til dette brukte eg små kvistar med bar, 10 – 30 cm lange. Kvistane vart lagt på tvers av greinene. For at dei ikkje skulle ramla av, stakk eg spissen av dei nedste fast i greinene under. Fyllet vart seinare klemt fast av det neste omfaret med greiner.

Træing av veggen. (Foto: Ingri Bukkestein).

Så var det tid for eit nytt omfar. Denne gongen byrja eg i motsett ende. Greinene vart stukne inn mellom dei i den førre rada og trekt inn til det var slutt på den kvista delen, og gjerne litt til hvis greina var i tjukkaste laget. For å klara å stikka greinene mellom, måtte eg av og til utvida mellomrommet med eit lite spett eller liknande. For å få veggen så tett som mogeleg, slo eg med lette, korte slag greinene ned med ei lita slegge. Kvar gong eg nærma meg enden av radene, var det lite rom til å bøya greinene til sides når dei skulle bøyast ut att i neste mellomrom. Dei hadde då lettare for å knekkja, så eg brukte derfor dei tynnaste greinene og gjorde dei så korte som mogeleg før eg trædde dei gjennom.

Her er det lagt på fyll oppe til høgre. Dermed vert det ikkje noko hulrom inne ved lekta og nålene vert liggjande sjølv om dei losnar. Den øvste lekta bøyer seg av spennkrafta frå greinene men vil retta seg når neste rad kjem på. (Foto: Oddvar A. Bukkestein).

For å få veggen like tett i ytterkantane, dvs i hjørna og mot sperrene, var det naudsynt å forsterka kledningen med greiner som vart stukne inn horisontalt, på tvers av dei andre greinene. Dette vart også gjort ved stenderane.’

Under træinga vart greinene av og til slegne nedover med små lette slag for å pressa fyllet godt saman under dei. Av og til slo eg også på skrå sidelengs for å gjera træinga lettare. Til slutt vart dei reinklipte i overkant av lekta. (Foto: Ingri Bukkestein).

Etter kvart som veggen vart trædd, stussa eg han med ei elektrisk hekksaks. Det var best å gjera dette seinast etter nokre dagar, før veggen vart stiv og tørr og nålene byrja å dryssa. Tradisjonelt har dette vore gjort med sigd eller ljå, (stuttorv). Veggen vart då jamn, tett og ca 30 cm tjukk. Eg let det vera att ei lita opning i spissen øvst på veggen. Dette var vanleg å gjera for å få god utlufting i løene.

Det var best å stussa veggen før han vart stiv og tørr. (Foto: Oddvar A. Bukkestein).

Materialforbruk og arbeidstimar

To tredelar av arbeidet vart gjort frå slutten av mars til slutten av juni 2007 og den siste tredelen i april og mai 2008.

Den nye veggen sett frå innsida. (Foto: Oddvar A. Bukkestein).

Til ca 30 kvadratmeter kledning gjekk det med om lag 6000 greiner med ei gjennomsnittsvekt på ½ kg, det vil seia tre tonn til saman, fordelt på ca 100 bører à 30 kg. Til arbeidet med å henta inn brake, frakta han på plass, kvista greinene, træ veggen og stussa han, gjekk det med 456 arbeidstimar.

 

Tankar

Vi lever i ein arrogant tidsalder og i ein sjølvgod del av verda. Tilfanget av kunnskap har vore stort det siste hundreåret, men det har vore mindre merksemd rundt tapet av kunnskap. Det siste er noko som går føre seg gradvis og nesten umerkeleg. Denne kunnskapen er ofte praktisk og handlar om korleis ein gjorde ting, og kvifor. Men det handlar også om tankar, tru og førestellingar som grunnlag for handling.

Juni 2008. (Foto: Oddvar A. Bukkestein).

Når til dømes det gyldne snittet, som også vart kalla den guddommelege proporsjonen, vart nytta til å fastsetja proporsjonane i denne løa, kan ein fundera over korleis dei målte det opp i praksis, kvar dei hadde ideen frå, men også kva motivet var. Var det ut frå reint estetiske grunnar eller var det av religiøse årsaker? Hadde ein spurt tippoldefaren min og andre i samtida hans om dette, så trur eg dei ikkje hadde forstått spørsmålet. Det gode og det vakre, eller det guddommelege og det estetiske, ville truleg vore to sider av same sak. Berre i mi eiga levetid kan eg merka at oppfatningar og tankegang i samfunnet har endra seg.

 

Er så denne kunnskapen som har forvunne, eller som er i ferd med å forsvinna, nyttig kunnskap? Det er det ikkje opp til oss å avgjera. Figurar og symbol som ikkje seier oss i dag så mykje, har ein gong hatt ei sterk meining og ein viktig funksjon. Det er ikkje ein gong sikkert at den som skar inn ein valknute i ein stav hadde så mange tankar om tydinga av dette, kunnskapstapet har alltid vore der, og mykje vert seinare gjort berre som eit resultat av vane og tradisjon. Det som i dag lett vert avfeia som overtru, kan likevel læra oss noko om oss sjølve og vår eiga tid. Etter mi meining har alltid gammal overtru vorte erstatta av ny overtru. For ikkje å støyta nokon, skal eg la vera å koma med døme på moderne former for overtru.

Oktober 2008. (Foto: Oddvar A. Bukkestein).

Eitt er i alle fall sikkert, grindbygg og brakekledning kan læra oss mykje om funksjonalitet og ressursbruk. Det som for ein del av våre dagars kunnskapslause menneske berre er noko gammalt skrap, inneheldt eit vell av informasjon. Ikkje all denne informasjonen let seg tyda, men mange spørsmål kan stillast og mange svar kan finnast. Vi bør likevel vakta oss vel for å romantisera det gamle. Dette er ei anna form for kunnskapsløyse, der ser ein bort frå det livet som vart levd, med slitet i kvardagen og farane som truga.

Under arbeidet med løa har eg vorte meir og meir overtydd om kor viktig det er at ho er teken vare på. Utan stønad frå Norsk Kulturminnefond ville eg ikkje ha klart dette. På mange måtar er ho ein kunnskapsbase for framtida, med liner tilbake til ulike epokar, men også til ulike delar av verda. Som eit av mange døme kan nemnast at bruken av det gyldne snittet truleg har opphavet sitt i India, har vore brukt i det gamle Hellas, i renessansen av Leonardo da Vinci, i barokken av Johann Sebastian Bach og i modernismen av Le Corbusier.

Mykje anna ved løa, som grindbygg, brakekledning og innskorne figurar, har også ulike berøringspunkt både i tid og rom. Det er ein del av den norske kulturarven, men inngår samstundes i ein større samanheng. Det kan hjelpa oss med å forstå oss sjølve og vår eiga samtid.

 

Oddvar A. Bukkestein er født i Bergen i 1953, er utdanna ved Bergens Kunsthåndverksskole (Kunsthøgskolen i Bergen), har arbeidserfaring frå både reklamebransje og museum, men har dei siste par tiåra vore tilsett i Posten Norge AS. Han har lenge hatt stor interesse for kulturminnevern og overtok i 2004 familiegardsbruket på Bukkstein i Vaksdal kommune.

 

Litteratur

 

  • Halvor Vreim: Fasgardløer og Brakekledning. Universitets Oldsaksamling, Årbok 1935-36.
  • Nils Georg Brekke: Stav, stein og brake -ein økologisk byggeskikk. Fortidsvern nr. 1-1988.
  • Rune Revheim: Bygningsvern/ kulturlandskap på Osterøy. Skriv datert 1991.
  • Helge Schjelderup og Ola Storsletten (red.): Grindbygde hus i Vest-Norge. NIKU Norsk institutt for kulturminneforskning. Temahefte 30.
  • Helge Schjelderup og Ola Storsletten (red.): Grindbygde hus i Vest-Norge. Eksempelsamling. NIKU Norsk institutt for kulturminneforskning. Temahefte 34.
  • Dag Nilsen: Har proporsjonering ved hjelp av geometri og tallforhold vært anvendt i norsk anonymbebyggelse? Artikkel i Årbok 1991, Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring.
  • Vaksdal bygdebok. Band III. Brita og Ivar Skre. Vaksdal bygdeboknemd 1965.
  • Vaksdal bygdebok. Band IV. Red. Brita Skre. Vaksdal bygdeboknemd 1987.
  • Åsta Østmoe Kostveit: Kors i kake, skurd i tre. Tegn og symboler i folkekunsten. Landbruksforlaget 1997.
  • Mikkel B. Tin: De første formene. Folkekunstens abstrakte formspråk. Novus forlag. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Oslo 2007.

[1] Reidulv Gald: Råd og tips om utvendig restaurering av eldre bygg. Fylkesmannen i Hordaland. Landbruksavdelinga. 2001.

[1] Inga Lindstrøm: Brakekledning av garasje på Tveiterås i Bergen. www.niku.no/en/1000968i.html

[1] Brita Gjerdåker Skre: Havråboka. Soga om ein gammal gard på Osterøy. Stiftinga Havråtunet. Osterøy 1994.

[1] Biletserie frå kurs i brakekledning 23.-25.august 2006. www.museumsnett.no/salhus/kulturv.nordhord/bilder_brakekurs3.htm

[1] Einer – en mangfoldig busk. Regi: Olav Kyrre Grepp. Produksjon: Statens Filmsentral/NKKM. År: 1986.

[1] Stavbygging og brakakledning. Regi: Olav Kyrre Grepp. Produksjon: Statens Filmsentral. År: 1972.

[1] Havråtunet. Regi: Sigurd Agnell. Produksjon: Norsk Film A/S, Statens Filmsentral. År: 1950.