Sted

Lom

Bolighus

Bolighus

Torgeir Odd Sørhage og broren Ola tok over garden Sørhage 43/1 og 2 i Bøverdalen i Lom i 1981. Torgeir Odd hadde stilling i Lom & Skjåk sparebank og Ola har arbeidd deltid i postverket. Garden har rundt 100 da. jord og beiteareal, om lag 200 da skog og 500 da anna areal. Garden har framleis seter i Visdalen inn mot Jotunheimen. Dei to våningshusa på garden er bygde i 1974 og 1753 (restaurert fleire gonger), Driftsbygningen frå 1960 vart ombygd/påbygd i 1980. Dyrehald på garden vart avslutta i 2010, og dei leiger ut det dyrka arealet. Etter at Torgeir Odd vart pensjonist har han bygd seg nytt snikkarhus der han produserer mellom anna kjøkkeninventar spesialtilpassa kundane sine ønskjemål. Der har han også laga nye dører og glas til det nyrestaurerte tømmerhuset.

Brør i Lom restaurerer gammalt hus

Brørne Torgeir Odd (f. 1950) og Ola Sørhage (f.1953) tykkjer det er verdifullt å ta vare på det gamle huset som har stått oppi garden hjå dei i Lom. Med støtte frå Kulturminnefondet, Norsk kulturarv og SMIL-midlar har Jotunheimen Bygg i løpet av hausten restaurert det gamle tømmerbygget som omfattar stabbur, tørrstugu eller eldhus og aurbu. Foto før restaureringa tok til, og tilstandsrapport som vart utarbeidd, dokumenterte at muren inn til aurbua var på tur til å rase saman og stabburet hadde sige ned og vorte skeivt.

Tekst og foto: Kjell Nyhus

Det nyrenoverte tømmerhuset med to glade brør i Bøverdalen i Lom, Ola Sørhage (t.v.) og Torgeir Odd Sørhage Foto: Kjell Nyhus

Torgeir Odd Sørhage er takksam for dei tilsagna og tilskota dei har fått. Brørne hadde fått utarbeidd ein tilstandsrapport og eit kostnadsoverslag som lydde på kr.839.000 kroner. I tilsagnbrevet om tilskot på inntil kr. 250.000 frå Kulturminnefondet er tiltaket omtala slik: Demontere bygning og fundament, planering og drenering av tomt, oppattmuring, restaurering av laftekasser og midtgang, remontering av golv og golvbjølkar, samt restaurering av vindauga og kledning av midtgang. Kulturminnefondet har vurdert bygget med fleire funksjonar som eit viktig og representativt kulturminne for kommunen og dei tradisjonelle driftsformene i området. Dei tykkjer det er positivt at Sørhagekarane ønskjer å setja kulturminnet i stand. Brørne er svært godt tilfreds med samarbeidet dei har hatt med Kulturminnefondet som dei i byggeperioden har reklamert for med eit stort banner ned mot riksvegen opp mot Sognefjellet.

Norsk kulturarv er lokalisert i Vågå som er nabokommunen vår, fortel Torgeir Odd. Derfor tok eg bilen og køyrde til Vågå og Ullinsvin der kulturarven har kontora sine. Der vart eg møtt med god service og god hjelp til å fylle ut søknaden om 30.000,- frå «Ta eit tak»-midlane som dei disponerer. Med tilstandsrapporten på bordet som grunnlag for ei god samtale om prosjektet fekk vi tilsagnet kom kort tid etterpå. Greitt og enkelt, smiler Torgeir Odd, som fekk positiv tilbakemelding på at brørne ønskjer å setja kulturminnet i stand for å kunne ta det i bruk att. Tiltaka er vurderte som naudsynte for å sikre vidare bruk og for å ta vare på bygningen.

Etter at torva var fjerna tok det berre fem timar med bil og kran å ta ned tømmerhuset den 3.juni i år. (Foto: Torgeir Odd Sørhage)

Gammalt hus med fleire funksjonar

Om det har vore eldhus eller tørrstugu i det søre rommet er brørne litt usikre på. Det er i alle fall tydeleg teikn på at det har vore mykje røyk i rommet. I mønsåsen er det skore inn årstalet 1800, men Torgeir Odd kan referere til folk som fortel at hesthugunove stammar frå 1600-talet. I den nørdre delen er tømmeret mindre, og der var det ikkje så tett mellom stokkane. Kanskje var det rommet nytta som stabbur der dei hadde kornbøle, flesk i lange trau m.m. Dette rommet er nå like tett som resten av tømmerhuset, med «husmåså» mellom stokkane. Den store kornbøla vart lyfta opp i rommet mellom golvåsane fordi ho var større enn døropmingane. Ola Sørhage med hjelp av andre i familien hadde sjølve plukka fleire sekkar med god «husmåså», og bjørkenever som dei hadde lagra i garasjen til dei med velvilje frå Kong Vinter fekk det på plass i og på tømmerhuset. Jord var lagt på det nye taket og tilsådd sist i november, og stillaset vart teke ned like etterpå. Både Torgeir Odd og Ola er svært godt tilfreds med restaureringsarbeidet til Jotunheimen Bygg som vart avslutta fyrst i desember før vinteren skikkeleg kom i Bøverdalen i Lom.

Torgeir Odd vedgår at kostnadsoverslaget nok ikkje heldt, og før jul skal alle som har vore med på restaureringsarbeidet bli invitert til mønskål heime hjå dei. Sørhagefolket tek vare på både kulturarven og dei gamle tradisjonane i bygda.