Andersgardløa

Bygget er det største på øya, og framstår som et fint tidsvitne frå byggeåret 1875. 

Løa har svalgong innvendig, noko som er sjeldant å finne i Romsdal. 

Foreninga Andersgardsløa fekk 400 000 kroner frå Kulturminnefondet til å sette bygget i stand. Utvendig er arbeidet ferdig, med ny bordkleiing og nytt skifertak. No held dei på å reparera innvendig. Løa får nytt golv, bordkleiing og steinmur. 

Det finns svært få attverande tilsvarande bygg, som er bevart. 

Sted

Ålesund Kommune

Fast kulturminne

Forsamlingshus

–Løa er ein god representant for vestlandske grindverk, og fortel på ein god måte korleis byggjeskikken var på 1800-talet

– Romsdalsmuseet 

Andersgardløa på Ona er redda frå forfall

På det sydlegaste levande fiskeværet i Noreg, Ona, står Andersgardløa. Løa frå 1875 står nokre hundre meter frå det kjende landemerket Ona Fyr, ytst mellom Stadthavet og Hustadvika. Løa er eit signalbygg i eit kulturlandskap som det er verdt å ta vare på. 

Løa er renovert og tenkt nytta som ein uformell samlingsplass for befolkningen på Ona, der båe øyas befolkning og dei som har fritidshus kan vere. 
Det er også planlagt ei eiga museumsavdeling, knytt til Romsdalsmuseet

– Det er eit ynskje om at løa skal vere ein kulturell møteplass for menneskje i alle aldre, samt vere eit aktivitetsrom for born og ungdom, seier foreininga Andersgardløa.

Tekst og foto: Hanna Thevik

Dugnadsånda trumfer

Foreninga Andersgardløa har som mål å verne løa slik at ho inngår i det totale bygningsmiljøet på Husøya. 

Inge Sandnes er styreleiar for foreininga. Han fortel at støtta frå kulturminnefondet og andre bidragsytera har vore viktig.  

Inge Sandnes, leiar i foreininga Andersgardløa fortel at støtta frå kulturminnefondet og andre bidragsytera har vore viktig.

Det finns svært få attverande tilsvarande bygg

– Vi har også søkt bistand og har hatt nær kontakt med Romsdalsmuseet. Dei er spesialistar i eldre bygg, så dei har vore til god hjelp.

Men det er ein ting som er viktigare enn pengar;

– Det viktigste har vore dugnadsånda! Har ikkje folk vore engasjerte i å vere med på å berge bygget, så har det vorte rive. Det er ikkje snakk om berre peng, men engasjement og verdien i å ta vare på dette bygget.  

 – Å det å rive ned dette bygget hadde vorte ei katastrofe!, seier han. 

 

Hadde vindmølle på taket

På 1930-talet vert det bygd og montert ei vindmølle på taket på løa, som dreiv ei vasspumpe. Anlegget vart konstruert av Konrad Klauset, og var en viktig del av gardsdrifta. Den var i drift fram til andre verdsskrig, før den vart teke av ein kraftig orkan. Mølla sto slik for vatnforsyning til våningshus og fjøs. 

Vatnet vart pumpa opp til eit høgareliknande vassmagasin, og gjekk i røyr ned att til våningshus og fjøs. Seinare vart også to nabohus kopla til dette røyrnettet og fikk slik innlagt vatn. 

 

Vindmølla i Andersgardløa er eit unikt vitnesbyrd om kreativitet og nytenkning hjå den norske bonden og historia i seg sjølv er verdt å teke vare på. 

 

Open for alle: Løa skal vere ein kulturell samlingsplass for båe besøkande og lokale.

Evig takksame

Å renovere ei slik stor løe er ei kjempekostnad, seier Inge Sandnes. 

– Vi er evige takksame for den hjelpa me har fått i frå Kulturminnefondet, seier han og meiner at Andersgardløa ikkje har vorte renovert om det ikkje var for støtte frå fondet. 

– Vi har heldt på i mange år, og vi kjem til å halde på i mange år til. Men eg er sikker på at den bygninga kjem til å stå i mange hundre år til å vel så det.

Eit godt arbeid: Foreninga har skifta verveggen mot sør med kledning av ulike bredder slik som det opprinneleg var.

Tiltaka bidreg til verdiskaping og formidling i eit verdifullt kulturminne i eit heilhetlig kulturlandskapsmiljø, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet

Andersgardløa innvendig