Aktuelt

Ukategorisert

Ny aktivitet i Nyrnes-smia

I Lom og Skjåk er det nedbørsfattig. Lokalt vert det sagt at i løpet av eit år kjem det mindre nedbør i dei to Ottadalsbygdene enn i Sahara.

Dersom kulturlandskapet ikkje skal enda opp som ørkenland, er det naudsynt med kunstig vatning. Frå tidlegare tider var smelta vatn frå breane i høgfjellet leda ned til gardsbruka. På 1900-talet var det stor produksjon av spreiarar for vatn i Ottadalen. Den mest kjende var «Nyrnes-spreiaren». Den vart utvikla på garden Nyrnes i Lom av Erling Nyrnes (1909-1973).

Kulturminnefondet har nyleg vedtatt å støtte restaureringa av smia i Nyrnes.

Støtta er på kr 90.000,-

Smia i Nyrnes. Foto av Arve Danielsen, Fjuken

Smiu er intakt, med ein gammal manuell smiubelg.

Det er også ein dreibenk her, denne vart drivi med vasskraft og reimer. Nyrnes-brørne, onklane til dagens eigar Per Eilev Nyrnes fekk også til mykje anna, både av teknisk art og meir kunstnarisk.

Bilveg kom fyrst etter 1950, båt og Vågåvatnet var transportåra, næraste bygdesenteret var Garmo.

Denne smia har ei spesiell kulturhistorisk betydning i Ottadalen. Smia har høg aldersverdi, truleg frå rundt 1790. I tillegg er den ein del av eit godt bevart kulturmiljø på garden, saman med blant anna hovudbygning, eldhus og aurbu. Smia er ein sentral del av tunet og er viktig for bygningsmiljøet.

Tilskotet frå Kulturminnefondet skal brukast til å setja smia i stand.

Basert på bygningens høge kulturminneverdi er det viktig at arbeidet skjer med tradisjonelle handverksteknikkar og materialbruk som originalt.

Fristen for å bli ferdig med arbeidet er i løpet av 2023.