Ukategorisert

Nøisomhet får 350 000 kroner i støtte frå Kulturminnefondet – eit kulturhistorisk løft

Det ikoniske bygget Nøisomhet, som husa avisen Firda, skal restaurerast. Det er planlagt ein brei og aktiv bruk og styret i Kulturminnefondet ynskjer å støtte prosjektet med 350 000 kroner. 

– Tilbygget der Firda vart trykt og kom ut, må bli eit «minimuseum» der vi kan vise avisa si historie, meiner stiftinga Nøisomhet.

Planlagt aktiv bruk: bygningen skal bli bruka kulturelle formål

Sjølve huset er utforma slik at det kan nyttast til ulike aktivitetar, til glede for mange i Førde.

– Vi arrangerte føredrag om huset si historie i slutten av november. I tillegg har vi plan om ein minikonsert tidleg på nyåret, opplyser stiftinga, som forvaltar bygget, til Kulturminnefondet.

Eit kulturhistorisk løft

Avisa Firda vil gjerne at stiftinga tek over den gamle pressa.

Firda er også interessert i at stiftinga kan ta over gamle blysatsar, aviser og anna historisk materiale, skriv dei i søknaden.

– For Førde vil eit museum bli eit viktig kulturhistorisk løft plassert midt i sentrum. Eit museum må gjerast tilgjengelig for publikum, skriv stiftinga til fondet.

Kulturminnefondet er positive til prosjektet. Søkaren har òg knytt kontakt med handverkarar der kulturminnefagleg kompetanse er ivareteken.

Får støtte: Kulturminnefondet har gleda av å tildele inntil 350 000 kroner til å tilbakeføre avisdelen av huset

Det er positivt at vidare bruk av bygningen blir til kulturelle formål og museum som viser produksjonsprosessen ved å lage aviser i tidlegare tider. Kulturminnefondet har gleda av å tildele inntil 350 000 kroner til å tilbakeføre avisdelen av huset, seier Hanne Kristin Jakhelln, styreleiar i Kulturminnefondet.  

Dette skal 350 000 kroner frå Kulturminnefondet gå til: 

Tilskot blir gjeve for å tilbakeføre den eine delen av bygningen som husa avisen Firda ved å reparere taket og montere nye takrenner. Det blir òg gitt tilskot for å lage tre nye vindauge lik dei originale, ei ny dør lik den originale, ny kledning i kjerneved av furu, fjerne garasjeport og montere nytt golv. 

Foto: privat fra søknaden