Kulturminnefondets formidlingsstipend for 2024 vert tildelt Bianca Wessel. Gjennom prosjektet “Lys i gamle hus” formidlar ho verdien av å ta vare på og aktivt bruke gamle hus.
Det var under et foredrag at styreleiar Hanne Jakhelln overrakk stipendet til ein overraska Bianca i Kulturminnefondets lokalar på Røros.
– Gjennom prosjektet «Lys i gamle hus» vert det umoglege mogleg. I tillegg engasjerer ho og inspirerer andre utan å skape konfliktar, begrunner Jakhelln.
Inspirerer og engasjerer
Årets stipend vert lyst ut med 1.mars som frist for å nominere kandidatar. Det kom inn 96 nominasjonar frå heile landet. Det er nesten dobbelt så mange nominasjonar som i fjor.
Den som mottek stipendet må kunne begeistre ulike målgrupper og vise korleis det er mulig å redde kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut.
– Eg tykkjer Bianca har synt oss korleis dette kan gjerast her i dag. Gjennom prosjektet «Lys i gamle hus» vert det umoglege mogleg. I tillegg engasjerer ho og inspirerer andre utan å skape konfliktar. Det har vore spesielt viktig for styret å få fram at positive krefter har stor gjennomslagskraft, seier Jakhelln.
Arbeidet med prosjektet nyttar, og er med på å skape verdier.
– Dette var ei gledeleg overrasking, sa Bianca. Dette mogleggjer enno meir av vårt arbeid. Stipendet gjev klart ein motivasjon til å fortsette å begeistre og inspirere andre.
Ein innsats verdt å berømme
I Noreg står over 200 000 bygg tomme. Fortidsminneforeininga meiner at forlatne hus i norske bygder og grender bør setjast i stand og fyllast med nytt liv, og starta difor opp pilotprosjektet “Lys i Gamle Hus”.
Bianca har erfaring fra kommunikasjon og prosjektledelse, og har sidan 2021 vore prosjektleder for pilotprosjektet.
Ho er engasjert som frivillig i Fortidsminneforeningen, og er styremedlem i Trysil og Engerdal lokallag. Ho er også styreleiar for Hedmarks fylkesavdeling.
Kulturminnefondet berømmer Biancas innsats i prosjektet.
Målet er å auka tilflytting, skapa meir bukvalitet og fremja gjenbruk av eksisterande bygg. Lys i Gamle Hus skal vera ein møteplass for eigarar av slike hus, leigetakarar og alle som ynskjer at gamle hus skal takast vare på og nyttast, seier Bianca.
Kulturminnefondets formidlingsstipend
Formålet med stipendet er å bidra til å auke oppmerksemda på kulturminnevern i Noreg.
Stipendet, som er på 50 000 kroner, skal brukas til reise og foredragsverksemd, kvar det formidlas om praktisk kulturminnevern og eigne erfaringar.
Den som mottek stipendet må kunne begeistre ulike målgrupper og vise korleis det er mulig å redde kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut.
Desse har tidlegare fått stipendet
I fjor var det Olav Kvipt som fekk formidlingsstipendet for hans store innsats som formidlar og kulturbærer. På slektsgarden i Telemark tek han vare på båe gamle bygningar og gamle bilar, med å blant anna gjenbruke materialar som andre kastar. Han har også delteke i fjernsynsprogramma “Olav på Kvipt” og “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”.
Les mer om Olav Kvipt og sjå kven som tidligare har fått stipendet her: https://kulturminnefondet.no/nasjonalt-formidlingsstipend-til-olav-kvipt/