Ukategorisert

600 000 kroner til nytt dekk på MS. Jøsenfjord – Skipet er som ei historiebok

Skipet har vore brukt til kombinert gods- og passasjertrafikk og er det einaste gjenværende lokalruteskipet i Rogaland. Det er eigd av Jøsenfjord Rutlelag AL, som har ansvar for å ta vare på skipet som beskrives som ei historiebok.

Dei kan no halde fram arbeidet med restaureringa, for styret i Kulturminnefondet vedtek eit tilskot på 600 000 kroner. Pengane går denne gongen til nytt dekk.

Ble henta heim att

MS Jøsenfjord vart bygd ved Christiansands Mekaniske Verktøy, og det vart sjøsett i 1886. I perioden frå 1929 til 1978 gjekk fartøyet i kystrutetrafikk i Ryfylke. Skipet vart først seld til Tyskland i 1978, og nokre år seinare seld vidare til Schagen i Nederland, før det vart henta heim att i 2011 og restaureringa av fartøyet tok til.

I skipets levetid har det gjennomgått fleire tilpassingar og endringar.

“Skipet er som ei historiebok”

Det er fleire forhold ved dette skipet som er spesielle. Jøsenfjord er det einaste som er i behold av skipa som gjekk til Ryfylke i forrige århundre.

– Det eine er nettopp alle ombyggingar og tilpassingar som har skjedd i løpet av 135 år, og frå Riksantikvarens side er det betegna som «ei historiebok» som viser utviklinga i skipsbygging og samferdselshistorie over ein lang periode, skriv rutelaget i søknaden til Kulturminnefondet.

Tilpassingane dokumenterer utviklinga i både skipsbygging og samferdselshistorie over ein lang periode, inkludert korleis slike tilpassingar skjedde regionalt i Rogaland. Styret har vedtatt at Kulturminnefondet ønsker å bidra med tilskudd til istandsetting av shelterdekk og brodekk, sier styreleder i Kulturminnefondet, Hanne Kristin Jakhelln.

 

Eit skip alle kan få oppleve

Skipet har vore i dokk sidan 2015 hos BDF. Her har skipet blitt heilt ribba, og store delar av stålet har blitt skifta. Skipet vart i juni 2023 slepa til Hardanger Fartøyvernsenter for trearbeid. Det legg no bakdekk og salongdekk.

Etter restaureringa skal det brukast til blant anna turistturar, utleige til blåturar og andre arrangement, skulebesøk og opplæring. Slik kan skipet vere ei dokumentasjon av lokalrutetrafikken i Ryfylke i etterkrigstida, sier rutelaget.

Mye dugnad og støtte

I 2022 fekk rutelaget 600 000 kroner frå Kulturminnefondet til restaurering av salong om bord i båten.

Rutelaget fekk stor støtte fra fleire i startfasen til innkjøp og heimtransport, og dei første åra vart det utført mykje dugnadsarbeid med rydding og klargjering for nødvendige skrogarbeid.

Rutelaget har også fått midlar frå ulike offentlege og private institusjonar, mellom anna 1 million kroner frå Vestenfjeldske, 0,6 millionar frå Kulturminnefondet og 3,5 millionar frå Ryfylkefondet, for å nemne dei største.