Aktuelt

Ukategorisert

Kulturvern for framtida

Kulturvern er merkelege greier, men mest av alt merkesteinar i liva til menneska, skriv Ole Aastad Bråten, direktør ved Valdresmusea.

Tømmerhus rotnar. Picasso fell i grus. Kulturminne er merkelege greier, men mest av alt er dei merkesteinar i liva til menneska. Og dei er inga fornybar ressurs. Derfor skal vi ta vare på dei for ettertida. Eg har fire ynske for ein framtidig kulturminnepolitikk.

Kva vi vel å kalle kulturminne endrar seg over tid. Tankar om kulturhistorisk verdi er ikkje det same no som før. Kva som rører hjartestrengen vår i møte med historiske minne, er styrt av andre forhold i dag enn då ein tok til med freding rundt 1900. Det er historiske grunnar til at stavkyrkjene har sopass høg verdi, sjølv om også vi ikkje vil vere ueinig i grunngjevinga for fredingane av kyrkjene den gongen.

Med tida endrar ideane seg for kva vi skal ta vare på. Og stadig oftare ser vi grunnar til å sikre også bygg reist i vår tid. Med fortetting i byane og høg utbyggingstakt er dette ei krevjande øving. Og derfor skal vi vise varsemd før vi set gravemaskinkjeften i nyare hus. Og derfor ropar mange varsku for rivinga av Y-blokka. For Riksantikvaren og det internasjonale samfunnet framstår det som ei gåte kvifor ein ikkje sikrar heilskapen i regjeringskvartalet

Riksantikvarens fredingsstrategi sikrar breidde i bevaringa av nasjonale kulturminne. Den manar òg til heilskapleg innsats for det lokale kulturminnearbeidet, og som ikkje fell inn i eit nasjonalt vernearbeid. Det siste er meir krevjande. Nasjonale retningsliner for bevaring synest fjernt for mange kommunar. Då er det meir freistande med inntekter frå utbyggarane.

1. ynske: Nasjonale retningsliner.

Med regionreforma får fylkeskommunane utvida ansvar på kulturminneområdet. No skal også fartøyvernet og mellomalderkyrkjene inn i porteføljen. Men kompetansen sit ikkje alltid på fylkeshuset og forvaltingspraksisen er ofte ulik mellom fylka. Dessutan er det ein tendens til politisering av kulturminneforvaltinga på kommune- og fylkesnivå.

Riksantikvaren må sikre nasjonale retningsliner for forvalting av kulturminne, og han må vere ein samlande autoritet for den desentraliserte kulturminneforvaltinga.

2. ynske: Bruk musea.

Politikk er som silotankar. Den verkar berre innanfor lukka område. Skal ein lukkast i arbeidet med kulturminne, må forvaltinga finne leikekameratar på alle område. Her speler musea ei viktig rolle. Alle fylke er ikkje rusta til å handtere oppgåvene som kjem. Men løysinga åleine er ikkje å pumpe fylka fulle av nye ressursar. Sit ikkje kompetansen på fylkeshuset, må ein bruke kompetansen der han er, i musea.

I Oppland har fylkeskommunen og musea lukkast i felles innsats for bygningsarven. Her er utfordringane særleg store med 600 freda bygningar og 40.000 bygningar bygde før 1900. Og når fylket sjølv ikkje har kapasitet, søkjer ein råd frå eit nettverk av bygningsvernrådgjevarar ved musea. Samarbeidet styrkar kompetansen for alle – og for huseigarane som nyt godt av ordninga. Når nye oppgåver no fell i fanget til den nye fylkeskommunen, er det verdt å merke seg kompetansen i musea. Anno Museum og Mjøsmuseet står i ei særstilling i Innlandet i arbeidet med mellomalderbygg og fartøyvern. Bruk denne kompetansen. Bruk musea.

Vi ventar ei kulturminnemelding og ei museumsmelding. Kulturminnevernet har alt å vinne på at meldingane «snakkar saman». Gjer dei ikkje det, risikerer vi å miste blikket for moglegheitene som ligg i eit tverrsektorielt samarbeid.

3. ynske: Styrk utdanningane.

Mangel på rett handverkskompetanse har lenge ført til skade på kulturminna. I dag har vi ny kunnskap og kan sikre kulturminna på ein betre måte. Men kunnskapen sit ikkje i hendene på alle. Derfor har bygningsvern vore studiefag ved Høgskulen i Sør-Trøndelag i 20 år, i eit spleiselag mellom Oppland fylkeskommune, Riksantikvaren og musea. Ein rapport frå NIKU slår fast at effekten av studiet har vore stor.

Men studieplassar kostar pengar. Stø studiesamarbeid og styrk fylkeskommunen si rolle som samordnande organ mellom handverksmiljøa og utdanningsinstitusjonane. I dag er det NTNU som har overtatt studiesamarbeidet med Oppland fylkeskommune. Det er bra, men sikre òg moglegheitene for etter- og vidareutdanning som tek omsyn til arbeidssituasjon for vaksne handverkarar. For denne målgruppa har også fagskuletilbodet vore verdifullt. Styrk dette tilbodet med ny årseining i bygningsvern.

4. ynske: Styrk kulturminnefondet.

Vi treng profesjonelle handverkarar. Men aller mest treng vi eigarar som sjølve ser verdien av å ta vare på kulturminne. Då må ruste dei med kunnskap og ressursar slik at dei finn glede og motivasjon til å gå i gang med ei restaurering. Med Kulturminnefondet har målet vore å støtte private huseigarar i arbeidet med restaurering. Og kvart år deler Fondet ut i overkant av 100 millionar kroner. Kulturminnefondet er ei viktig kraft i kulturminnevernet i Noreg og her sit mykje kompetanse. Men etterslepet er stort og sekretariat og fondsmidlane kunne med fordel vore større. Auk den årlege tildelinga til Fondet til 200 millionar kroner.

Kronikk: Ole Aastad Bråten, direktør ved Valdresmusea

 

Ole Aastad Bråten, direktør ved Valdresmusea.