Aktuelt

Ukategorisert

Kulturminnekveld på Nordmøre

Fortidsminneforeningen på Nordmøre held kulturminnekveld i Klippen ved Kvernes stavkyrkje torsdag 8. august.

Hit kjem Simen Bjørgen frå Kulturminnefondet. Han vil halda foredraget «Landet rundt med kulturminne». Her vil du få nærare innsyn i det store mangfaldet av kulturminne som vert sett i stand med økonomisk og fagleg støtte frå fondet.

Dette skjer i Klippen 8.august kl 18.00.

Kulturminnekveld

 

Det vert  konsert med Henning Sommerro og Anders Larsen i stavkyrkja seinare på kvelden.

Alle er hjarteleg velkomne.

X

Del dette med en venn