Aktuelt

Ukategorisert

Kulturminnebesøk på Jæren

Frå venstre, Erik, Elisabeth Søyland (), Jarle og Simen ved gravrøysene ved Hå gamle prestegard. (Foto: Emma Kwesiga Lydersen)

Frå venstre, Erik, Elisabeth Søyland (), Jarle og Simen ved gravrøysene ved Hå gamle prestegard. (Foto: Emma Kwesiga Lydersen)

Fortidsminneforeningen inviterte i mai Kulturminnefondet og Stiftelsen Norsk kulturarv til kulturminnefagleg rundreise på Jæren.

– Eg er svært imponert over alle spanande stadar vi har fått oppleva i løpet av desse dagane, seier Erik Lillebråten, direktør i Norsk kulturarv. Siste besøk var på Varhaug kyrkjegard.

Stiftelsen Norsk kulturarvs visjon er «Vern gjennom bruk». Utvikling av nye næringar gjennom bruk av kulturarvverdiar er ein vesentleg del av verksemda, og dei bidreg på denne måten til verdiskaping. Norsk kulturarv har også ulike aksjonar der dei tilbyr økonomisk støtte.

– Det er viktig å ta vare på litt av historia, når vi nå skal utvikle oss inn i framtida, seier Jarle Braut.

Som vonar fleire eigarar av kulturminne på Jæren fattar interesse for dei økonomiske tilskotsordningane som kulturminneorganisasjonane forvaltar.

Det er direktørane Simen Bjørgen og Erik Lillebråten som har vore med Fortidsminneforeningen på ein rundtur for å sjå nærare på Jærens kulturarv.

– Vi skulle gjerne fått inn fleire søknader frå private eigarar på Jæren, seier Simen Bjørgen, som legg til at Kulturminnefondet på Røros berre er ei telefonsamtale unna.

Kulturminnefondet er eit lågterskeltilbod og ei reindyrka tilskotsordning direkte underlagt Klima-og miljødepartementet. Kulturminnefondet har sidan starten støtta over 5000 tiltak på landsbasis. Berre to av desse er på Jæren. Det er løa på Heiå frå 1850 i Time, som har fått kr 267.000 til nye dører, takrenner, kledning og tak. Jærhuset Høland i Hå kommune har fått kr 100.000 til utbetring av pipe og tak.

– Det er stort potensiale for fleire prosjekt på Jæren, avsluttar Simen Bjørgen.

Frå venstre, Erik Lillebråten direktør i Norsk kulturarv, Jarle Braut i Jæren Fortidsminneforening og Simen Bjørgen i Kulturminnefondet på Varhaug gamle kyrkjegard.

Frå venstre, Erik Lillebråten direktør i Norsk kulturarv, Jarle Braut i Jæren Fortidsminneforening og Simen Bjørgen i Kulturminnefondet på Varhaug gamle kyrkjegard.

X

Del dette med en venn