Ukategorisert

Kronikk: Kulturminne aukar bukvalitetane

av Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet 

Dei siste åra har ein tydeleg trend vakse fram. Mange vil ut av dei store byane og tilbake til mindre stader rundt omkring i heile landet. Dei vil heim. 

Heime ventar jobb, familieliv og ofte ein bustad av eldre karakter som treng ei oppgradering. Og ofte er det slik at huset har ei historie som er tett knyta til lokalsamfunnet. Ei tilknyting som dukkar opp i Facebook-grupper for bilete og historier. Slike hus er kulturminne og viktige markørar i nabolaget, men dei er ikkje museumsgjenstandar som skal stå urørt. 

Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet
Foto: Jørgen Bakken/Kulturminnefondet

Diktaren Ole H. Bremnes sa det slik: 

«Det sku bo folk i husan. Husan e for folk. Folk treng hus, og hus treng folk. I aill si tid». 

Dei siste par åra har vi i Kulturminnefondet også merka denne trenden, men på ein annan måte enn folk flest. Folk har sett seg ned og sett på om dei har råd og høve til å faktisk ordne med bustaden, og nokre har sett etter moglegheiter for hjelp og tilskot. Det har vore rekordmange søkjarar i både 2020 og 2021, og så langt i år har vi gjeve støtte til fleire prosjekt enn i heile fjor. Vi har støtta og hjelpt mange som ønskjer aktiv bruk av dei privateigde kulturminna sine.  

Ein av føresetnadene for å få støtte er at du brukar om att materialar som allereie finst i huset. Undersøkingane våre viser at det er bra for miljøet når vi brukar ressursar på nytt, og huseigarar sparar pengar som kan brukast på andre ting i samband med renovering. Då får du eit hus som har tolt tida, og som har ei sjel og ei historie som mange føler at dei tek del i.  

Dei som søkjer til Kulturminnefondet, har eit ønske om å ta vare på kvaliteten og føre han vidare. Dei vil bu og bruke dei gamle bygga, dei gamle båtane, bilane, ja, alt det vi kallar kulturminne.  

I Fredrikstad blei det reist eit hus på starten av 1900-talet som er ein del av den lokale industrihistoria. Overingeniør Wilhelm Olsen var med på å drive Fredrikstad Mekaniske Verksted som sørgde for arbeid til mange i byen ved enden av Glomma. Værste, som området heiter på folkemunne, har gjeve namn til det nye fotballstadionet og skal bli ein integrert del av ny bydel. Også overingeniørar må bu ein stad, og villaen står som eit arkitektonisk døme på einebustader som blei førte opp på den tiden. No er det Pernille og Stian som bur der; dei tok over huset for nokre år sidan fordi dei ville ha ein stad å bu og leve når dei blei sambuarar etter studietida i hovudstaden. Valet dei hadde, var anten å rive ned det som hadde blitt ròte og øydelagt etter nokre oppussingsprosjekt i 1980-åra, eller å restaurere.  

Valet fall på å restaurere. Dermed kunne støtta på 350.000 kroner frå Kulturminnefondet brukast til å ta vare på treverk som framleis kunne brukast, og supplere med tilsvarande tre for dei ròtne plankane. 

Dronning Sonja og ordførar i Gran kommune Randi Eek Thorsen under opninga av Glasslåven. Foto: Benjamin A. Ward/Glasslåven

Gjenbruk kan vere så mykje meir enn å berre restaurere eit hus. Vi gjev tilskot til bygg som blir omdisponerte til andre føremål – til dømes slik at ein tradisjonell låve frå 1800-tallet kan gjerast om til kulturarena, som Glasslåven på Gran. Dette er ein klassisk raud låve som har blitt ein viktig del av kulturlivet med galleri, ein stor sal med scene, verkstader for lokale kunstnarar og ikkje minst perla i prosjektet: ei glashytte for glasblåsing. Ny teknologi blir fletta saman med det tradisjonelle handverket, og varmen frå glashytta er med på å halde energibruken nede i heile bygget. Under utbygginga har ein lagt vekt på gjenbruk av gamle materiale som stallbåsar, tømmer og teglstein. Og det som ikkje har blitt brukt på bygget, er blitt teke vare på og skal brukast til innreiing og i framtidige kunstprosjekt.  

 

Vi ser med interesse på diskusjonen som har dukka opp den siste tida, der mange ønskjer meir gjenbruk i moderne bygg. Rapportane våre seier at dette sparar miljøet gjennom at det blir brukt færre nye ressursar, og dermed sparar byggherren pengar som kan brukast på andre delar av prosjektet, eller huseigaren kan spare på sluttsummen. Materialane finst allereie der ute, og det gjer også ein heil bransje med moderne kunnskap og tradisjonshandverkarar som er klare til å bruke evnene sine på berekraftig bygg.   

Dei som søkjer til Kulturminnefondet, har eit ønske om å ta vare på kvaliteten og føre han vidare. Dei vil bu og bruke dei gamle bygga, dei gamle båtane, bilane, ja, alt det vi kallar kulturminne. Det tek vi vare på, og vi gler oss over at så mange vil vere med på det.  

Denne kronikken har tidligere vært publisert hos blant andre, Arbeidets Rett/Trønderdebatt, Dagsavisen, Nettavisen/Norsk Debatt, Avisa Nordland, Tidens Krav og iTromsø.