Ukategorisert

Krambu i Lærdalsøyri får 70 000 – eit av de mest verdifulle i Noreg

Lærdalsøyri er ein liten plass med mykje historie og utgjer eit viktig kulturmiljø. Med sin karakteristiske trehusbebyggelse, representerer staden eit av de mest verdifulle bygningsmiljøene vi har i Noreg. No har Lindstrømbui i gamle Lærdalsøyri har fått 70 000 kroner i tilsegn frå Kulturminnefondet for å reparere taket.

Unik karakter

Lindstrømbui er ein av dei fire krambuene i gamle Lærdalsøyri, og ho skil seg ut som den mest særmerkte av dei fire. Plasseringa ved enden av gata, med utsyn over ein opn plass midt i det gamle Lærdalsøyri, gjev bygningen ein unik karakter.

Lindstrømbui, saman med dei omlag 170 verneverdige trebygningane i Gamle Lærdalsøyri, står på Riksantikvaren si liste over nasjonalt bevaringsverdige kulturmiljø. Krambua har også tidlegare motteke støtte frå Kulturminnefondet til innvendig restaurering.

Krambua lever i beste velgående: Her får du kjøpt lokale råvarar.

Vil ivareta for komande generasjonar

Bygget er prega av tidens tann. Sidan 2017 har det vore innsats for å bringa liv tilbake til fyrste etasje som butikk, samstundes som andre etasje blir leigd ut til gjester.

–Vi har som mål å gradvis oppgradera og vedlikehalda bygningen, slik at ho kan bli vareteken for komande generasjonar. Dette vil skje steg for steg etter kvart som ressursane tillet det, skriv Helene i søknaden til Kulturminnefondet.

Gamle Lærdalsøyri har opplevd aukande besøkstal dei siste 5-6 åra og utgjer difor eit kulturmiljø som set fokus på og er betydeleg for norsk kulturarv, skriv eigar Helene i søknaden.

Gamle Lærdalsøyri er mellom dei best bevarte trehusmiljøa i Norge. Staden er ein vaskekte handelsstad frå tida då nordmenn reiste på handel med hest og kjerre, og då dampbåten låg og prusta ved bryggja.

                                                                                                                                          Frå Visit Kongevegen

Lindstrømbui, saman med dei omlag 170 verneverdige trebygningane i Gamle Lærdalsøyri, står på Riksantikvaren si liste over nasjonalt bevaringsverdige kulturmiljø.

– Kulturminnefondet ser positivt på at eigarane ønskjer å ta vare på bygningen og den historiske verdien ho representerer. Det er også fint at den er open slik at fleire får oppleva staden, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Landhandleri

Frå 1849 til 1968 fungerte Lindstrømbui som ein landhandel. I 2017 kjøpte tre dedikerte personar bygget og etablerte Lærdalsøyri Eigedom. I 2020 vart Helene Maristuen eineeigar av bygningen.

Med sine 200 kvadratmeter fordelt over tre etasjar, er Lindstrømbui den største av dei fire krambuene. Fyrste etasje rommar ein butikk som sidan 2017 har tilbydd lokale matvarer, drikke og steintøy. I andre etasje er det leigemoglegheiter for turistar og andre besøkande.

Støtta frå Kulturminnefondet og istandsettinga av Lindstrømbui kjem ikkje berre bygningen til gode, men også alle dei som vitjar staden og får oppleve historia og kulturen som ho bærer med seg.

Fyrste etasje rommar ein butikk som sidan 2017 har tilbydd lokale matvarer, drikke og steintøy.

Foto: privat fra søknaden

Dette skal tilskuddet på 70 000 frå Kulturminnefondet gå til 

Tilskotet skal nyttast til å tetta hol i taket, montera nye vindskier og vassbord, reparere og male vindauge og kledning, samt tilbakeføre spir på sør-sida av taket.