Ukategorisert

Ein halv million kroner i støtte til jugendhuset i Ålesund – eit kulturmiljø av nasjonal interesse

Bygården i Kipervikgata som får støtte frå Kulturminnefondet er ein tradisjonell gjenreisingsbygård etter bybrannen i 1904, bygd i jugendstil. Det er fire buenheiter i bygget og i første etasje er det to næringslokaler der det i dag er frisør og herreekvipering. 

Det vérharde miljøet har ført til ein sprø og forvitna takstein, og skal difor leggast om. Styret i Kulturminnefondet tykkjer det er positivt at eigarane ynskjer å bevare bygningen, og gjev 516 000 kroner i støtte. 

Kulturmiljø av nasjonal interesse

Bygården ligg som ein hjørnebygård langs to viktige handelsgater, og er ein del av området i Ålesund sentrum som er eit kulturmiljø av nasjonal interesse. Bygningen har bevart fleire originale vindauge, og ornamentane er restaurert rundt 1990. 

– Vi er opptekne av å halde huset i familien og ønskjer å bidra til eit aktivt bysentrum, skriv eigarane til Kulturminnefondet. 

Kulturminnefondet ser verdien av at bygningen har ein aktiv bruk med næringsverksemd som skal halde fram. 

Hanne Kristin Jakhelln, som er styreleiar i Kulturminnefondet, synest det er positivt at eigarane ønskjer å bevare kulturminnet. 

 

Styreleiar i Kulturminnefondet, Hanne Kristin Jakhelln

Omlegging av eksisterande skifertak er eit godt miljøtiltak. I tillegg vert det visuelle uttrykket i kulturmiljøet oppretthalde, meiner Jakhelln.

Dette skal 516 000 frå Kulturminnefondet gå til:

Tilskot blir gjeve til omleggjing av eksisterande skifertak med takrenner og beslag.