Ukategorisert

Gammelgarden i Rauma får 100 000 kroner i støtte frå Kulturminnefondet – vil vise fram og ta vare på setra

Kulturminnefondet støttar med 100 000 kroner når Jens på Gammelgarden i Rauma skal tilbakeføre setra til det originale. Den er i nodårleg i stand at det dei siste åra berre har vorte dagsturar opp til setra, skriv eigar Jens Indergård til Kulturminnefondet.

Landskapsvernområde

Seterstua og fjøset er truleg frå 1700-talet og ligg i Reinheimen landskapsvernområde.  

Formålet med dette landskapsvernområdet er blant anna å ta vare på innslag av kulturlandskap der seterhus, setervoller og kulturminne etter fangst og beitebruk utgjer ein vesentlig del av landskapet sin eigenart.

seterstue, grønt gress, hus

Staden kring setra beiteområde for sau, og det haustes avlingar på staden.

 – Det er positivt at dei vil ta vare på setra, bruke ho og vise ho fram. Det er også bra at det vert nytta lokale materialar i forbindelse med istandsettinga, meiner Kulturminnefondets styreleiar Hanne Kristin Jakhelln.