Ukategorisert

Flåvær Handelsstad får nesten ein million i støtte

Flåværet ligg i Herøyfjorden på Sunnmøre. Opp gjennom tidene har det vore mykje liv og røre der, med blant anna gjestegiverihandelstad, telegrafstasjon og sjølvsagt husvære for reisande og for dei som drev fiske langs kysten. No får Flåvær Sameige støtte frå Kulturminnefondet til å setje i stand taket på huset for vidare bruk.

Styremedlem Jetmir Raistaj og assisterende direktør Pia Wigtil var til stades for å overrekkje det synlege beviset for støtta. Dei vart møtt med jubel og flagg då dei ankom.

Vart møtt med jubel: Representantar frå Flåvær sameige møtte Kulturminnefondet og lokalpressa med jubel. Foto: Melissa Paulsen

 

Det er viktig for oss i sameiget at Flåværet vert teke vare på inn i framtida, og samstundes sikre at staden kan få fortsette å fortelje historia si til generasjonar framover

Kulturhistorisk landskap

Det er styret i Kulturminnefondet som har vedteke å støtte prosjektet med nesten ein million kroner. 

Huset på handelsstaden, som kan vere i frå så tidleg som 1600-talet, blir beskriven som ein viktig del av eit regionalt kulturmiljø. 

– Øya ligg i tillegg innanfor Flåværleia, som er vurdert å vere eit kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse, seier styremedlem i Kulturminnefondet, Jetmir Raistaj.  

Bygningsmassen blir halde vedlike av sameiet, og Kulturminnefondet har tidligere bidrege med tilskudd til både sjøhuset og stabburet på staden. 

Aktiv bruk: Flåværet har årleg besøk av skuleklasser, barnehager og andre som vil oppleva Flåværs historie. Foto: Pia Wigtil

Aktiv bruk

Flåværet har årleg besøk av skuleklasser, barnehager og andre som vil oppleva Flåværs historie. Her foregår det aktivitetar som ute-gudstenester, brullaup, kurs og anna samlingar. 

I tillegg til det som sameiet allerede gjer, har dei også eit ynskje om å bidra til aktivitetar og formidling av tradisjonshandverk, opplys dei til Kulturminnefondet.  

– Det er viktig for oss i sameiet at Flåværet vert teke vare på inn i framtida, og samstundes sikre at staden kan få fortsette å fortelje historia si til generasjonar framover, seier sameiet.  

Kulturhistorisk landskap: Kulturminnefondet har også støtta istandsetjing av sjøhuset på Flåværet.

Sameiget Flåværet fekk støtte frå Kulturminnefondet til å setje i stand taket på huset. Foto: Pia Wigtil

Engasjement: Det er positivt at eigarane har engasjement for bevaring og formidling av historia til staden, seier Jetmir Raistaj.

Engasjement for bevaring og formidling

Det er positivt at eigarane har engasjement for bevaring og formidling av historia til staden, meiner styremedlem Jetmir Raistaj.  

Kulturminneverdien på bygninga er høg, og det er eit kulturmiljø som bør takas vare på. Det er også bra at Flåvær sameige har eit engasjement med mykje aktivitet og dugnadar. 

Dette skal 913 000 kroner frå Kulturminnefondet gå til: 

Pengane går til å ta ned skifer, reparere skader på tak og pipekonstruksjoner, og leggje ny skifer på taket.