Ukategorisert

Skyssbilen Buick Sedan får støtte frå Kulturminnefondet – ein historisk skatt på hjul

I ei verd driven av teknologisk framsteg, finst det også tidlause skattar. Denne Buick Sedan er ein skyssbil firedørs 7-seter frå 1931, og har høg historisk verdi og er et godt eksempel på skyssbiler fra denne tidsepoken. Eigarane ynskjer å restaurera den for framtida. Til dette får dei 30 000 kroner frå Kulturminnefondet. 

Buick Sedan fortel ei historie og gir oss kunnskap om tidlegare tiders samfunn og levekår, og den nye bruken gir ny verdi.

Var skyssbil for Skei Hotel

I 1931 fann denne bilen sitt første heim i Noreg. Skei Hotel i Jølster importerte ho kort tid før krigen, og ho fungerte som ein skyssbil for Skei Hotel.  

I seinare tid vart ho truleg erstatta med ein ny og meir moderne bil.  

På 90-talet vart Buick Sedan vekka til live att, då Sonja Fjellkårstad, ein av eigaren sin far, bestemde seg for å restaurera den.  

Påverka av rust

Tid, vær og vind har tærtskyssbilen, men den framstår som i god stand etter restaureringa på 90-talet. Men etter 20 år er bilen prega av rust både innvendig og utvendig. Dette ynskjer eigarane å gjera noko med, slik at bilen framleis kan glede både eigarane og andre.

– Bilen er restaurert som ein hobby og fordi det er av interesse å ta vare på historiske køyretøy i lokalområdet. Bruken i dag er hovudsakleg til privat bruk og til køyring i ulike tilstellingar som bryllaup, 17. mai, turar for aldersheim, veteranbilløp og utstillingar, skriver eigar Sonja Fjellkårstad i søknaden til Kulrurminnefondet. 

Restaureringsarbeid av Buicken på 90-tallet

Eit kulturminne får større verdi når folk nyttar det

Kulturminnefondet synest det er flott at eigarane ynskjer å restaurera bilen. En rustbehandling av taket og lakken vil bidra til at de historiske verdiene blir ivaretatt og den positive bruken kan fortsettes. 

Buick Sedan fortel ei historie og gir oss kunnskap om tidlegare tiders samfunn og levekår, og den nye bruken gir ny verdi. Eit kulturminne får større verdi når folk nyttar det, og når kulturminnet gir folk opplevingar, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Buick Sedan på haust-tur i Stryn

 

Dette skal tilskotet på 30 000 gå til: 

Tilskudd gis til demontering av det innvendige taktrekket, nytt taktrekk, lakkering og rustbehandling av taket.

 

Foto: privat fra søknaden