Aktuelt

Ukategorisert

Ble overrasket med 500.000

Helge visste at søknaden skulle behandlast, men ante ikkje noko om resultatet. No er det løyvd 500 000 kroner til å restaurering av vindauge og tak på gamle Lifjell Hotell. 

Lifjell Hotell er eit ærverdig gammalt hotell med mykje historie i veggene og er godt kjent i området. Bygget blei ført opp i 1884 som sanatorium, der den friske fjellufta var ein av dei viktigaste medisinske ingrediensane for sjuke menneske frå byane. Sanatoriedrifta varte ikkje så lenge, og med tida blei Lifjell gjort om til eit hotell, som blei drive fram til midten av 2000-åra. Og no skal Lifjell Hotell bli Lifjell Kunstsenter.

Tidlegare denne veka gjekk det ut melding om at prosjektet hadde fått tilsegn om inntil 500 000 kroner og til avisen Varden(plussartikkel) fortel han:  

– Dette blei ein veldig god start på måndagen, seier Helge Solberg, som synest tilskotet er svært hyggjeleg.

 

Hotellet har stått ubrukt i 15 år, og over nyttår opnar Solberg saman med kunstnaren Zoé Eskes nytt kunstsenter. Der det tidlegare var hotellrom, er det no blitt leilegheiter, men elles er konferansesalane, lobbyen, galleriet, matsalen og sjølve hjartet av Lifjell – peisestova – blitt ein del av senteret. Peisestova og ytterkledningen er elles verna.

– Det er mange menneske som har vore knytte til hotellet både gjennom arbeidsplassar i bygda og i form av turistar, gjester og firma som har brukt det som stad for konferansar og seminar, seier Stein Helge Solberg.

 

– Vi ønskjer å prioritere prosjekt som skaper ny næring i lokalsamfunnet. Då kjem ikkje bygget berre til gode for lokalbefolkninga og tilreisande gjennom aktiv bruk, men også reint økonomisk, fortel Tine Sundtoft, styreleiar i Kulturminnefondet.

Hotellet står som ein autentisk bygning og har høg historisk verdi, men forfallet har dessverre kome langt, og behovet for tiltak er godt dokumentert. I denne omgangen er det vindauga som skal restaurerast, i same eller tilsvarande materialar for å få til det autentiske uttrykket som er viktig for å ta vare på kulturmiljøet.

Lifjell er eit av mange prosjekt som har fått støtte av Kulturminnefondet i år, og søknadsmengda har vore enorm; fondet har fått inn meir enn 2000 søknader i 2021.

– Søknadsveksten er eit godt teikn på at folk vil ta vare på kulturminna sine, og at det blir stadig viktigare å halde på kulturmiljøet og handverkartradisjonane. Vi gler oss til å ta imot endå fleire søknader neste år, fortel direktør Simen Bjørgen.