Ukategorisert

300 000 til Bestemorstova – eit gamalt og verdifullt miljø

Sjur Erik Heimen, også kalla Bestemorstova, er blant dei best bevara og opprinnelege strandsitjarområdene i landet. Den ligg i verneområdet Solvornstrondi i Lustrafjorden og er oppført på 1700 talet.  

Dei siste 10 åra har huset ikkje vore i aktiv bruk på grunn av den bygningsmessige tilstanden, men det vil familien gjere noko med, og får 300 000 kroner i tilskot frå Kulturminnefondet.

Husmenn utan jord

Dei fyrste strandsitjarbygningane kom på 1700-tallet og utover til 1800-tallet. Det var sjøbuer, naust og etterkvart små stover. Dei første som busatte seg var strandsitjarar, husmenn utan jord. 

Bestemorstova ligg mellom dei eldste bygningane i verneområdet. Istandsetjinga vil gi ein positiv og allmenn bruk i eit gamalt og verdifullt miljø. 

Fritidshus med formidling av historie

Etter restaurering vil den bli nytta som fritidsbustad for heile familien. Den vil óg bli nytta i informasjon og formidling av opplysningar rundt strandsitjarmiljøet. Søkaren har i feire år hatt samarbeid med reiselivet og andre om guida opplegg.  

Kulturminnefondet finn det positivt at familien har eit ynskje om å ta vare på Bestemorstova og dens historie. Vi ynskjer å bidra med eit tilskot på inntil kr 300 000, seier Hanne Kristin Jakhelln, styreleiar i Kulturminnefondet. 

Dette skal 300 000 kroner frå Kulturminnefondet gå til: 

Tilskot gis til å renovere tak med ombruk av teglstein, restaurere kledning, konstruksjon, to stk dører og fem stk vinduer, jekke opp hjørnet og grunnarbeite og setje i stand grunnmur kor det er naudsynt.