Ukategorisert

600 000 kroner til sjelden og unik herskapsvilla

Bygningen i Stange på Hedmarken er eit nasjonalt kulturminne med høg bevaringsverdi. Atlungstadbygningen er i dag i bruk som føderådsbygning, men er no planlagt som bueining, og ein omfattande istandsetjing på huset må difor til.

Skifertaket frå 1887 er ikkje tett, og dei originale vindauga må setjast i stand. Kulturminnefondet syns det er positivt at eigarane ynskjer å ta vare på bygningen, og bidreg med 600 000 kroner i støtte.   

Eit nasjonalt kulturminne: Bygningen i Stange på Hedmarken er eit nasjonalt kulturminne med høg bevaringsverdi. Foto: Privat, frå søknaden til Kulturminnefondet

Unik bygning

Atlungstadbygningen er oppført i nyrenessanse med assosiasjonar til romersk arkitektur og italiensk renessanse.  
Den er unik og tegna av Herman Major Backer som var ein av Norges leiande arkitekter på slutten av 1800-tallet. 

Han har teikna mange herskapsvillaer båe i Oslo og på landsbygda, kyrkjer, gardar, hotell og landstader. Eit av hans mest kjende verk er Vitenskapsakademiet i Oslo.  

Romersk arkitektur i Noreg: Atlungstadbygningen er oppført i nyrenessanse med assosiasjonar til romersk arkitektur og italiensk renessanse. Foto: Privat, frå søknaden til Kulturminnefondet

Positivt med bevaring

Murbygningen er spesielt merkverdig på Hedmarken, der han skil seg ut frå andre større våningshus i området.

 

Det er positivt at eigarane vil ta vare på bygningen. Dette bidreg til å sikre at kulturminnet kan nyttast aktivt og haldast i god stand for framtida, meiner Hanne Kristin Jakhelln som er styreleiar i Kulturminnefondet.

Dette skal 500 000 kroner fra Kulturminnefondet gå til:

Tilskot blir gjeve til istandsetjing av skifertak og restaurering av vindauge.