Ukategorisert

Årets handverkstipend til Anton Rudi (26)

Den 6.desember tok styremedlem Atle Hamar og direktør for Kulturminnefondet Simen Bjørgen turen til Dombås for å overrekke stipendet på 50 000 til ein svært glad mottakar. Anton Rudi er 26 år og ein dyktig, engasjert og lærevillig tradisjonshandverkar, som stadig tileigner seg nye ferdigheiter. 

Anton Rudi (26) får årets handverkstipend overrakt av styremedlem Atle Hamar

Ein entusiast som inspirerer andre

Anton Rudi arbeider no med eit meisterbrev. I tillegg er han eigar av eit eldre småbruk på Dombås, og brukar det meste av si fritid på å setja i stand husa på garden. En entusiast, nøyaktig og dyktig i sitt fag. Rudi nyttar også sosiale medium aktivt i arbeidet med å dela sine erfaringar og for å inspirera andre.

Anton Rudi vart overraska med stipendet under podkast-innspeling hos Vigga.

Stor engasjement for tradisjonshandverk

Bakgrunnen for stipendet er å støtte ein ung og lovande handverkar som har valt eit utdanningsløp innan eit tradisjonelt handverksfag, og som har synt evne til å målretta arbeid. Stipendet går til ein ung, læreviljug, engasjert og fagleg sterk handverkar som også ynskjer å lære bort. 

Rudi har, gjennom utdanning og arbeid med å setje i stand garden sin, vist eit stort engasjement og læreviljug for tradisjonshandverk, seier Hanne Kristin Jakhelln, styreleiar i Kulturminnefondet.  

Stipendet er på 50 000 kroner og det er styret i Kulturminnefondet som besluttet at det i år skulle gå til Rudi.  

– Rudi nyttar også sosiale medium aktivt i arbeidet med å dela sine erfaringar og for å inspirera andre, noko som er positivt, seier styreleiar Jakhelln. 

Stipendet er tidlegare tildelt: 

  • Tradisjonshandverkar Lene Gjerstad Solhaug, Bergen (2022)
  • Steinhoggar Magnus Aleksander Vartdal (2021)
  • Båtbyggjar Ella Mørtsell, Kjerringøy (2020)
  • Tradisjonshandverkar Aleksander Fjellvang, Oppdal (2019)
  • Tradisjonshandverkar Håkon Telnes Fjågesund, Telemark (2018)
  • Gipsmaker Peder Alme, Ålesund (2017)
  • Reipslager Ingunn Undrum, Norheimsund (2016)
  • Tradisjonshandverkar Hans Andreas Haraldsen Lien, Gjøvik (2015)
  • Tradisjonshandverkar Ove Grytbak, Røros (2014)

Kunngjering 

Stipendet er kunngjort gjennom Kulturminnefondets nettstad, nyheitsbrev og sosiale media. Det har også vore redaksjonell omtale i fleire aviser. Ved fristen kom det inn 50 nominasjonar. Enkelte kandidatar er nominert fleire gonger. 

Kulturminnefondet deler også ut eit formidlingsstipend, som i år gjekk til Olav Kvipt, Fyresdal.