Ukategorisert

385 tildelinger til kulturminne i første halvår

Astrups hytte i Jølster kommune er ei av prosjekta som no har fått støtte frå Kulturminnefondet. (Foto: Line Lyngstad/Kulturminnefondet)

Frå 1. januar til og med 21. juni i år, har Kulturminnefondet behandla over 800 søknader. 385 av desse har nå blitt gjeve støtte.

I første halvår søkte over 800 om til saman 300 millionar kroner. Av dei er det gjort 385 tildelinger til private eigarar. Dei har fått 77,5 millionar kroner i støtte til ulike tiltak.

Sjå liste over dei som har blitt gjeve støtte her.

-Dei seinare åra har tilskota frå Kulturminnefondet til private eigarar av verneverdige kulturminne blitt dobla. Kulturminnefondet sikrar viktige kulturminne over heile landet på ein effektiv og målretta måte. Å ta vare på kulturarven er godt for miljøet, det gjer lærdom om historia vår, og det skapar aktivitet og arbeidsplassar over heile landet, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

2019 er første året Kulturminnefondet behandlar søknader fortløpande, med særs gode tilbakemeldingar. Saksbehandlingtida har gått kraftig ned.

-Innføringa av løpande søknadsbehandling har skjedd etter forslag frå eigarane av kulturminna. Eg er svært tilfreds med at det no fører til enklare søknadsbehandling og raskare saksbehandlingstid, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Sjå fleire eksempel på prosjekt som tidlegare har fått støtte her.