Volda Elektriske Mylne AS (Mylnå) frå 1937 har ei drift som knytter seg heilt attende til 1864. Etter mangfoldige år i drift har nå møllesteinane til havrekverna vorte for nedslitte til at dei kan brukast til vidare produksjon. I over eit år har derfor havrekverna stått ubrukt.
I forrige veke kom direktør for Kulturminnefondet for å overraske eigarane Volda Elektriske Mylne AS med den glade bodskapen: Styret i Kulturminnefondet har fatta vedtak om eit tilsagn på kroner 350 000. Tilskotet skal gå til arbeidet med å støype nytt slitelag på tre møllesteinar.
Mylnå er den siste bygdemølle som driv med kommersiell matproduksjon med møllesteiner, platetørker, valsestol og skallmaskin i frå 1930-tallet. Her tek dei aktivt vare på gammelt handverk og tradisjonar i produksjonen av ulike mjøltypar.
«Det er prisverdig at møllesteinane nå vert sett i stand, for så å bli teke i bruk til næringsverksamhet samtidig som gamle tradisjonar bevarast.» seier Tine Sundtoft, styreleiar ved Kulturminnefondet.
Kulturminnefondet har tidlegare gjeve tilskot til Mylnå. Fyrst til arbeide med mølleanlegget med kroner 500 000, deretter vart det gjeve tilsagn om tilskot til tekking av tak på 217 000 kroner.
Nyleg vart Mylnå godkjent som Économusée, eit internasjonalt nettverk kor handverksbedriftar er tilrettelagt slik at besøkande får sjå handverkarane i arbeid med produksjon og produkt.
Dette er viktig for framtida vår, sa Elias Moe daglig leder av Mylnå.
Produksjonen har bestått av ulike typer matmjøl, samt byggrøpp og valsa havre til dyrefor. Slike møller som Volda Elektriske Mylne var vanlege i dei fleste kommunar, men ny teknologi med hammarkverner og valsemøller utkonkurrerte steinkvernene, særleg frå 50-talet og utover, så etter den tid har så godt som alle tilsvarande anlegg enten vorte moderniserte eller nedlagde.
Du kan lese meir om Mylnå her!