Ukategorisert

300 000 kulturminnekroner til hotellet ved fjorden

Eidsvåg fjordhotell er frå 1926 og er ein populær stad i sommerhalvåret med allmenn tilgjenge.
Det snart hundre år gamle bygget ligg fint til inst
i fjorden, og det har et interessant opphav.

No trengs det imidlertid nokre reparasjoner på det historiske bygget. Taket lekk, og det er
råteskadar i taktro. Kulturminnefondet har gleda
av å gje eit tilskot på 300 000 kroner
til reparasjonar, slik at bygget
fortsatt kan vert nytta av mange i fleire år framover.

hus, fjord, hotell, hvitt hus, hav, fjell, hus

Eidsvåg fjordhotell får 300 000 kroner frå Kulturminnefondet til nytt tak.

Eidsvåg, tak, hvitt hus, hotell, hus, fjell, fjord

Heim for fraskilte og eldre kvinner

Sophie Alette Schnitler Koch het dama som fekk satt opp eigendomen i 1926. Ho var gift med sokneprest Søren Koch i Surnadal og saman fekk dei seks born. Ekteskapet gjekk så i oppløysing. Skilsmisser var nok ikkje så vanleg blant kyrkjelege på den tida, og heller ikkje så enkelt for eit ektepar med seks born.

Etter ekteskapsbrotet flytta Sophie Alette Schnitler Koch tilbake til heimbygda Eidsvåg. «Fru Koch», som ho vart kalla blant folk i bygda, vart sett på som ei bestemt dame med handlingskraft. Ho drog straks i gang med å få realisert plana si om å byggje ein stad for eldre, fraskilte kvinner. Dermed ble pensjonatet bygd.

Året før ho døydde, overdrog ho eigedomen til Norges Røde Kors, med mål om at dei skulle vidareføre ideen om ein heim for eldre, fraskilte kvinner.

–I den samanhengen kan det nemnast at ho hadde ei betingelse til eigendomsoverdragelsen; mannfolk fekk ikkje setje sine bein innanfor husets vegger, står det i eit skriv i søknaden til Kulturminnefondet.

Starta opp pensjonat

Røde Kors lukkast ikkje med å drive huset som ein stad for eldre, fraskilte kvinner. Tidleg på 1930-tallet leigde organisasjonen bygningen ut til frøken Brecke, som starta opp med hotelldrift under namnet «Schnitlertun Hotell og Pensjonat».

Pensjonatet vart populært om sommaren med besøkande turistar båe frå inn- og utland. Om vinteren budde det handelsreisande og folk som hadde arbeid i bygda. Det vert også heldt bryllup og arrangement for ungdom i bygda.

skifertak, hus, hotell, veg

Taket lekk og reparasjon trengs. Til det støttar Kulturminnefondet med 300 000 kroner.

Populært hotell med allmenn tilgjenge 

I 1936 solgde Røde Kors eigendomen til fru Kochs datter, fru Gudrun Grønn. Ho solgte den vidare etter eitt år til Nesset kommune for kr. 10.311,03.
Huset vart no omgjort til ein aldersheim, men opna ikkje i den funksjonen før i 1959.
Eidsvåg Aldersheim fungerte som aldersheim helt til ein ny vart åpna ved sida av Nesset Sykeheim på Myra i Eidsvåg sentrum.
Bygget vert nytta som hotell i dag, og det er også plana i mange år framover, slik at mange kan oppleve det historiske bygget til sin rett ved opphald i vakre Romsdalen.
Hotellet ligger rett ved en badestrand med bademuligheter også for rullestolbrukere.

Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet. Foto: Tom Gustavsen

 

 

 

 

 

Hotellet er populært i sommerhalvåret med allmenn tilgjengelighet og næringsvirksamheit. Kulturminnefondet har gleda av å tildele inntil kr 300 000 til reparasjon av skifertak.

 

Dette skal tilskuddet på inntil 300 000 gå til:

Tilskudd gis til å reparere taket ved å demontere takskifer, reparere råteskader i taktro, lage nytt forenklet undertak med nye slisser og lekter. Det skal også monterast nye takrenner og remonterast takskifer.