Ukategorisert

300 000 i tilskot til eit smykke av ein båt

Den over hundre år gamle notgavelen er unik i kulturhistorisk verdi, og framstår
original
slik den var då den var ny. Men alt varar ikkje evig. Mange års bruk, vér, vind og saltvatn
har tæra på gavelbåten. Med eit ynskje om å sette i stand den fine båten igjen, har
Kulturminnefondet gleda av å gje Trellevik Båtlag eit tilskot på inntil 300 000 kroner.

Eit stort arbeid

Trellevik Båtlag vart stifta i 1997, med formål om å restaurere gavlbåten.
Den vart restaurert og sjøsatt, og for dette arbeidet vart Trellevik Båtlag
hedra med egen pris på Torgdagen i Bergen i 2003.
 

Men vér, vind og sjø har tæra på båten dei siste tjue åra. Notgavlen har
lekkasjar i suer, langs kjøl og stevner. Båtsøm og spikar under vatn er
rusta og til dels tært bort, skriv båtlaget i søknaden til Kulturminnefondet.
 

Båten treng no ein omfattande restaurering, og arbeidet vert for
stort for dugnadsgjengen. Den skal no restaurerast på Ornes Båtbyggeri.
 

–Kulturminnefondet er glade for å kunne bidra til bevaring av gavlbåten og sikre at den kan vere til glede og nytte for fleire, seier Simen Bjørgen, direktør for Kulturminnefondet.  

Ein viktig kjelde til kunnskap 

Det er særs viktig å bevare kystkulturarven for komande generasjonar. Den representerer ein viktig kjelde til kunnskap om korleis menneskje har levd og arbeidet langs kysten gjennom tida. 

–Kulturminnefondet er glade for å kunne bidra til bevaring av gavlbåten og sikre at den kan vere til glede og nytte for fleire, seier Simen Bjørgen, direktør for Kulturminnefondet.  

Når arbeidet er ferdig, er båten tenkt bruka på Trellevik Kystkultursenter for å vise kystkulturen fra den tid båten var ny. Med båten på sjø, vil det gi eit nytt løft for bruken i og rundt Trelleviksnaustet.

båt, notgavl, segl, seglebåt, hav

Med et ynskje om å sette istand notgavelen igjen, får Trellevik Båtlag 300 000 frå Kulturminnefondet

båt, hav, segl, notgavel

Med et ynskje om å sette istand notgavelen igjen, får Trellevik Båtlag 300 000 frå Kulturminnefondet

Dette skal tilskotet på 300 000 kulturminnekroner gå til:
 
Tilskudd gis til utskiftning av kjøl og stevn akter over vann. 5 bordganger fra kjøl, demonteres, nye bord tilpasses og monteres. Små skader i bunnstokk og spant utbedres. Tetning i suer og langs kjøl og stevner med tjæredrev. 

Foto: Privat, frå søknad