Ukategorisert

150 000 til Modalen – potetkjellaren får leve vidare

Potetkjellaren er viktig å bevare i tunet, og kjellaren er synleg for alle som går forbi på turvegen.
Bygningen er
sjeldan i seg sjølv, spesielt i Østfold, og tunet er også unikt med ein svalgangsbygning
og lafta låve.
Dagens eigar ynskjer å gjenopne kulturlandskapet og utvikle næring på staden.
 

Potetkjeller, bygning, nedfalls, skog, laft

Potetkjellaren og tilhøyrande bygningar er sjeldant å finne i Østfold. No skal den reddast med støtte i frå Kulturminnefondet.

Sjeldant kulturminne  

Potetkjellaren har kulturhistorisk verdi og er eit viktig kulturminne. Eigar, Gerd Iren Stemme, har eit ynskje om å bevare jordkjellaren med overbygg som ein del av heilheita for å visa den lokale historia fra 1700-talet, og også dyrke eit lite potetjorde kor avlingen naturlig lagras i jordkjellaren. 

Gerd Iren opplys at bygningane i seg sjølv og tunet som heilhet har høg verneverdi, og er sjeldant, spesielt i Østfold. Ho legg til i at det er få slike jordkjellare igjen. – Tips til andre er å ha tru på sitt prosjekt og å fremme dei gode verdiane i prosjektet i ein eventuell søknad, meiner Gerd.

Kulturminnefondet ser positivt på at det planleggjas tiltak for å bevare kulturarven, og er glade for å kunne støtte prosjektet med inntil 150 000 kulturminnekroner, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet. 

– Eg er veldig takksam for støtten frå Kulturminnefondet. Det er heilt naudsynt for at prosjektet skal let seg gjennomføre, seier Gerd Iren.

Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet. Foto: Tom Gustavsen

Ei unik perle  

Modalen er ei unik perle. Den ligg einsamt til i ein trong dal sør i bygda Øymark, heilt på grensa til Sverige. Modalen består i dag av ei 1700-tals svalgangsstue i to etasjer, ein tømra låve med fjøs, stabbur, og nevnte potetkjellar med overbygg. Tunet inneheld også eit vognskjul fra tidleg 1900 og eit sauefjøs.  

Modalen var opprinnelig en husmannsplass og tidlegare låg den relativt sentralt til. Den gang gjekk ein av hovudvegane mellom Halden og Sverige gjennom tunet. Da ny veg vart teke i bruk på 1900–talet vart Modalen avsidesliggjande og langt til skogs frå det meiste. 

Når ein ser på sjølve potetkjellaren med overbygg, så er det eit godt eksempel på et viktig bygg på gardstunet, som vi i dag finn få gjenverande døme av i Østfold, meiner Gerd Iren.  

Sjølve gråsteinskjellaren er bevart fleire stader, men det tømrede overbygget er, tross si dårlege forfatning, særs interessant. 

Overbygget er lafta med seks omfar før bygget kronas med eit lafta røste. Høgda er ikkje meir enn at ein så vidt kan stå oppreist midt i rommet, noko som er normalt på ei slik «kjellerbu». 

Kulturminnefondet ser positivt på at det planleggjast tiltak for å bevare kulturarven, og er glade for å kunne støtte prosjektet med inntil 150 000 kulturminnekroner.

Overbyggjet er lafta med seks omfar før bygget kronas med eit lafta røste.

jordkjeller

Jordkjellerens nedste del vart istandsett i 2022, og den lafta bua over bakken er demontert og merka.

Sjølvhjulpne folk

Gerd Iren er femte generasjon på Modalen. Hennas tippoldefar kjøpte eigendommen ca 1900. I 1918 overtok tre av hans søner staden. Dei var alle ugifte og dreiv staden heilt til sistemann døydde i 1957, opplys ho i søknaden. 

Staden hadde aldri elektrisitet og jordvegen var tungdriven, men det seies at dei klarte seg bra på Modalen. Dei var svært sjølvhjulpen både i det dei hausta i skogen og dyrka på staden, og det seies også at dei var dyktige handverkare, skriv Gerd Iren i søknaden. 

I skjulet er det eit snikkarverkstad med sirkelsag og dreiebenk. Dette vitnar om dei mange syslane dei heldt på med på Modalen.  

Ynskjer ny bruk

Da siste brukar og bebuar av staden døydde i 1957, vart eigedomen overteke av ein nevø av dei tre brørne, som er Gerd sin bestefar. Han planta til jordvegen med gran slik at eigedomen vart ein rein skogeigedom med bygningar. 

Gerd Iren overtok etter sin mor i 2002 og ynskjer å ta vare på bygningane, samt gjenopne kulturlandskapet rundt husa. Grunna svært dårleg forfatning, med store setningsskader og betydelige lekkasjar, har bygningen ikkje let seg nytta dei siste tiåra. Ho ynskjer å utvikle næring på staden der jakt og sanking kombineras med hennas store lidenskap, nemleg plantefarging av garn. 

nedfalls, laft, overbygg, tre, skog, gress

Sjølve gråsteinkjellaren er bevart fleire stader, men det tømrede overbyggjet er, tross si dårlege forfatning, særs interessant.

Dette skal tilskotet på 150 000 gå til: 

Tilskot gis til istandsetjing av overbygget på jordkjellar med opplafting, utskifting av skada stokkar, istandsetjing av nytt tak med teglstein og ny dør tilpassa jordkjellarens utsjåande. 

Kulturminnefondet er en statlig tilskuddsordning for private eiere og frivillige organisasjoner, direkte underlagt Klima- og miljødepartementet. Kulturminnefondet er et lavterskeltilbud til eiere som vil sette sine kulturmiljøer i stand. Søknadene behandles hele året, og det er ingen søknadsfrist.