Ukategorisert

150 000 til Andersgardsløa ved Ona Fyr

På det sydlegaste levande fiskeværet i Noreg, Ona, står det ei løe. Løa frå 1875 står nokre
hundre meter frå det kjende landemerket Ona Fyr, ytst mellom Stadthavet og
Hustadvika. Løa er eit signalbygg i eit kulturlandskap som det er verdt å ta vare på.

–Løa er ein god representant for vestlandske grindverk, og fortel på ein god måte korleis
byggjeskikken var på 1800-talet, heiter det i eit skriv frå Romsdalsmuseet.
Løa har også svalgong, noko som er sjeldant å finne i Romsdal.

Bygget framstår som et fint tidsvitne frå byggeåret 1875, og det finns svært få attverande
tilsvarande bygg, som er bevart.

Det finns svært få gjenverande tilsvarande bygg

Løe frå 1875, Romsdal, fjøs, rødt hus

Løa ved Ona Fyr

 

Hadde eigen vindmølle

Løe, Romsdalen, fjøs

Løa er tenkt som ein uformell samlingsplass for befolkningen på Ona. Foto: privat

På 1930-talet vert det bygd og montert ei vindmølle på taket på løa, som dreiv ei vasspumpe. Anlegget vart konstruert av Konrad Klauset, og var en viktig del av gardsdrifta. Den var i drift fram til andre verdsskrig, før den vart teke av ein kraftig orkan. Mølla sto slik for vatnforsyning til våningshus og fjøs.

Vatnet vart pumpa opp til eit høgareliknande vassmagasin, og gjekk i røyr ned att til våningshus og fjøs. Seinare vart også to nabohus kopla til dette røyrnettet og fikk slik innlagt vatn.

Både overføringsverk og pumpe er fortsatt intakt, men sjølve hjulet er borte. Den er såpass godt og detaljert beskriven, at å gjenkonstruere den skal vere mogleg, opplys egiaren i søknaden. Innretninga står framleis over låvebrua.

Vindmølla i Andersgardløa er eit unikt vitnesbyrd om kreativitet og nytenkning hjå den norske bonden, og i seg sjølv vel verdt å ta vare på.

Skal reparere innvendig

Med tidligare støtte i frå Kulturminnefondet er Andersgardsløa allereie under renovering. Utvendig er arbeidet nesten ferdig, med ny bordkleiing og nytt skifertak. No skal løa reparerast innvendig og det skal blant anna leggjast nytt golv, reparere bordkleiing og steinmur.

Innvendig rekonstruksjon står for tur. Det skal blant anna leggjast nytt golv, reparerast bordkleiing og steinmur. Foto: Privat

 

 

 

 

 

Tiltaka bidreg til verdiskaping og formidling på eit verdifullt kulturminne i eit heilhetlig kulturlandskapsmiljø.

Løe frå 1875, Romsdal, fjøs, rødt hus

Arbeid i 2019: Løa med nytt skifertak og ny bordkleiing. Foto: privat

Vern gjennom aktiv bruk

Løa er tenkt som ein uformell samlingsplass for befolkningen på Ona, der båe øyas befolkning og dei som har fritidshus kan vere. Det er eit ynskje om at løa skal vere ein kulturell møteplass for menneskje i alle aldre, samt aktivitetsrom for born og ungdom. Det er også planlagt ei
eiga museumsavdeling, knytt til Romsdalsmuseet.

Dette skal tilskuddet på 150 000 frå Kulturminnefondet gå til:
Tilskuddet går til å reparere gulvkonstruksjon og legge nytt golv, reparere steinmurer, reparere bordkledning mot nord og vest.


Kulturminnefondet er en statlig tilskuddsordning for private eiere og frivillige organisasjoner, direkte underlagt Klima- og miljødepartementet. Kulturminnefondet er et lavterskeltilbud til eiere som vil sette sine kulturmiljøer i stand. Søknadene behandles hele året, og det er ingen søknadsfrist.